On a Carousel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
On a Carousel
Singel av The Hollies
B-side «All the World Is Love»
Utgjeve 10. februar 1967
Innspelt 11 & 13. januar 1967
Abbey Road Studios[1]
Sjanger Pop
Lengd 3:07
Selskap UK: Parlophone R5562
US: Imperial 66231
Låtskrivar(ar) Graham Nash
Allan Clarke
Tony Hicks
Produsent Ron Richards
The Hollies-kronologi
«Stop Stop Stop»
(1966)
On a Carousel «Carrie Anne»
(1967)


«On a Carousel» er ein song skriven av Allan Clarke, Graham Nash og Tony Hicks. Han vart gjeven ut av The Hollies på singel i februar 1967, etter at han vart spelt inn månaden før. Nash meinte: «'On a Carousel' var ein av dei beste songane til The Hollies. Det er ein popsong med eit smittande refreng, men flørtar med flotte skifte i rytmen som held melodien uføreseieleg. Og teksten fangar essensen i ungdommeleg kjærleik utan den vanlege måne-og-juni-klisjeen. Me visste det var ein hit frå starten av.» [2]

Originalinnspeling[endre | endre wikiteksten]

«On a Carousel» var den første A-sida til The Hollies der Graham Nash song solovokal, sjølv om det berre var dei første få linjene. «On a Carousel» var den nest siste singelen The Hollies gav ut i USA på Imperial, før dei byta til Epic. Songen vart ein hit i Storbritannia, der han nådde fjerdeplassen, og i Canada ndde han sjuandeplassen på RPM-lista. Det var òg ein moderat hit i USA der han nådde 11. plassen på Billboard-lista.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1967) Plassering
Australia (Go-Set)[3] 14
Tyskland (Media Control AG)[4] 8
Nederland (Mega Single Top 100)[5] 16
Noreg (VG-lista)[6] 10
UK Singles (Official Charts Company)[7] 4
US Billboard Hot 100[8] 11

Other versions[endre | endre wikiteksten]

  • Mike Vickers, tidlegare medlem i Manfred Mann, spelte inn songen for debutalbumet hans i 1968, I Wish I Were a Group Again.
  • Progressiv rock-gruppa Glass Moon spelte inn songen i 1982 på det andre studioalbumet Growing in the Dark.
  • USA-amerikanske Shaw Blades spelte inn ein versjon i 2007 for albumet Influence.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The 30th Anniversary Collection (CD). The Hollies. EMI Records. 1993. D 202205. 
  2. Nash, Graham (2013). Wild Tales: a rock & roll life. NYC: Crown Archetype. s. 98. ISBN 978-0-385-34754-9. 
  3. «Go-Set Australian Charts –26. april 1967». Pop Archives. Henta 21. mars 2018. 
  4. "Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de" (på tysk). Media Control Charts. PhonoNet GmbH.
  5. "Dutchcharts.nl – The Hollies – On a Carousel" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  6. "Norwegiancharts.com – The Hollies – On a Carousel". VG-lista. Hung Medien.
  7. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  8. "Hollies?f=379&g=Singles The Hollies Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for The Hollies. Prometheus Global Media.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]