Tönning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tönning
by
Toenning Marktplatz IMGP1978 wp.jpg
Våpenskjold
Land Flag of Germany.svg Tyskland
Stat Schleswig-Holstein
Fylke Kreis Nordfriesland

Tönning
54°19′2″ N 8°56′34″ E
Wikimedia Commons: Tönning

Tönning (dansk Tønning, plattysk Tünn, Tönn eller Tönnen, frisisk Taning) er ein hamneby nord i Tyskland ved munningen av Ejderen i Sørslesvig. Byen har bydelane Kating, Olversum og Stor Olversum.

Byen blei først omtalt i eit skriv tilknytt kyrkja frå erkebiskop Absalon i Lund i 1186. Tønning Herad (Tunnighen haeret) blei nemnd første gong i 1187. I 1590 fekk byen kjøpstadsrettar. Kjøpstaden er med cirka 5000 innbyggjarar i dag hovudbyen på halvøya Ejdersted.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tønning voks ut frå verfthaugen som Sankt Laurentius-kyrkja i dag står på. Arkeologiske funn tyder på ei busetjing her allereie på 200-300-talet. I 1186 kravde biskop Valdemar inn kyrkjetiend.

På grunn av den gunstige plasseringa ved Ejderen utvikla Tønning seg til eit senter for handel og skipsfart.

Under hertugen av Gottorp[endre | endre wikiteksten]

Kart over festningsbyen Tønning frå 1651

Då hertugdøma blei delte i 1544 gjekk Tønning til dei holstein-gottorpske hertugane, og hertug Adolf av Gottorp oppførte Tønning Slott i åra 1580—1583 og gav byen kjøpstadsrettar i 1590.[1] Slottet var plassert i den sørlege delen av byen. Det bestod av ein nærast kvadratisk bygning med eit firesida tårn på kvart hjørne, omgjeve av vollar og ei vollgrav. I dag er berre vollgrava i slottsparken og slotsalleen att.

Byen blei utvida, og det blei bygd mange nye hus her. Fleire gavinnskrifter minnar framleis om dette. Hamna i byen blei grunnlagd i 1613, og fekk stor tyding.[2] Samtidig blei kanalane frå Katingsil til Garding og frå Tønning til Tetenbøl bygde. På den tida gjekk skipsfarten særleg til Nederlanda.

Byen har opplevd fleire flaumar, med ein særs stor ein i 1634.[1] Han har òg vore ramma av krigar, som av Keisarkrigen 1627-29, då han i over eit år var besett av keisarlege styrkar under Wallenstein.[1] Frå 1644 lét hertugane byen konsolidera, og han var frå no av hovudfestninga deira.

På andre halvdel av 1600-talet hadde Tønning ein mindre flåte av hovudsakleg mindre skip. I 1650 er det nemnd 5 skip på i alt 131 lestar, i 1651 6 skip på 166 lestar, i 1663 14 skip på 191 lestar, i 1664 7 skip på 135 lestar, i 1665 6 skip på 81 lestar, i 1666 9 skip på 142 lestar, i 1668 3 skip på 66 lestar, i 1677 ingen (alle skipa var tekne av franske kaperar), i 1682 7 skip på 65 lestar, i 1689 1 skip på 16 lestar og i 1698 2 skip på 56 lestar. Ingen skip i perioden oversteig 49 lestar.[3] Tala viser til skip som sigla til Kragerø i Noreg.[4]

Festningsverka blei sløyfa i 1675, då den danske kongen var komen i besiddelse av festninga ved byrjinga av den skånske krigen, men hertugen gjenoppførte dei i 1692, og byen motstod ei 2 månader lang kringsetjing frå dansk side i 1700.[1]

28. november 1706 fekk skipsbyggmeisteren Harder Henrich Reimann løyve til å anlEgge ein bedding for skipsreparasjonar med einerett for ein tiårsperiode. Då konsesjonen gjekk ut, blei han ikkje fornya, og beddingen blei øydelagd under dei etterfølgjande krigshandlingane.[2]

I 1713 blei Tønning besett av den svenske hæren under general Magnus Stenbock og deretter kringsett av danskane til han overgav seg i 1714. Deretter blei fstningsverka sløyfa att, og Tønning var frå den tida ein ubefesta by.[2] Slottet blei rive i 1735.

Under den danske kongen[endre | endre wikiteksten]

Tønning under den store nordiske krigen.
Tønning i Den danske Atlas.

På byrjinga av 1800-talet, særleg i 1803-07, spelte Tønning ei hovudrolle i handelen, då handelen mellom England og Mellom-Europa for ein stor del føregjekk via byen. Då den danske flåten var blitt teken av engelskmennene i 1807, bygde og utrusta Tønning for eiga rekning eit krigsskip og stilte det til til råde for kongen, men skipet forliste på veg til København.

Utanriksfarten gjekk særleg til og frå England, men byen hadde også via den sørslesvigske jernbanen med Flensborg frå 1854[5], og via denne vareleveringer frå Altona og Hamborg. Dei viktigaste innførte varene frå England var steinkol og jern. Av andre fortolla varer kan ein nemna bomullsmanufakturvarer, brennevin, vin, sukker (både raffinert og uraffineret), sirup, te, kaffi og tobakk. Tønning spelte ei hovudrolle i skipsfarten med England. Utførte varer var bønner, havre, bygg, kveite, mjøl, ull og levande kveg og får.[6]

I 1769 hadde byen 1.487 innbyggjarar, i 1803 1.923 innbyggjarar, i 1835 2.433, i 1840 2.412, i 1845 2.701, i 1855 3.077 og i 1860 3.069 innbyggjarar.[7][8][8][8][7][7][7]

Under Treårskrigen blei byen i 1850 besett av danske troppar. Det var ei trefning ved byen med opprørarane den 29. september 1850.

Under Preussen[endre | endre wikiteksten]

Etter den dansk-tyske krigen i 1864 kom byen under Tyskland, noko som ikkje var populært her. Med opninga av Kielkanalen i 1895 mista Ejderkanalen og Tønning by ein del av tydinga si. Til då hadde sørkeg okseeksporten spelt ei stor rolle for hamna i Tønning.

I dag ligg Tønning langt unna dei store sentera. Det viktigaste næringslivet er den sesongbetinga ferie- og turistnæringa.

Viktige bygningar[endre | endre wikiteksten]

Torget i sentrum av byen er dominert av Sankt Laurentius-kyrkja. Kyrkja stammar frå 1100-talet. Ho har eit tårn i barokk stil oppført i åra 1703-1706. Preikestolen frå 1703 var ei gåve frå familien til Jürgen Oven. Renessansebrønnen framfor kyrkja er frå 1613. Ved hamna ligg Pakkhuset frå 1783 og Skipperhuset frå 1624/25. Pakkhuset fungerer no som kulturhus. Skipperhuset husar det danske forsamlingshuset i byen og ein dansk leirskole. Ved hamna ligg det òg sett ei stormflodsøyle som viser vasstanden ved nokre av stormflodene ved den jyske kysten. Vadehavscentret Multimar gjev ein introduksjon til miljøet i Vadehavet med fleire akvarium.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Klem, s. 233
  2. 2,0 2,1 2,2 Klem, s. 234
  3. Barfod, s. 160
  4. Barfod, s. 55
  5. Trap (1864), s. 273
  6. Trap (1864), s. 274f
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 Trap (1864), s. 273
  8. 8,0 8,1 8,2 Bergsøe, s. 408

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]