Just One Look

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Just One Look
Singel av Doris Troy
B-side «Bossa Nova Blues»
Utgjeve Mai 1963
Innspelt 1963[1]
Sjanger Rhythm and blues
Lengd 2:25
Selskap Atlantic
Låtskrivar(ar) Gregory Carroll, Doris Payne
Produsent Artie Ripp[1]
Doris Troy-kronologi
«What a Wonderful Lover»
(1960)
Just One Look «What'cha Gonna Do About It»
(1963)


«Just One Look» er ein song skriven av dei amerikanske R&B-songarane Doris Troy og Gregory Carroll. Innspelinga til Doris Troy vart ein hit i 1963. The Hollies, Anne Murray og Linda Ronstadt gav ut sine eigne hitversjonar av songen.

Doris Troy-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Det er forskjellige soger om korleis Doris Troy-versjonen vart utgjeven på Atlantic Records. I følgje boka Billboard Book of One-Hit Wonders,[2] såg James Brown Troy spele på ein nattklubb (under hennar dåverande sceneman, Doris Payne), og introduserte henne til Atlantic.[3] Ei nyare soge i Soulful Divas,[4] fortel at Payne spelte inn ein demoversjon av songen og tok denne til Sue Records først, men då dei ikkje gav ho respons, tok ho han med seg til Jerry Wexler i Atlantic, der selskapet gav ut demoversjonen utan å spele han inn på ny. Med på innspelinga var Ernie Hayes på piano, Wally Richardson på gitar, Bob Bushnell på bass og Bernard Purdie på trommer.[5]

Singelen var den første gongen ho brukte namnet «Doris Troy» som scenenamn. Som låtskrivar singerte ho framleis songane sine som Doris Payne.[3]

I 1963 fekk Doris Troy den einaste hitten sin på Billboard Hot 100 med «Just One Look». Songen låg 14 veker inne på Billboard Hot 100, og nådde tiandeplassen,[6] medan han nådde tredjeplassen på Billboard si Hot R&B Singles-lista,[7] åttandeplassen på den newzealandske «Lever Hit Parade»,[8] og toppen av den kanadiske CHUM Hit Parade.[9] Songen nådde òg niandeplassen på Cash Box Top 100, samstundes som ein versjon av Andy and the Marglows låg på lista.[10]

Songen vart rangert på 70. plassen til Billboard for årets song i 1963,[11] og 80. plassen på tilsvarande liste hos Cash Box,[12] medan han låg på 11. plassen for årets R&B-song hos Billboard.[13]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1963) Plassering
Canada (CHUM Hit Parade)[9] 1
New Zealand (Lever Hit Parade)[8] 8
U.S. Billboard Hot 100[6] 10
U.S. Billboard Hot R&B Singles[7] 3
U.S. Cash Box Top 100[10] 9

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1963) Plassering
U.S. Cash Box[12] 80
U.S. Billboard Hot 100 [14] 81

The Hollies version[endre | endre wikiteksten]

Just One Look
Singel av The Hollies
frå albumet Here I Go Again
B-side «Keep Off That Friend of Mine»
Utgjeve Februar 1964
Sjanger Rock
Lengd 2:30
Selskap Parlophone
Låtskrivar(ar) Gregory Carroll, Doris Payne
The Hollies-kronologi
«Stay»
(1963)
Just One Look «Here I Go Again»
(1964)


«Just One Look» vart ein hit i Storbritannia i ein versjon med The Hollies. Songen nådde andreplassen på Record Retailer-lista i april 1964.[15] Han vart den 37. største hitten det året.[16] Ei amerikansk utgåve frå 1967 nådde 44. plassen på Billboard Hot 100.[17]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1964) Plassering
Australia 29
Irland (Evening Press)[18] 6
New Zealand (Lever Hit Parade)[19] 4
Noreg (VG-lista)[20] 11
Sverige 8
UK (Record Retailer) 2
Liste (1967) Plassering
Canada (RPM 100)[21] 30
USA (Billboard Hot 100)[17] 44

