Stor-Elvdal kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°31′26″N 11°2′54″E

Stor-Elvdal kyrkje
kyrkje
Stor-Elvdal kirke.jpg
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Hamar
Prosti Sør-Østerdal
Sokn Stor-Elvdal
Fellesråd Stor-Elvdal
Stad Stor-Elvdal
Type Åttekantkyrkje
Arkitekt Svend Aspås
Teknikk Tømra
Innvigd 1821
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 600
Wikimedia Commons: Stor-Elvdal kirke

Stor-Elvdal kyrkje også kjent som Stor-Elvdal kirke er ei åttekanta kyrkje frå 1821 i Stor-Elvdal kommune i Hedmark fylke.

Byggverket er i tømmer og har 600 plassar. Det er bygd i perioden 1809-1921 i empirestil.

Svend Aspås var arkitekt for bygget og leia sjølv byggearbeidet før han døydde. Kyrkja i Stor-Elvdal er i si hovudform ei sterkt forenkla utgåve av Røros kyrkje, eller helst Tynset kyrkje som førebilete, men med sentraltårn som Sør-Fron kyrkje.

Inngangsparti

Det er bygd i perioden 1809-1921 i empirestil og har barokkorgel. Stor-Elvdal kyrkje var truleg utgangspunkt for utforming av Tolga kyrkje teikna av Rasmus Svendsen Aspås. Far Svend Aspås leverte teikningar til Stor-Elvdal kyrkje i februar 1807 og fekk for det 9 riksdalar i honorar. Aspås var frå før kjend for arbeidet på Røros kyrkje og Vang kyrkje - begge desse store bygga var i mur. Aspås kom til Stor-Elvdal i juli 1807 og byrja byggearbeidet. Arbeidet stansa opp i 1812 på grunn av den vanskelege situasjonen i landet, og tok til att i 1819. På det meste var 18 mann i arbeid. I løpet av 1809 var tømringa med tak og tårn ferdig. I 1819 vart det sett inn glasvindauge, og det vart sett opp spir og detaljar i smijern. Innreidingsarbeidet vart i hovudsak utført i løpet av 1820. Klokkene kom opp i 1821 og kyrkja vart innvigd 21. september 1821 med prost Andreas Wulfsberg i spissen. Dørene gikk opphavleg innover slik det var vanleg, men etter brannen i Grue kyrkje i 1822 vart dørene snudd slik at dei slo utover. I 1829 vart kyrkja måla innvendig som siste trinn i byggearbeidet. Kostnadane ved bygget vart delt på gardbrukarane som betalte i tømmer eller kontante pengar. I tillegg til frie materialar og pliktarbeid, kosta bygget 2674 specidaler i direkte utlegg.[1] Kyrkja er utforma som ein litt langstrakt åttekant med tilbygg for sakristi og våpenhus på kortveggene.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fosvold, Anders (1936). Bygdebok for Stor-Elvdal. Bidrag til bygdens historie. Hamar: Arbeidsnevnd. 
  2. Pedersen, Svein Henrik: Kirkebygging i Søndre Trondhjems amts landdistrikter 1780-1851. En undersøkelse av lokal- og sentraladministrative forholds betydning for behandlingen av og holdningene i kirkebyggesaker. Hovedoppgave, 1992.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]