Tuqu'

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tuqu'
تقوع, Taqua, Teqoa
kommune
Området nær Tekoa. Den israelske busetjinga Tekoa ligg framom, medan Tuqu' ligg like bak og til venstre. Til høgre er landsbyen Khirbet al-Deir, som er ein del av Tuqu' kommune.
Namneopphav: Tekua-ruinen[1] eller Teltstaden
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Betlehem guvernement
Koordinatar 31°38′11″N 35°12′52″E / 31.63639°N 35.21444°E / 31.63639; 35.21444
Areal 0,6 km²
Folketal 8 881  (2007)
Folketettleik 14 802 / km²
Bystatus 1997
Kart
Tuqu'
31°38′11″N 35°12′52″E / 31.636388888889°N 35.214444444444°E / 31.636388888889; 35.214444444444
Wikimedia Commons: Tuqu'

Tuquʿ (arabisk تقوع}}, òg skrive Teqoa) er ein palestinsk by i Betlehem guvernement, 12 km søraust for BetlehemVestbreidda. I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå (PCBS), hadde Tuqu' hadde eit folketal på 8 881 i 2007.[2] Byen er ein del av landsbygruppa 'Arab al-Ta'amira i lag med Za'atara, Beit Ta'mir, Hindaza, Khirbet al-Deir og al-Asakra.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Oldtida[endre | endre wikiteksten]

I følgje bibelske kjelder skal efratittane frå Betlehem og kalebittane frå Hebron ha grunnlagd Tekoa. Han var eit administrativt senter med festningsverk bygde av Rehoboam, konge av Juda for å verne staden mot ein invasjon frå sør.

Tekoa var fødestaden til Ira, son av Ikkesj, ein av krigarane til kong David, og til den hebraiske profeten Amos.[3] Det var her Joab fann ei vis kvinne som lokka David til å føre Absalom attende til Jerusalem. Somme av innbyggjarane i Tekoa tok del i oppbygginga av murane kring Jerusalem etter dei kom attende frå det babylonske fangenskapet.[4]

Islamsk tid[endre | endre wikiteksten]

Under krossfarane høyrte Tekoa til Den heilage grav-kyrkja. Mellomalderhistorikaren Vilhelm av Tyr skreiv at dei kristne i landsbyen hjelpte krossfararane under omleiringa av Jerusalem i 1099, ved å syne dei lokale vasskjelder og matressursar. Mange av landsbybuarane vart òg med i krossfararhæren.[3] Zengid og dei muslimske styrkane hans erobra Tekoa i 1138. Tempelriddarane under Robert burgundaren klarte å ta byen attende, men tapte han igjen då Zengid-styrkane gjekk til motåtak, og området mellom byen og Hebron «var strødd med døde riddarar» i følgje Vilhelm av Tyr. Han skulda på riddarane fordi dei ikkje følgde etter dei flyktande muslimske styrkane, slik at dei kunne omgruppere seg og gå til nytt åtak.[5] Den syriske geografen Yaqut al-Hamawi skildra staden som «ein landsby kjend for honningen sin» under eit besøk her i 1225.[6][7]

I 1596 var landsbyen kalla Tuqu', og stod oppført i osmanske skattelister som ein del av i Quds nahiya i Quds liwa. Han hadde eit folketal på 62 muslimske hushaldningar og fem kristne hushaldningar. Han betalte skattar av kveite, bygg, oliven, vindruer eller frukttre, og geiter eller bikubar.[8]

Bysantinsk døypefont, skildra av Guerin i 1863, fotografert i 1940.

Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja staden i 1863, og skildar ruinane av ei kyrkje som var nesten heilt øydelagd, og ein åttekanta døypefont, hogde ut av ei steinblokk av raudfarga kalkstein.[9]

Palestine Exploration Fund skildra i Survey of Western Palestine i 1883 at Khirbet Tuqu' «verka å ha vore stor og viktig i kristen tid. Han er framleis busett av nokre få personar som bur i grotter. Her finst òg ein fin åttekanta døypefont.»[10]

Moderne tid[endre | endre wikiteksten]

I følgje Applied Research Institute-Jerusalem (ARIJ), vart den moderne byen Tuqu' busett på ny i 1948 av arabarar frå den lokale 'Arab al-Ta'amira-stamma.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Palmer, 1882, s. 402
  2. 2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.117
  3. 3,0 3,1 Thekoa - (Tuqu'a) Studium Biblicum Franciscanum - Jerusalem.
  4. Neh. iii. 5, 37.
  5. Howarth, Stephen. (1991). The Tempelriddarane Barnes & Noble Publishing, s.97.
  6. Pringle, 1998, s. 347 - 348
  7. le Strange, 1890, s. 542
  8. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 114
  9. Guérin, 1869, s. 141
  10. Conder og Kitchener, 1883, s. 368
  11. Tuqu' Town Profile. Applied Research Institute-Jerusalem. 2008. Henta 1. oktober 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]