Svetlana Feofanova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Svetlana Feofanova
Svetlana Feofanova Daegu 2011.jpg
Verkeleg namn Светлана Евгеньевна Феофанова
Fødd 16. juli 1980
Moskva
Yrke stavhopper, friidrettsutøvar, turnar
Svetlana Feofanova på Commons
Feofanova i midten, saman med dei to andre medaljevinnarane i stavhopp under EM 2010 i Barcelona

Svetlana Jevgenjevna Feofanova (fødd 16. juli 1980) er ein russisk friidrettsutøvar frå Moskva som tevlar i stavhopp. Ho vart verdsmeister i øvinga i 2003, og vann EM-gull i 2002 og 2010.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Feofanova vart europameister i München i 2002. Med 4,60 m vann ho føre landskvinna Jelena Isinbajeva som stoppa på 4,55 m. Året etter vann Feofanova gullmedaljen under VM i friidrett 2003 i Paris. Ho svinga seg over 4,75 m, medan Annika Becker frå Tyskland og Jelena Isinbajeva tok dei andre medaljane med høvesvis 4,70 m og 4,65 m.

Den 4. juli 2004 sette Feofanova ny verdsrekord i stavhopp med 4,88 meter i Iraklio i Hellas. Under dei olympiske leikane i Aten i slutten av august stoppa Feofanova etter å ha greidd 4,75 m og teke sølvmedaljen. Olympisk meister vart Jelena Isinbajeva som seg over 4,91 m, ny verdsrekord.

Etter å ha vorte nummer fire i stavhopptevlinga ved EM i friidrett 2006 i Göteborg, fekk ho ein ny medalje under verdsmeisterskapen i Osaka i 2007. Isinbajeva vann VM-gullet med 4,80 m, medan Feofanova vart bronsemedaljør med 4,75 m, same høgda som sølvvinar Kateřina Baďurová frå Tsjekkia. Året etter tok Feofanova ein ny bronsemedalje då ho atter fekk 4,75 m i sluttprotokollen under OL i Beijing, Isinbajeva var heilt suveren med sine 5,05 m.

Også i EM i friidrett 2010 i Barcelona tok Feofanova seg over 4,75 m, men då som den einaste i tevlinga. Dermed tok ho sitt andre EM-gull, åtte år etter det fyrste. Under friidretts-VM 2011 i Daegu stoppa Feofanova atter ein gong på 4,75 m, noko som gav henne bronsemedaljen, Fabiana Murer frå Brasil vann med 4,85 meter. I sitt siste store meisterskap, sommar-OL 2012, rauk Feofanova ut etter å ha rive i alle sine tre forsøk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]