The Story in Your Eyes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Story in Your Eyes
av The Moody Blues
frå albumet Every Good Boy Deserves Favour
B-side «My Song» (Nederland)
«Melancholy Man» (US)
Utgjeve 27. august 1971
Innspelt 4. november 1970
Sjanger Progressiv rock
Lengd 2:57 (album)
3:07 (singel)
Selskap Threshold Records
Låtskrivar(ar) Justin Hayward
Produsent Tony Clarke
The Moody Blues-kronologi
«Question»
(1970)
The Story in Your Eyes «Isn't Life Strange»
(1972)


«The Story in Your Eyes» er ein song frå 1971 av det engelske rockebandet The Moody Blues. Han er skriven av gitarist og songar Justin Hayward, og vart først gjeven ut som singel med «My Song» som B-side, og så på albumet Every Good Boy Deserves Favour kort tid etter.

«The Story in Your Eyes» startar med eit elektrisk gitarriff som går igjen gjennom songen, ei drivande, men elegant basslinje, og Justin Hayward på solovokal. Mellotron og korvokal skapar ei stor, svulstig lyd. Dette var den siste singelen til The Moody Blues med mellotron. På SACD-utgåva av albumet finst ein versjon av «The Story in Your Eyes» der mellotronen har ei meir dominerande rolle.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1971 Billboard Hot 100 23

Kjelder[endre | endre wikiteksten]