Terje Langli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Terje Langli
Fødd 3. februar 1965
Steinkjer
Yrke langrennsløpar

Terje Bjarte Langli, (fødd 3. februar 1965), er ein norsk tidlegare langrennar. Han vart verdsmeister i 10 kilometer i klassisk stil under VM 1991 i Val di Fiemme. Året etter vann han bronsemedaljen på 30 kilometer under OL 1992 i Albertville. Under dei same olympiske leikane vart han olympiameister i 4x10 km stafett, året etter vart han verdsmeister i same øvinga. Han vart noregsmeister ein gong, i 1987 på 15 km på heimearenaen. Langli er frå Henning i Steinkjer og tevla for Henning IL.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1985: Nr 1 på 15 km i Lahti (ikkje verdscup).
  • 1986: Nr 11 på 30 km i La Bresse.
  • 1987: Nr 6 på 30 km og bronsemedalje i 4x10 km stafett i VM i Oberstdorf.
  • 1988: Nr 12 på 30 km under OL i Calgary.
  • 1989: Nr 5 på 30 km i Nove Mesto.
  • 1990: Vinnar av 30 km i Örnsköldsvik.
  • 1991: Verdsmeister på 10 km i Val di Fiemme.
  • 1992: VM-bronse på 30 km i Albertville. Nr 3 på 10 km i Silver Star.
  • 1993: Nr 5 på 25 km jaktstart, nr 7 på 10 km og nr 6 på 30 km, alle renna under VM i Falun.
  • 1993/4: Nr 26 på 30 km i Santa Caterina.
  • 1994/5: Nr 15 på 15 km i Tauplitzalm.
  • 1996: Nr 26 på 50 km i Holmenkollen.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1982: Nr 7 på 15 km på Raufoss.
  • 1983: Nr 6 på 15 km på Lillehammer.
  • 1984: Nr 12 på 15 km i Hof.
  • 1985: Nr 12 på 15 km i Tromsø.
  • 1986: Nr 4 på 30 km i Vang.
  • 1987: Gullmedalje på 15 km i Steinkjer.
  • 1988: Sølvmedalje på 50 km i Vang.
  • 1989: Nr 7 på 15 km på Geilo.
  • 1990: Nr 7 på 15 km på Gjøvik.
  • 1991: Nr 6 på 30 km i Misvær.
  • 1992: Bronsemedalje på 30 km i Tronsheim
  • 1993: Nr 6 på 30 km på Lillehammer.
  • 1994: Bronsemedalje på 15 km i Vegårshei.
  • 1995: Nr 6 på jaktstarten i Oslo.
  • 1996: Nr 11 på jaktstarten i Stryn.

Idrettsrelatert arbeid[endre | endre wikiteksten]

Langli var fagsjef for langrenn i Norges Skiforbund 2000/01. Perioden 2004-06 var han sjef for smørjeteamet til det norske langrennslandslaget. Han er i dag seljar av skiutstyr hos firmaet Elbe Normark AS.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar