Tony Hicks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tony Hicks

Fødd16. desember 1945 (78 år)
FødestadNelson
FødenamnAnthony Christopher Hicks
OpphavNelson i Lancashire i England
AktivSidan 1960-åra
SjangerRock, pop
InstrumentGitar
Banjo
Elektrisk sitar
Mandolin
Vokal
Tilknytte artistarThe Hollies
Verka somMusikar
Sambuar medJane Lumb

Anthony Christopher Hicks (fødd 16. desember 1945) er ein engelsk gitarist og songar som har vore medlem av den britiske popgruppa The Hollies sidan 1963. Han vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2010.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Tidleg i 1960-åra var Hicks blitt kjend i Manchester-området som sologitarist i Ricky Shaw and the Dolphins. Då dei lokale rivalane The Hollies trengde ein erstattar for Vic Steele i februar 1963[1] fekk Hicks jobben. The Hollies vart kort ti etter eit av dei mest suksessrike banda i Storbritannia med ein trestemt vokal som var byygd opp kring Hicks (nedre stemme) og bandmedlemmane Allan Clarke (solovokal) og Graham Nash (høg stemme). Hicks skreiv den første songen sin for gruppa («When I'm Not There») for ein EP i 1964. Hicks skreiv så mange songar i lag med Clark og Nash, som «Stop! Stop! Stop!», «On a Carousel», «Carrie Anne» og «King Midas in Reverse». Hicks song sjeldan solovokal på Hollies-songane, men gjorde det på «Look Through Any Window» (1965), og enkelte andre.

I 1966 spelte han og andre medlemmar frå The Hollies på The Everly Brothers-albumet Two Yanks in England, som stort sett bestod av The Hollies-songar Hicks hadde vore med å skrive.

Etter Graham Nash slutta i bandet i desember 1968, byrja Hicks å skrive fleire songar aleine, og han skreiv det meste av Hollies-albumet Confessions of the Mind i 1970. The Hollies fortsette å få hittar utover i 1970-åra og inn i 1980-åra. Gruppa er framleis aktiv i dag og berre Hicks og Bobby Elliot har vore med heile vegen sidan 1960-åra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Unterberger, Richie. «Biography of The Hollies». Allmusic. Henta 21. mars 2018.