Hollies (1965)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hollies
Studioalbum av The Hollies
Utgjeve 1. september 1965
Innspelt 10. november 1964 – 13. juli 1965 i Abbey Road Studios, London
Sjanger
Lengd 28:36
Selskap EMI Parlophone PMC 1261 (Mono)
Produsent Ron Richards
The Hollies-kronologi
In The Hollies Style
(1964)
Hollies Would You Believe?
(1966)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]

Hollies er det tredje studioalbumet til The Hollies for Parlophone. Dette vert òg kalla Hollies '65 for å skilje det frå eit album med same tittel frå 1974. Albumet nådde åttandeplassen på albumlista i Storbritannia. Opphavleg vart albumet berre gjeve ut i mono, men kom ut i stereo med tittelen Reflection i 1969.I 1997 gav EMI ut både mono- og stereomiksen av albumet på same CD.

Av tolv songar på albumet vart berre «So Lonely» gjeven ut på singel i Storbritannia, og då var han berre B-sida til hitten «Look Through Any Window» i 1965, ein song spelt inn samtundes med resten av albumet. På originalalbumet var fem av tolv songar skrivne av bandet sjølv, på den tida tilskriven pseudonymet «L. Ransford», men i røynda skrivne av Allan Clarke, Tony Hicks og Graham Nash. Restne er coverlåtar. I Skandinavia vart «Very Last Day» og «Too Many People» gjevne ut på singel, og den førstnemnte vart ein stor hit i Sverige.

Songen «Put Yourself in My Place» (skriven av Clarke, Hicks og Nash) vart òg spelt inn av Episode Six som debutsingelen deira i 1966.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar)Solovokal Lengd
1. «Very Last Day»  Noel Stookey, Peter YarrowClarke 2:58
2. «You Must Believe Me»  Curtis MayfieldClarke 2:08
3. «Put Yourself in My Place»  L. RansfordClarke and Nash 2:40
4. «Down the Line»  Roy OrbisonClarke 2:03
5. «That's My Desire»  Carroll Loveday, Helmy KresaClarke 2:27
6. «Too Many People»  L. RansfordClarke 2:38
Side to
# TittelLåtskrivar(ar)Lead vokal Lengd
7. «Lawdy Miss Clawdy»  Lloyd PriceClarke 1:50
8. «When I Come Home to You»  L. RansfordClarke 2:26
9. «Fortune Teller»  Naomi NevilleClarke 2:27
10. «So Lonely»  L. RansfordClarke and Nash 2:36
11. «I've Been Wrong»  L. RansfordClarke and Nash 1:56
12. «Mickey's Monkey»  Holland-Dozier-HollandClarke 2:30
  • Merk: Alle songar skrivne av bandmedlemmane vart kreditert til «L. Ransford».

Hear! Here! (Amerikansk versjon)[endre | endre wikiteksten]

Hear! Here!
Studioalbum av The Hollies
Utgjeve November 1965
Innspelt 10. november 1964 – 13. juli 1965
Sjanger
Selskap Imperial
Produsent Ron Richards
Amerikansk The Hollies-kronologi
Here I Go Again
(1964)
Hear! Here! Beat Group!
(1966)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]

Meir enn eitt år etter The Hollies gav ut debutalbumet sitt i USA, Here I Go Again, inspirererte sukssen med singelen «Look Through Any Window» (den første til The Hollies på Topp 40 i USA) Imperial Records til å gje ut eit nytt album med bandet.

I november 1965 gav Imperia ut Hollies med eit litt anna innhald, og under namnet Hear! Here!. Den amerikanske versjonen kom utan «Fortune Teller» og «Mickey's Monkey» frå Hollies og la til singlane «I'm Alive» og «Look Through Any Window». Sporlista vart òg omarrangert, slik at singlane start kvar si side.

Sjølv om albumet tydeleg er den amerikanske utgåva av Hollies, nytta den amerikanske utgåva plateomslaget frå den britiske utgåva av In The Hollies Style, som aldri kom ut i USA.

«Mickey's Monkey» kom seinare ut i 1966 på albumet Bus Stop, men «Fortune Teller» vart ikkje gjeve ut i USA før i 1990-åra. I 2010 vart monoversjonen av plata gjeven ut på 180-grams vinyl i USA av Sundazed Records.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av L. Ransford, utanom der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «I'm Alive» (Clint Ballard jr.) 2:22
2. «Very Last Day» (Paul Stookey, Peter Yarrow) 2:50
3. «You Must Believe Me» (Curtis Mayfield) 2:05
4. «Put Yourself in My Place»   2:35
5. «Down the Line» (Roy Orbison) 2:00
6. «That's My Desire» (Carroll Lovesday, Helma Kresa) 2:30
Side to
# Tittel Lengd
7. «Look Through Any Window» (Charles Silverman, Graham Gouldman) 2:16
8. «Lawdy Miss Clawdy» (Lloyd Price) 1:50
9. «When I Come Home to You»   2:24
10. «So Lonely»   2:36
11. «I've Been Wrong»   1:54
12. «Too Many People»   2:40

Love N' Flowers (Kanadisk versjon)[endre | endre wikiteksten]

Love N' Flowers
Studioalbum av The Hollies
Utgjeve 6. november 1967
Studio Abbey Road Studios, London
Sjanger Beat, Rock
Selskap Capitol (D)T-6245
Produsent Ron Richards
Kanadisk The Hollies-kronologi
Evolution
(1967)
Love N' Flowers Dear Eloise / King Midas in Reverse
(1968)


I 1967 overførte The Hollies dei amerikanske og kanadiske rettane til ny musikk frå bandet til Epic Records. I motsetnad til Imperial Records i USA, hadde ikkje Capitol Canada gjeve ut ein versjon av Hollies då det kom ut i 1965, og valte i staden å gje ut ei redigert utgåve av eit nesten år gammalt album, In The Hollies Style. Men sjølv om dei fleste masterlydbanda var eigde av moderselskapet til Capitol Records, EMI, valte Capitol Canada å gje ut eit album for å konkurrere mot den første Epic-utgjevinga av The Hollies, Evolution. I november 1967, ein månad etter Evolution kom ut, gav Capitol Canada ut ei ny utgåve av Hollies med eit «blomsterbarn»-omslag og under namnet Love N' Flowers. Capitol Canada hadde tidlegare gjeve ut to songar frå Hollies («Very Last Day» og «Too Many People») på den kanadiske versjonen av Bus Stop, og eit tredje spor («Mickey's Monkey») hadde vore med på In The Hollies Style, slik at ni songar frå albumet ikkje var gjevne ut i Canada. Capitol Canada la til ein av songane dei ikkje hadde nytta frå den britiske utgåva av In The Hollies Style («I Thought of You Last Night») slik at albumet bestod av ti songar.

Dette var den siste nye utgjevinga i The Hollies-katalogen på Capitol Canada.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side 1

  1. «You Must Believe Me»
  2. «Put Yourself in My Place»
  3. «Down the Line»
  4. «That's My Desire»
  5. «Lawdy Miss Clawdy»

Side 2

  1. «When I Come Home to You»
  2. «Fortune Teller»
  3. «So Lonely»
  4. «I've Been Wrong»
  5. «I Thought of You Last Night» (Ralph Freed) – 2:18

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Hollies

Andre medverkande

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Unterberger, Richie. Hollies (1965)Allmusic
  2. Hollies (1965)Allmusic
  3. User, Super. «Session Listing». hollies.co.uk (på engelsk). Henta 21. mars 2018.