Then He Kissed Me

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Then I Kissed Her)
Gå til: navigering, søk
Then He Kissed Me
Singel av The Crystals
frå albumet Philles Records Presents Today's Hits
B-side «Brother Julius»
Utgjeve 12. juli 1963
Sjanger Poprock
Lengd 2:35
Selskap London
Låtskrivar(ar) Phil Spector, Ellie Greenwich, Jeff Barry
Produsent Phil Spector
The Crystals-kronologi
«Da Doo Ron Ron»
(1963)
Then He Kissed Me «Little Boy»
(1964)


«Then He Kissed Me» er ein song skriven av Phil Spector, Ellie Greenwich og Jeff Barry. Songen, som var produsert av Spector, vart først gjeven ut på singel på Philles Records i juli 1963 av The Crystals. Songen er forteljande om ei ung kvinne som møter, forelskar seg i og til slutt giftar eg med ein ung gut.

I 2004 rangerte Rolling Stone songen på 493. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene. På den oppdaterte lista deira frå 2010 var songen falle ut av lista.[1] Pitchfork sette songen på 18. plassen på si liste over dei 200 beste songane gjennom 1960-åra.[2] Billboard kåra songen til den åttande beste av dei 100 beste songane av ei jentegruppe.[3]

The Crystals-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Singelen er ein av The Crystals sine mest minnerike songar. Han vart spelt inn i Gold Star Studios i Los Angeles i april 1963. Solovokalen vart sungen av Dolores «LaLa» Brooks, med instrument av The Wrecking Crew og eit Wall of Sound-arrangement av Jack Nitzsche. Larry Levine var lydteknikar.[4] I USa nådde singelen nådde sjetteplassen på hitlista i USA og andreplassen i Storbritannia. Singelen var den tredje for The Crystals som nådde topp 10 i USA og den andre som nådde topp 10 i Storbritannia. Songen vart òg ein stor hit i Irland og nådde tredjeplassen der.

The Beach Boys-versjonen[endre | endre wikiteksten]

«Then I Kissed Her»
Singel av The Beach Boys
frå albumet Summer Days (And Summer Nights!!)
B-side Mountain of Love
Utgjeve Mai 1967
Innspelt 5. mai 1965
Sjanger Pop
Lengd 2:15
Selskap Capitol
Låtskrivar(ar) Phil Spector, Ellie Greenwich, Jeff Barry
Produsent Brian Wilson
The Beach Boys-kronologi
«Good Vibrations»
(1966)
«Then I Kissed Her» «Heroes and Villains»
(1967)


Teksten til songen vart skrive noko om som «Then I Kissed Her» og gjeven ut av The Beach Boys i 1965 på albumet deira Summer Days (And Summer Nights!!) med Al Jardine på solovokal, produsert av Brian Wilson. Songen fortel den same soga som originalen, men frå guten sitt synspunkt.

To år etter songen kom på albumet i april 1967 vart songen gjeven ut på singel i Storbritannia for å fylle pausen som opptod medan dei arbeidde på singelen «Heroes and Villains». Dette vart visstnok gjort utan at bandet godkjende det.[5]

Singelen nådde fjerdeplassen i Storbritannia og tiandeplassen i Noreg. B-sida til singelen var «Mountain of Love» frå albumet Beach Boys' Party! (1965.

Originalversjonen av songen vart brukt i filmane Goodfellas og Adventures in Babysitting.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1967) Plassering
Nederlandsk Topp 40[6] 2
Tyskland[7] 39
Irland[8] 4
Noreg[9] 10
UK Singles Chart[10][11] 4

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Beach Boys
Studiomusikarar
  • Ron Swallow – tamburin
  • Frank Capp – kastanjettar

