Carrie Anne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Carrie Anne
Singel av The Hollies
B-side «Signs That Will Never Change»
Utgjeve 26. mai 1967[1]
Innspelt 1. mai 1967 i EMI studios i London[1]
Sjanger Powerpop, poprock
Lengd 2:55[2]
Selskap UK: Parlophone R 5602[1]
US: Epic 10180
Låtskrivar(ar) Allan Clarke, Graham Nash, Tony Hicks
Produsent Ron Richards
The Hollies-kronologi
«On a Carousel»
(1967)
Carrie Anne «King Midas In Reverse»
(September 1967)


«Carrie Anne» er ein song skriven av Allan Clarke, Graham Nash og Tony Hicks og gjeven ut av den britiske poprockgruppa The Hollies. Songen vart spelt inn 1. mai 1967 og gjeven ut på singel same månad på Parlophone Records i Storbritannia og Epic Records i USA. Han vart ein hit i 1967 og nådde tredjeplassen på UK Singles Chart. Det vart òg ein hit i USA og Canada og nådde niandeplassen på begge singellistene.

Skodespelarinna Carrie-Anne Moss vart oppkalla etter songen, som kom ut tre månader før ho vart fødd.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

I følgje Allan Clarke vart songen skriven under ein konsert gruppa gjorde med Tom Jones og songen var hovudsakleg skriven av Graham Nash og Tony Hicks medan Allan Clarke skreiv tekst for mellomspelet.[1] I 1995 avslørte Graham Nash at han hadde skrive songen for Marianne Faithfull, men var for sjenert til å bruke det verkelege namnet hennar.[3] Det vert nytta steeltrommer på innspelinga, som fann stad over to forsøk den 1. mai 1967 i Abbey Road Studios. Det første forsøket kan høyrast på samlealbumet The Hollies at Abbey Road: 1966 to 1970.

Songen vart nytta i filmen Stardust i 1974.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1967) Plassering
Australia (Go-Set) 7
Tyskland (Media Control AG)[4] 8
Irland (IRMA)[5] 4
Nederland (Den nederlandske singellista)[6] 4
Norway (VG-Lista)[7] 7
Storbritannia (UK Singles Chart)[8] 3
United States Billboard Hot 100 9

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 The Hollies – Epic Anthology: From the Original Master Tapes Epic Records EGK 46161 liner notes
  2. «Images for Hollies, The – Carrie-Anne». Discogs.com. Henta 22. mars 2018. 
  3. Heatley, Michael (23. oktober 2010). «Michael Heatley and Frank Hopkinson reveal the muses who inspired some of our most iconic pop songs». Dailymail.co.uk. Henta 22. mars 2018. 
  4. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
  5. "The Irish Charts – Search Results – Carrie Anne". Irish Singles Chart. Retrieved 21. mars 2018.
  6. Steffen Hung. «The Hollies – Carrie Anne». dutchcharts.nl. Henta 21. mars 2018. 
  7. Steffen Hung. «The Hollies – Carrie Anne». norwegiancharts.com. Henta 21. mars 2018. 
  8. «The Hollies – Carrie-Anne». Chart Stats. Henta 22. mars 2018. 
  9. Roch Parisien (29. august 1995). «Sing Hollies in Reverse - Various Artists | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 22. mars 2018. 
  10. «Ali Campbell: Dub been good to me». Bluesandsoul.com. Henta 22. mars 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]