Stor-Elvdal kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stor-Elvdal kommune
kommune
kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hedmark
Adm.senter Koppang
Areal 2 166 km²
 - land 2 144 km²
 - vatn 22 km²
Folketal 2 600 (1. januar 2016)
Folketettleik 1 / km²
Målform bokmål
Ordførar Even Moen (Sp)
Kommunenummer 0430
NO 0430 Stor-Elvdal.svg
Wikimedia Commons: Stor-Elvdal
Nettstad: www.stor-elvdal.kommune.no
Stor-Elvdal
Den gamle stasjonsbygningen på Koppang stasjon
Kjemsjøen
Gamalt bilete frå Sollia

Stor-Elvdal er ein kommune i Hedmark fylke.

Han grensar i nord mot Folldal og Alvdal, i aust mot Rendalen, i sør mot Åmot og Ringsaker, i vest mot Øyer og Ringebu, og i nordvest mot Sør-Fron.

Ordførar Sigmund Vestad representerer lokalpartiet Bygdelista i Stor-Elvdal.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Total lengde frå kommunen si sørgrense ved elva Hovda og nordgrensa mot Folldal ved Straumbu er ca 130 kilometer. Riksveg 3 følgjer Glomma frå Hovda i sør og opp mot Hanestad i Rendalen i nord, nærare 90 km. Frå riksveg 3 ved Atna tar riksveg 219 av opp igjennom Atndalen. Ved Enden i Sollia kjem ein inn på riksveg 27 som følgjer deg mot vest til Ringebu og mot nord til Folldalen.

Andre viktige vegar er riksveg 30 frå Koppang til Rendalen, riksveg 27 frå Enden i Sollia til Ringebu i Gudbrandsdalen (heilårsveg), Birkebeinervegen frå Messelt til Lillehammer (bomveg), Vinjevegen (bomveg) frå Trønnes til Friisvegen mot Ringebu og Friisvegen frå Hirmoen i Atndalen òg til Ringebu i Gudbrandsdalen.

To elvar deler kommunen i to, aust og vest for elvene Atna og Glomma. Glomma er klart den største og renn i hovuddalsføret. I øvre del av kommunen er elva Atna den dominerande. Tilførselselver til Glomma er Hovda (frå vest), Søkkunda (frå vest), Neta (frå aust), Imsa med sideelvene nordre og søndre Eldåa (frå vest), Trya (frå vest), Kjemåa (frå aust), Tresa (frå aust) og søndre og nordre Bjøråa (frå vest). Tilførselselver til Atna er Storgryta, Veslegryta og Setninga.

Største delen av arealet i Stor-Elvdal består av fjell og skog. Kommunen består av 1000 km2 med skog og 1000 km2 med fjell. Det største fjellområdet er på vestsida av Glomma og strekker seg frå elva Hovda i sør og heilt opp til grensa mot Folldal i nord.

Fjell[endre | endre wikiteksten]

Østkjølen av kommunen startar nord for Rena Leir, området mellom elvane Rena og Glomma. Her ligg Furusethseter og Evenstadsetra og Skånskjøen før ein kjem ned til eit lite dalføre ved Kjemsjøen, rett ovanfor Koppang. Frå Kjemsjøen går det bomveg til Evenstad. På denne strekninga er Søndre Hovden høgaste topp med sine 869 moh. Nord for Kjemsjøen ligg Mora og Koppangskjølen, som var seterområde for gardane i Koppangsområdet. Heile området er naturleg skogkledt. Høgaste topp er Grønkampen med 927 moh. Andre markante toppar er Månseterkletten med sine 884 moh.

Vestkjølen ligg høgare enn Østkjølen og dannar skiljet mellom Østerdalen og Gudbrandsdalen. I Stor-Elvdal startar dette området ved treriksrøysa mellom kommunane Åmot, Ringsaker og Stor-Elvdal. Herifrå stig terrenget jamnt, du passerer Søkkundsjøene, Myklebysjøen, kryssar Birkebeinervegen til Lillehammer, Nordre Gråvola på 1141 moh, kryssar Imsdalen, dei tre Fampene med 1320 moh. på det høgaste, kryssar Trya vassdraget, Hirkjølen og inn i gamle Sollia kommune, der Storvola ragar 1435 moh - for til slutt å ende opp ved det høgaste fjellet i kommunen.