Anne Murray-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Anne Murray laga ein versjon av «Just One Look» i 1974 for albumet Love Song. Innspelinga var produsert av Brian Ahern og gjeven ut på singel i oktober det året. Versjonen hennar nådde 11. plassen på den kanadiske RPM Top Singles-lista,[22] 12. plassen på den kanadiske CHUM 30,[23] og låg to veker inne på den amerikanske Billboard Hot 100, med ein 86. plass som høgaste plassering.[24] Han nådde òg 50. plassen på Billboard si Easy Listening-liste.[25][26]

B-sida på singelen, «Son of a Rotten Gambler», gjekk til topps på RPM si Adult Contemporary-lista[27] og 3. plassen på RPM si Country-lista i 1974.[28]

Linda Ronstadt-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Just One Look
Singel av Linda Ronstadt
frå albumet Living In The USA
B-side «Love Me Tender»
Utgjeve 23. januar 1979
Innspelt 1978
Sjanger Rock
Lengd 3:20
Selskap Asylum Records
Låtskrivar(ar) Gregory Carroll, Doris Payne
Produsent Peter Asher
Linda Ronstadt-kronologi
«Ooh Baby Baby»
(1978)
Just One Look «Alison»
(1979)


Linda Ronstadt gav ut ein versjon av «Just One Look» i 1978 på albumet hennar Living in the USA. Versjonen hennar vart gjeven ut på Asylum Records som den tredje singelen frå albumet den 23. januar 1979 og var produsert av Peter Asher. Ronstadt-singelen låg åtte veker på Billboard Hot 100, og nådde 44. plassen,[29] og femteplassen på Billboard si Easy Listening-lista.[30][31] Han nådde òg Cash Box Top 100[32] og 54. plassen på Record World-lista.[33]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1979) Plassering
Australia [34] 38
Canada RPM 100 Singles[35] 46
Canadian RPM Adult Contemporary[36] 4
U.S. Billboard Hot 100 [29] 44
U.S. Billboard Easy Listening [30] 5
U.S. Cash Box Top 100[32] 46
U.S. Record World Singles[33] 54

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1979) Plassering
Australia [37] 148
U.S. Billboard Hot 100 [38] 256

