For Certain Because

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For Certain Because
Studio av The Hollies
Utgjeve 9. desember 1966 (UK)
Januar 1967 (US)
Innspelt 17. november 1965 - 17. oktober 1966 i Abbey Road Studios, London
Sjanger
Lengd 32:24
Selskap Parlophone PMC 7011 (UK)
Imperial LP-9339 (mono)/
LP-12339 (stereo) (US)
Produsent Ron Richards
Britisk The Hollies-kronologi
Would You Believe?
(1966)
For Certain Because Evolution
(1967)
Nordamerikansk The Hollies-kronologi
Bus Stop
(1966)
For Certain Because The Hollies' Greatest Hits
(1967)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[1]

For Certain Because er det femte britiske studioalbumet til The Hollies og det andre i 1966.[2][3] Dette var det første Hollies-albumet der alle songane var skrivne av medlemmane Allan Clarke, Graham Nash og Tony Hicks, og det første der dei ikkje brukte pseudonymet «Ransford». Dette var òg det første albumet deira med den nye bassisten Bernie Calvert.

For den nordamerikanske marknaden vart albumet kalla Stop! Stop! Stop! med eit anna omslag. Det kom ut i januar 1967 på grunn av den store suksessen til singelen «Stop Stop Stop». Det var det første Hollies-albumet der innhaldet var det same både i USA, Canada og Storbritannia. Det skjedde ikkje igjen før i 1970-åra. I tillegg brukte somme marknader tittelen Stop! Stop! Stop! då dei gav ut albumet, og i Storbritannia vart ei seinare utgåve av albumet kalla Stop! Stop! Stop!.[4] I 1983 gav Liberty Records i USA ut albumet som Pay You Back With Interest utan songane «Stop! Stop! Stop!» og «High Classed».

Stop! Stop! Stop! var det siste nye albumet til The Hollies for Imperial Records i USA og for Capitol Records i Canada. Det neste albumet deira, Evolution, kom ut i USA og Canada på Epic Records.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Allan Clarke, Tony Hicks og Graham Nash.. 

Side ein
# TittelSolovokal Lengd
1. «What’s Wrong with the Way I Live»  Clarke 2:02
2. «Pay You Back with Interest»  Clarke and Nash 2:46
3. «Tell Me to My Face»  Nash 3:09
4. «Clown»  Nash 2:16
5. «Suspicious Look in Your Eyes»  Clarke 3:37
6. «It's You»  Clarke 2:17
Side to
# TittelSolovokal Lengd
7. «High Classed»  Clarke 2:21
8. «Peculiar Situation»  Clarke 2:51
9. «What Went Wrong»  Clarke 2:12
10. «Crusader»  Clarke and Nash 3:48
11. «Don't Even Think About Changing»  Clarke 2:13
12. «Stop! Stop! Stop!»  Clarke 2:58

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Unterberger, Richie. «Allmusic review». Allmusic.com. Henta 21. mars 2018. 
  2. For Certain BecauseDiscogs (liste over utgjevingar)
  3. «Discography». Hollies.co.uk. 9. desember 1966. Henta 21. mars 2018. 
  4. Official Hollies information page for Stop! Stop! Stop!