Amerikastorlom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Amerikastorlom

Status i verda: LC Livskraftig

AmerikastorlomFoto: Tim Bowman, USFWS
Amerikastorlom
Foto: Tim Bowman, USFWS

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Gaviiformes
Familie: Gaviidae
Slekt: Gavia
Art: G. pacifica
Namn på andre språk
Vitskapleg namn
Gavia pacifica

Amerikastorlom (Gavia pacifica) er ein mellomstor art i lomfamilien. Han finst i arktiske område av Nordaust-Asia og i sub-arktiske delar av Nord-Amerika. Det er gjort spreidde observasjonar i Europa.

Amerikastorlom var tidlegare klassifisert som ein underart av storlom. Artane er mykje like i fjørdrakt og storleik. Utbreiingsområdet til dei to artane er overlappande i det vestelege, asiatiske området for amerikastorlom, der dei kan leve side om side utan hybridisering, eit teikn på at dette faktisk er to ulike artar. Samanlikna med storlom har amerikastorlommen eit kortare og tynnare nebb og eit rundare hovud på ein kort, relativt tjukk hals.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kroppslengda for amerikastorlom varierer i området 58 til 74 centimeter, og dei veg mellom 1,0 og 2,5 kilogram.[1] Amerikastorlommar er overvegande litt mindre enn ein storlom.[2] I hekkedrakta er hovudet og nakken lys grå. Sidene av halsen har langsgåande kvite striper, den svarte flekken på framsida av halsen har fiolett glans. Brystet og undersida er kvite, oversida er svart med kvite flekker. Nebbet er svart. I vinterdrakt er heile oversida frå nebb til stjert mørk grå, hake, framsida av halsen, bryst og underside er kvitt. Nebbet er bleikgrått i vinterdrakta.

Hekkebiotopen til denne arten er strandsona i djupe innsjøar på tundraen. I Amerika hekkar han frå Alaska i vest til Baffinøya i aust og sørover til British Columbia, Manitoba og Ontario. I Nordaust-Asia, strekkjer hekkeområdet seg over ei stripe på fastlandstundraen i lågland omtrent frå Janaelva austover over deltaet via Indigirka og Kolyma til Beringsundet. Dei 1-3, oftast 2 olivenbrunflekte egga blir lagt i eit reir bygd som ein haug av vassplanter nær vatnet. Rugeperioden er på 28 til 30 dagar og ungfuglane er kjønnsmode etter 2 til 3 år. I hekketida gjev amerikastorlommar mykje læte, det inkluderer måseliknande skrik og gjentatte klagande eller jamrande rop.

I motsetnad til andre lommar, gjer amerikastorlom trekket i store flokkar. Han overvintrar på stillehavskysten, både på asiatisk og amerikansk side.

I hekketida er føda små fisk, medrekna frossen nipigga stingsild som tinar, virvellause dyr inkludert insektlarvar, sniglar, krepsdyr, skjoldkreps og anna. Når fuglane beitar i sjøen utanom hekketida er føda eit stort utval av fiskeartar og blekksprut.[2]

Den totale populasjonen er estimert til 930 000-1 600 000 individ, og er trudd å vere aukande.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Artikkel / faktaark frå The Cornell Lab of Ornithology, Cornell, henta 19. april 2016
  2. 2,0 2,1 del Hoyo, J., Collar, N. & Garcia, E.F.J. (2016). Pacific Loon (Gavia pacifica) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 20. april 2016
  3. BirdLife International (2016) Species factsheet: Gavia pacifica. Henta frå http://www.birdlife.org den 20. april 2016

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Amerikastorlom
Namn på andre språk
Svensk Stillahavslom
Engelsk Pacific Loon, Pacific Diver
Tysk Pazifiktaucher
Fransk Plongeon du Pacifique, Huard du Pacifique
Spansk Colimbo del Pacífico
Russisk Belosjejnaja gagara (Белошейная гагара)
Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Amerikastorlom