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Den amerikanske Motown-gruppa Martha and the Vandellas spelte inn songen i 1963 for albumet Heat Wave.[39]
  • Den britiske songaren Lulu spelte inn songen i 1965 for Decca Records.
  • Den amerikanske discogruppa Faith Hope and Charity gav ut songen og han låg fire veker inne på UK Singles Chart, og nådde 38. plassen den 7. februar 1976.[40][41]
  • Doris Troy gav ut sin eigen discosong, «Another Look», produsert og arrangert av John Davis, med det meste av teksten intakt, men med store endringar i melodien og strukturen. Han kom ut som B-sida til «Can't Hold On» i 1977.
  • John Paul Young spelte inn songen på albumet sitt, Now (1996).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 5.Atlantic Rhythm and Blues 1947-1974 Album Liner Notes
  2. Jancik, Wayne, Billboard Book of One-Hit Wonders, revised and expanded, Billboard Books, 1998.
  3. 3,0 3,1 Doris Troy Biography
  4. Nathan, David, Soulful Divas, Billboard Books, 1998.
  5. Bernard «Pretty» Purdie, Let The Drums Speak!, 2014 pages 69-70.
  6. 6,0 6,1 Doris Troy - Chart History - The Hot 100, Billboard.com. Henta 21. mars 2018
  7. 7,0 7,1 «Hot R&B Singles», Billboard, 24. august 1963. p. 22. Henta 21. mars 2018.
  8. 8,0 8,1 «Lever Hit Parade» 28-May-1964, Flavour of New Zealand. Henta 21. mars 2018.
  9. 9,0 9,1 «CHUM Hit Parade – Week of 12. august 1963». Henta 21. mars 2018107200911/http://www.1050chum.com/charts/chartview.aspx?img=19630812.  Chart No. 335. CHUM.
  10. 10,0 10,1 «Cash Box Top 100», Cash Box, 3. august 1963. p. 4. Henta 21. mars 2018.
  11. «Top Records of 1963», Billboard, Section II, 28. desember 1963. p. 31. Henta 17. februar 2018.
  12. 12,0 12,1 «Top 100 Chart Hits of 1963», Cash Box, 28. desember 1963. p. 20. Henta 18. april 2017.
  13. «Top R&B Singles for 1963», Billboard, Section II, 28. desember 1963. p. 31. Henta 17. februar 2018.
  14. Billboard Top 100 Singles of 1963
  15. Hollies - Full Official Chart History, Official Charts Company. Henta 21. mars 2018
  16. {{cite web|url=http://www.uk-charts.top-source.info/top-100-1964.shtml |title=Top 100 1964 - UK Music Charts |website=Uk-charts.top-source.info |date= |accessdate=21. mars 2018 Just One Look - By: The Hollies], MusicVF.com. Henta 21. mars 2018
  17. 17,0 17,1 Hot 100 - The Hollies Just One Look Chart History, Billboard.com. Henta 5. mars 2018.
  18. «Hits of the World», Billboard, 9. mai 1964. p. 30. Henta 21. mars 2018.
  19. «Lever Hit Parade» 21-May-1964, Flavour of New Zealand. Henta 21. mars 2018.
  20. The Hollies - Just One Look, norwegiancharts.com. Henta 21. mars 2018
  21. «The RPM 100», RPM Weekly, Volume 8, No. 11, 11. november 1967. Henta 21. mars 2018.
  22. «RPM Top Singles», RPM Weekly, Volume 22, No. 16, 07. desember 1974. Henta 21. mars 2018.
  23. «Chart Number 931 - Saturday, 23. november 1974». Henta 21. mars 20180213224814/http://www.1050chum.com/index_chumcharts.aspx?chart=931.  CHUM.
  24. Hot 100 - Anne Murray Just One Look Chart History, Billboard.com. Henta 5. mars 2018.
  25. Adult Contemporary - Anne Murray Just One Look Chart History, Billboard.com. Henta 5. mars 2018.
  26. «Easy Listening», Billboard, 30. november 1974. p. 30. Henta 5. mars 2018.
  27. «RPM Pop Music Playlist», RPM Weekly, Volume 22, No. 10, 26. oktober 1974. Henta 21. mars 2018.
  28. «RPM Country Playlist», RPM Weekly, Volume 22, No. 17, 14. desember 1974. Henta 5. mars 2018.
  29. 29,0 29,1 Hot 100 - Linda Ronstadt Just One Look Chart History, Billboard.com. Henta 21. mars 2018.
  30. 30,0 30,1 Adult Contemporary - Linda Ronstadt Just One Look Chart History, Billboard.com. Henta 21. mars 2018.
  31. «Easy Listening», Billboard, 24. mars 1979. p. 75. Henta 21. mars 2018.
  32. 32,0 32,1 Cash Box Top 100 Singles, Cash Box, 31. mars 1979. p. 4. Henta 21. mars 2018.
  33. 33,0 33,1 «Record World Singles», Record World, 24. mars 1979. p. 37. Henta 5. mars 2018.
  34. Steffen Hung. «Forum - 1970 (ARIA Charts: Special Occasion Charts)». Australian-charts.com. Henta 21. mars 20180602084720/http://australian-charts.com/forum.asp?todo=viewthread&id=35092. 
  35. «RPM 100 Singles», RPM Weekly, Volume 31, No. 3, 14. april 1979. Henta 21. mars 2018.
  36. «RPM Adult Oriented Playlist», RPM Weekly, Volume 31, No. 7, 12. mai 1979. Henta 21. mars 2018.
  37. Steffen Hung. «Forum - 1970 (ARIA Charts: Special Occasion Charts)». Australian-charts.com. Henta 21. mars 20180602084720/http://australian-charts.com/forum.asp?todo=viewthread&id=35092. 
  38. «1979 Year End». Bullfrogspond.com. Henta 2016-09-27. 
  39. Martha & the Vandellas - Just One Look, norwegiancharts.com. Henta 18. april 2017.
  40. Faith, Hope and Charity - Full Official Chart History, Official Charts Company. Henta 14. mars 2018.
  41. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 193. ISBN 1-904994-10-5. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]