Hotel California

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hotel California
Singel av Eagles
frå albumet Hotel California
B-side

«Pretty Maids All in a Row»

Språk engelsk
Utgjeve Februar 1977
Innspelt 1976
Sjanger reggaerock, hardrock
Lengd 6:30
Selskap Asylum
Komponist Don Felder
Tekstforfattar Glenn Frey, Don Henley, Don Felder
Låtskrivar(ar) Don Felder, Glenn Frey, Don Henley
Produsent Bill Szymczyk
Eagles-kronologi 
«New Kid in Town»
(1976)
Hotel California «Life in the Fast Lane»
(1977)


«Hotel California» er tittelsporet på eit album med same namn av Eagles og kom ut på singel i februar 1977. Songen er ein av dei mest kjende songane innan albumorientert rock. Songen er skriven av Don Felder (musikk), Don Henley og Glenn Frey (tekst). På originalinnspelinga syng Henley solovokal og han endar med ein lang gitarsolo av Felder og Joe Walsh. Songen har fått mange tolkingar av fans og kritikarar, men Eagles har skidlra songen som «tolkinga deira av det gode livet i Los Angeles».[1] I ein dokumentar frå 2013 kalla History of the Eagles sa Henley at songen var om «ei reise frå uskuld til erfaring...det er alt».[2]

Historie og ry[endre | endre wikiteksten]

«Hotel California» toppa Billboard Hot 100-lista i USA i ei veke i mai 1977 og nådde tiandeplassen på Easy Listening-lista. Billboard rangerte songen på 19. plassen for årslista i 1977.[3] Tre månader etter songen kom ut hadde singelen seld til gullplate for ein million selde eksemplar i USA. Eagles vann òg årets singel for 1977 med songen i 1978.[4]

I 2009 hadde songen seld til platina for ein million digitale nedlastingar.[5]

Musikken til songen kom frå ein demo skriven og spelt inn av Don Felder. Han gav songen til Don Henley og Glenn Frey så dei kunne skrive tekst. Songen ligg høgt på mange lister og lesarundersøkingar. Magasinet Rolling Stone rangerte songen på 49. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene.[6] Han ligg òg på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll. Gitarsoloen i songen vart av lesarane til magasinet Guitarist kåra til den beste gitarsoloen gjennom tidene i 1998[7] og vart rangert på åttandeplassen på lista til Guitar Magazine over dei 100 beste gitarsoloane.[8]Han vart òg kåra til den beste 12-strengsgitarsongen av Guitar World.

Songen er ein av dei mest populære og kjende songane til Eagles og har vore spelt fast på konsertane deira sidan han kom ut. Konsertversjonar finst på Eagles Live frå 1980 og i ein akustisk versjon i 1994 på Hell Freezes Over. Hell Freezes Over-versjonen vart framført med åtte gitarar og ein spanskklingande stil, med Don Felder sitt flamenco-inspirerte arrangement i introen.

Glenn Frey skildra opphavet til songen:

« Songen byrja som ein demo, ein instrumental av Don Felder. Han hadde gjeve oss lydband med songidear sidan han kom med i bandet, alltid instrumentar, sidan han ikkje song. Men denne demoen, i motsetnad til mange av dei andre, hadde rom for synging. Han fanga merksemda vår med ein gong. Den første arbeidstittelen me gav han var «Mexican Reggae».[9] »

Tolking[endre | endre wikiteksten]

Last thing I remember I was running for the door
I had to find the passage back to the place I was before
"Relax," said the night man, "We are programmed to receive
You can check out any time you like but you can never leave

Don Henley, Glenn Frey

Teksten er ei surrealistisk soge om ein trøytt reisande som sjekkar inn på eit luksushotell. Hotellet verkar først fristande, men syner seg å vere ein marerittstad der «you can check out anytime you like, but you can never leave» (du kan sjekke ut når som helst, men aldri dra). Songen er ein allegori om hedonisme, sjølvøydelegging og grådigheit i musikkindustrien seint i 1970-åra.[10] Don Henley kalla det «vår tolking av overklasselivet i Los Angeles»[11] og la seinare til: «Det er i hovudsak ein song om det mørke underlivet i den amerikanske draumen og om utsvevande liv i Amerika, som er noko me kjenner godt til.»[12] I 2008 skildra Don Felder opphavet til teksten:

« Don Henley og Glenn skreiv det meste av teksten. Alle av oss køyrde inn i L.A. i natta. Ingen av oss var frå Californa, og om du køyrer inn i L.A. om natta...så ser du denne gløden i horisonten av lysa, og bileta byrja å vandre gjennom hovudet ditt om Hollywood og alle draumane du har, så det var på ein måte om det... det me starta å skrive om. Å kome inn i L.A.... og frå det kom 'Life in the Fast Lane' og 'Wasted Time' og fleire andre songar.[13] »

Omgrepet «colitas» i det første verset tyder «små endar» på spansk og var mexicansk slang for knoppane på cannabisplanter (marihuana).[14][15][16]

I eit intervju i 2009 med The Plain Dealer spurte John Soeder Don Henley dette om teksten:

« På «Hotel California» syng du: «So I called up the captain / 'Please bring me my wine' / He said, 'We haven't had that spirit here since 1969.'» Eg err kanskje ikkje den første som seier dette til deg, men vin er ikkje ein sprit. Vin er gjæra; sprit er destillert. Angrar du på den teksten? »

