Terry Sylvester

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Terry Sylvester
Verkeleg namn Terence Sylvester
Fødd 8. januar 1947 (71 år)
Allerton i Liverpool i England
Instrument

Gitar, vokal

Sjanger pop, softrock
Aktive år Sidan 1960-åra
Yrke gitarist, låtskrivar
Tilknytte artistar The Escorts, The Swinging Blue Jeans, The Hollies

Terry Sylvester (fødd 8. januar 1947)[1] er ein engelsk gitarist og songar i som spelte i The Escorts, The Swinging Blue Jeans (1966–69) og The Hollies. I The Hollies erstatta han Graham Nash då han slutta i bandet i desember 1968.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Sylvester voks opp i Allerton i Liverpool. Gruppa han var med å starte, The Escorts, spelte med The Beatles tidleg i 1960-åra.[2] The Escorts gav ut ein versjon av «Dizzy Miss Lizzy» på Fontana Records i 1964.[3]

I 1966 byrja han i The Swinging Blue Jeans, der han erstatta gitaristen og vokalisten Ralph Ellis.[2] Debuten hans med The Hollies kom i januar 1969 då han song på den britiske hitsingelen «Sorry Suzanne» og «He Ain't Heavy, He's My Brother», i tillegg til albuma Hollies Sing Dylan og Hollies Sing Hollies (begge i 1969), der Sylvester òg medverka med låtskriving.[2] Den første songen han skreiv for gruppa var «Gloria Swansong».

Sylvester, Allan Clarke og Tony Hicks kreiv ein periode dei fleste songane til The Hollies. I 1974 gav Sylvester ut eit soloalbum kalla opp etter han sjølv. Sylvster slutta i The Hollies i mai 1981 etter ein krangel om den musikalske retninga til bandet. Dette førte òg til at bassisten Bernie Calvert slutta.[2] Sidan den gong har han gjeve ut fleire soloalbum.

I 2010 vart Sylvester som medlem av The Holliess innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i lag med Graham Nash, Allan Clarke, Tony Hicks, Bobby Elliott, Bernie Calvert og Eric Haydock.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Official Terry Sylvester Website». Terrysylvester.com. Henta 14. juli 2013. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Eder, Bruce (8. januar 1947). «Terry Sylvester – Music Biography, Credits and Discography». AllMusic. Henta 15. juli 2013. 
  3. «Escorts, The (3) – Dizzy Miss Lizzy/All I Want Is You (Vinyl) at». Discogs.com. Henta 15. juli 2013. 
  4. «The Hollies». Rock and Roll Hall of Fame. 2010. Henta 13. mars 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]