Høgaste fjell er Gravskarhøgda med sine 1767 moh. og ligg rett nord for Atnbrua.

Innsjøar[endre | endre wikiteksten]

Største sjø er Atnsjøen, sjølv om den ligg i tre kommunar, den klart største delen i Stor-Elvdal. Andre store sjøar er Setningssjøen, Myklebysjøen og Søkkundsjøene.

Stader[endre | endre wikiteksten]

Tettbebygde stader i Stor-Elvdal er frå sør: Steinvik, Strand, Opphus, Rasta, Evenstad, Mykleby, Imsroa, Stai, Trønnes, Koppang, Øverengsmoen, Bjørånes, Atna, Mogrenda, Sollia, Enden og Atnbrua.

Koppang er kommunens administrasjonssenter og einaste tettstad.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Stor-Elvdal har innlandsklima med relativt lite nedbør, kalde vintrar, varme somrar og betydelege skilnader mellom dag- og nattetemperaturen i sommarhalvåret. Normalverdier for perioden 1961−1990 er gitt i tabellen nedanfor.

Normaler for Koppang (303 moh.)[1] Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Temperaturnormal (°C) −11,2 −9,5 −4,0 1,3 7,9 12,9 14,0 12,4 7,5 2,6 −4,5 −9,4 1,6
Nedbør (mm) 31 22 25 30 48 66 84 75 68 63 43 35 590

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Som kommunen sitt namn seier er landskapet prega av den store elva som renn gjennom dalen, Glomma. Bjørnstjerne Bjørnsson karakteriserte Stor-Elvdal som Noregs «Rhin dal». Det mest kjente landskapet er «Koppangsøyene», eit øylandskap som strekker seg frå Sundflobrua i nord (bru mellom Koppang og Trønnes) og Stai i sør. Som det står i Stor-Elvdalssongen: «Der Glomma bryter bred og mektig frem». Eit anna mektig landskapsbilde er Atnsjøen mot Rondane, eit bilde som er udødeleggjort av målaren Harald Sohlberg.

Tusenårsstad[endre | endre wikiteksten]

Kommunen sin tusenårsstad er Koppang sentrum. I triangelen mellom hotellet, kjøpesenteret Coop og kjøpesenteret Øyen-senteret står tusenårsstaden markert med ein skulptur laga av kunstnaren Øivin Storbækken. Den forestiller tre reinsdyr som kjem ut og ned frå ei fjellside. Steinen er Tolgagranitt og reinsdyra i kopar.

Kulturpersonlegdommar[endre | endre wikiteksten]

Personlegdommar som har gjesta bygda[endre | endre wikiteksten]

  • Bjørnstjerne Bjørnson: Besøkte Stor-Elvdal mange gongar. God ven med mange av bøndene i bygda. Det resulterte i at han gav ein stor del av boksamlinga si til kommunen, som seinare har blitt kalla «Bjørnson-biblioteket». Bjørnson budde mykje på garden Søstu Vestgård.
  • Aasmund Olavsson Vinje: Vandra gjennom Stor-Elvdal i 1860 for å oververe kroninga av kong Karl IV av Noreg (Karl XV av Sverige) i Nidarosdomen. Hans besøk i bygda er udødeleggjort gjennom skildringane i Færdaminne som han publiserte i etterkant av turen. Mest kjent er skildringane frå den søndagen då han vandra opp liene frå Nystu Trønnes, der Vinjestøtta står i dag - der han for første gong fekk synet av Rondane - og truleg skreiv teksten til «Ved Rundarne», forbi Kaldkjølla og til Hellakssetra - der han møtte Huldra.
  • Jens Andreas Friis: Professor, forfattar og naturmenneske. Skaut den berømte reinsdyrbukken på Ringebufjellet i august 1860 som blei servert kong Karl og hans følgje på Elstad i Ringebu under middagen på nedturen etter kroninga i Nidarosdomen.
  • Knut Hamsun: Budde i Stor-Elvdalen og Atnbrua i 1914. Her skreiv han boka En vandrer spiller med sordin.
  • Harald Sohlberg: Målte «Vinternatt ved Rondane», kor Rondane i bakgrunnen og Atnsjøen i forgrunnen er innehaldet i bildet. Har måla fleire bilder med utgangspunkt i Atnbrua og Atnsjøen.

Skolar[endre | endre wikiteksten]

Stor-Elvdal har fire grunnskolar:

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]