Henley svarte:

« Takk for rettleiinga, og nei du er ikkje den første som seier dette og du er ikkje den første som mistolkar teksten og overser metaforen. Tru meg, eg har drukke nok alkohol i mi tid til å vite kva dei er laga av og kva dei heiter. Men den linja i songen har lite eller ingenting med alkohol å gjere. Det er ei samfunnspolitisk uttrykksmåte. Det eg angrar på er å måtte forklare det i detalj for deg.[17] »

I følgje Glenn Frey i omslaget til The Very Best Of var bruken av ordet «steely» i teksten «They stab it with their steely knives, but they just can't kill the beast,» eit ordspel på bandet Steely Dan, som hadde nytta teksten «Turn up the Eagles, the neighbors are listening» i songen sin «Everything You Did».[18]

Harmonisk struktur[endre | endre wikiteksten]

Introduksjonen og versa nytta ein akkordprogresjon som er åtte taktar lang. Kvar takt er gjeven ein enkel akkord. Sju forskjellige akkordar er nytta i dei åtta taktane. Når songen opnar er det først i den åttande takten at ein akkord vert repetert. Songen vart opphavleg spelt inn i h-moll.[19]

Akkordane er som følgjer:

Bm-F#-A-E-G-D-Em-F#
eller
i-V-VII-IV-VI-III-iv-V

Den åtte taktar lange sekvensen vert reptert i introen, for kvart vers og i avslutninga, der det dannar den harmoniske rama for den lange gitarsoloen mot slutten av songen.[19] Ei forklaring av progressjonene r at det ein vanleg flamenco-progresjon kalla «spansk progresjon» (i-VII-VI-V i ein frygisk kontekst) med etterfølgjande kvintar i mellom.[19]

Denna akkordsekvensen er ikkje ein mykje brukt akkordprogressjon og Ian Anderson frå Jethro Tull har peikt på likskapen med hans eigen song «We Used to Know» frå albumet Stand Up frå 1969, og lurte på om Eagles hadde høyrt songen då dei turnerte i lag.[20] Sjølv om Eagles hadde opna for Jethro Tull i juni 1972, kom ikkje Don Felder, som skreiv musikken, med i bandet før i 1974. Felder har sagt at han aldri hadde høyrt «We Used to Know».[21]

Refrenget nyttar fem av dei sju akkordane i songane, strukturert med ein melodi som skiftar frå h-moll til D-dur:[19]

G-D-F#-Bm-G-D-Em-F#
eller D-dur:
IV-I-III-vi-IV-I-ii-III

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Mange andre artistar har spelt inn versjonar av «Hotel California»:

Parodiar[endre | endre wikiteksten]

Av parodiar finn ein:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rolling Stone 500 Greatest Songs of All Time
  2. History of the Eagles, 2013
  3. "Pop Singles» Billboard 24. desember 1977: TIA-64
  4. Grammy Award winners, arkivert frå originalen 9. april 2009, henta 16. oktober 2015 
  5. «Gold & Platina - Diamond Salstrofé». RIAA. Henta 5. september 2015. 
  6. «The RS 500 Greatest Songs of All Time». Rolling Stone. 9. desember 2004. Arkivert frå originalen 14. desember 2006. Henta 16. oktober 2015. 
  7. The Top 100 Solos of All Time
  8. The Top 100 Solos of All Time
  9. Crowe, Cameron. «Conversations with Don Henley and Glenn Frey» (The Very Best Of liner notes) (2003)
  10. DeMain, Bill (2006). «Rock's Greatest Urban Legends». Performing Songwriter 13 (92). s. 50–55.  Academic Search Complete. EBSCO. Web. 28. oktober 2011.
  11. «500 Greatest Songs of All Time: The Eagles, 'Hotel California'». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 16. januar 2012. Henta 20. april 2012. 
  12. Reported by Steve Krofts, Produsents: Graham Messick and Michael Karzis (15. juni 2008). «The Long Run». 60 Minutes. CBS. Arkivert frå originalen 15. april 2012. Henta 16. oktober 2015. 
  13. «Don Felder interview segment». The Howard Stern Show. Sirius Satellite Radio. 17. juli 2008. 
  14. De Artega y Pereira, Fernando. Practical Spanish (1902): 243
  15. Ostler, Scott. «Rockin' 'Round the Round» San Francisco Chronicle 5. februar 2003
  16. Avant-Mier, Roberto. Rock the Nation: Latin/o Identities and the Latin Rock Diaspora (2010): 81-82
  17. Soeder, John. «Don Henley gets into the spirit talking about 'Hotel California'» The Plain Dealer 20. mars 2009: T14
  18. Liner Notes - The Very Best of the Eagles
  19. 19,0 19,1 19,2 19,3 Tillekens, Ger. «Locked into the Hotel California: Or, expanding the Spanish progression". Soundscapes.info, 2006, Henta 2012-03-01.
  20. arkivkopi, arkivert frå originalen 29. januar 2014, henta 16. oktober 2015 
  21. Feenstra, Pete (September 2012). «Interview: Don Felder». Get Ready to Rock. hotdigitsnewmedia group. Henta 16. oktober 2015. 
  22. VideoYouTube
  23. VideoYouTube

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]