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Sonny & Cher spelte inn songen i 1965 på den franske EP-en I Got You Babe.[12]
  • I 1972 gav The Marvels ut ein reggaeversjon på Trojan Records.
  • Det britiske glamrockbandet Hollywood Brats spelte inn songen i 1973.
  • Seinare vart songen spelt inn og gjeve namnet «Then She Kissed Me» av eit anna britisk glamrockband, Hello for albumet Keeps Us Off the Streets i 1975.
  • Kiss i 1977 på albumet deira Love Gun, som «Then She Kissed Me.»
  • I 1978 spelte svenske Magnus Uggla ein versjon på svensk kalla «Å, han kysste mej» på albumet Vittring.
  • I 1981 spelte Gary Glitter inn songen som «Then She Kissed Me» og han nådde 39. plassen i Storbriannia.
  • I 1984 gav The Flying Lizards ut ein versjon på albumet Top Ten.
  • I 1988 gjorde den pakistanske songaren Nazia Hassan ein remix med Meera Syal og skodespelarinna Rita Wolf, produsert av Biddu.
  • Countryrocksongaren Juice Newton gav ut sin versjon av songen i 1989 på albumet hennar «Ain't Gonna Cry».
  • I 1993 gav Acid Drinkers ut songen på albumet deira Vile Vicious Vision
  • I 1995 gav det spanske bandet The Killer Barbies ut songen på debutalbumet Dressed to Kiss.
  • I september 2007 gav Asobi Seksu ut ein versjon av songen som B-sida til singelen «Stay Awake».
  • Bruce Springsteen spelte songen på konsertar fleire gonger i 1975 (som «Then She Kissed Me») og spelte han igjen 33 år seinare den 23. august 2008 i St. Louis.
  • Songen vart spelt inn av The Derailers som «Then She Kissed Me» i 1999 på albumet deira Full Western Dress.
  • Den engelske gruppa The Tremeloes spelte inn ein versjon som «And Then I Kissed Her».
  • The Guess Who gav ut ein versjon av songen kalla «Then I Kissed Her» som ein del av ein medley på 2014-utgåva av Power in the Music.
  • Camu Tao nytta signaturlinja i songen på songen sin «Death» for albumet King of Hearts.
  • Russ Abbott song ein parodiversjon av songen kalla «And Then She Kicked Me». [1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The RS 500 Greatest Songs of All Time». RollingStone.com. https://www.rollingstone.com/news/story/6596338/then_he_kissed_me/1. Henta 21. februar 2018. 
  2. «Staff Lists: The 200 Greatest Songs of the 1960-åra | Features». Pitchfork. 2006-08-18. http://pitchfork.com/features/staff-lists/6405-the-200-greatest-songs-of-the-1960-åra/1/. Henta 21. februar 2018. 
  3. «100 Greatest Girl Group Songs of All Time: Critics' Picks». Billboard. http://www.billboard.com/articles/columns/pop/7857816/100-greatest-girl-group-songs. Henta 21. februar 2018. 
  4. Phil Spector: Back To Mono 1958 - 1969, 4 CD box set, All Mother Bertha Music, 1991, liner notes
  5. New Musical Express, May 7, 1967
  6. «De Nederlandse Top 40, week 26, 1967». http://www.radio538.nl/web/show/id=44685/chartid=6574. Henta 21. februar 2018. 
  7. «charts-surfer.de search results». http://www.charts-surfer.de. Henta 21. februar 2018. 
  8. «irishcharts.ie search results». http://www.irishcharts.ie. Henta 21. februar 2018. 
  9. «norwegiancharts.com». http://norwegiancharts.com/showitem.asp?interpret=The+Beach+Boys&titel=Then+I+Kissed+Her&cat=s. Henta 21. februar 2018. 
  10. «everyhit.com search results». http://www.everyhit.com. Henta 21. februar 2018. 
  11. «Chart Stats – Beach Boys – Then I Kissed Her». http://www.chartstats.com/songinfo.php?id=4593. Henta 21. februar 2018. 
  12. «Sonny & Cher – I Got You Babe (Vinyl) at Discogs». Discogs.com. http://www.discogs.com/Sonny-Cher-I-Got-You-Babe/release/1775605. Henta 21. februar 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]