I Got You Babe
I Got You Babe Singel av Sonny & Cher frå albumet Look at Us | ||
Utgjeve | 9. juli 1965 | |
Innspelt | 1965 | |
Sjanger | Barokkpop | |
Lengd | 3:11 | |
Selskap | Atco | |
Låtskrivar(ar) | Sonny Bono | |
---|---|---|
Produsent | Sonny Bono | |
Sonny & Cher-kronologi | ||
«Love Is Strange» (1964) |
I Got You Babe | «The Letter» (1965)
|
«I Got You Babe» er ein song frå 1965 skriven av Sonny Bono som den første singelen frå det første albumet Look at Us av den amerikanske popduoen Sonny & Cher. I august det året låg singelen tre veker på toppen av Billboard Hot 100 i USA[1] der han selde meir enn éin million eksemplar og fekk gullplate. Singelen nådde òg toppen av singellistene i Storbritannia og Canada.
I 2011 vart songen kåra til ein av dei beste duettane gjennom tidene av både magasina Billboard og Rolling Stone.[2][3] Han var òg oppført på 444. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene i 2004 og 451. plassen i 2010.
Bakgrunn og komposisjon[endre | endre wikiteksten]
Sonny Bono, ein låtskrivar og plateprodusent for Phil Spector, skreiv teksten og musikken til ein song for seg sjølv og den dåverande kona si, Cher, seint ein kveld i kjellaren deira. Studiotrommeslagaren Hal Blaine spelte trommer på songen med andre medlemmar av The Wrecking Crew akkompagnerte dei.[4] «I Got You Babe» vart den største singelen til duoen, signaturlåten deira, og ei plate som definerte den tidlege motkultur- og hippie-rørsla.
William Ruhmann hylla songen på Allmusic: Med Dylan sin bitre «It Ain't Me Babe» frå 1964 (som snart skulle bli ein folkrockhit for the Turtles), skreiv Bono sin eigen, motsette oppfatning: «I Got You Babe». Der Dylan skreiv ein kompleks tekst, var Bono enkel: Teksten byrjar med det illevarslande temaet ungdom mot vaksne der «dei» hindrar romantikk, men går raskt over i ein dialog om banal tenåringkjærleik. Der Dylan sin musikk var enkel, var derimot Bono sin musikk meir strukturelt ambisiøs og nytta Spector sin Wall of Sound-produksjon. Songen går i valsetakt og får melodien til å kjennast lett, sjølv om han stundom er overlessa med instrument, leia av ein tydeleg obo.[5][6]
I USA selde songen meir enn éin million eksemplar i 1965 og fekk gullplate. I november 2011 rapporterte Billboard at det digitale salet av «I Got You Babe» var 372 000 i USA aleine.[7]
Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]
Sonny and Cher framførte songen i lag for siste gong under ein gjenforeining på Late Night with David Letterman den 13. november 1987.[8][9][10] Cher framførte songen i lag med R.E.M. den 14. februar 2002 på Kodak Theatre i Los Angeles.[11] Det var første gongen ho song songen utan Sonny.[12] Under konsert-turneen i 2014 song Cher songen mot eit opptak av Sonny, som då var død, på ein skjerm, for første gongen sidan 1987.
Lister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
UB40 med Chrissie Hynde[endre | endre wikiteksten]
Tjue år seinare, i 1985, spelte UB40 (med Chrissie Hynde) inn songen for albumet Baggariddim. Songen kom òg ut på the Pretenders-albumet The Singles i 1987. Songen nådde toppen av den britiske singellista i august 1985 og 28. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100. Innhald[endre | endre wikiteksten]7”-singel
12”-singel
Lister[endre | endre wikiteksten]
Cher med Beavis and Butt-head[endre | endre wikiteksten]
I 1993 spelte Cher inn ein versjon av duetten hennar frå 1965 med dei amerikanske animerte karakterane Beavis and Butt-head. Songen vart den første singelen frå The Beavis and Butt-head Experience, eit komediealbum som kom ut i 1993 på Geffen Records, og som vart eit av dei raskast seljande komediealbuma i historia. Det har seld kring 1,6 millionar eksemplar og er sertifisert til 2x platina i USA.[43][44] AllMusic kalla songen den «mest interessante» på albumet.[45] Singelen nådde topp 40 i Storbritannia, Belgia og Sverige, og topp 10 i Nederland. Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]Ein morosam og psykedelisk video vart produsert og send mykje på MTV. I videoen kan ein sjå Cher og Beavis and Butt-head i ei animert verd. I videoen refererer det animerte paret til den tidlegare ektemannen hennar Bono som ein tufs, noko Cher er samd i. Dette vart plassert på femteplassen på lista til VH1 i 2004 over dei 50 morsomaste augnebliknane i musikkhistoria. Innhald[endre | endre wikiteksten]
Lister[endre | endre wikiteksten]
I popkulturen og andre versjonar[endre | endre wikiteksten]Songen har blitt mykje spelt av andre artistar og er mykje nytta i film og fjernsyn, mellom anna Sonny and Cher sin eigen The Sonny and Cher Comedy Hour. «I Got You Babe» fekk eit slags comeback då han vart mykje spelt som Phil Connors si vekkjarklokke i filmen Groundhog Day frå 1993. Etta James-versjonen av songen vart nytta i det nedlastbare innhaldet Left Behind i videospelet The Last of Us i 2013. I 2015 spelte folkrockduoen Blackmore's Night inn songen for albumet All Our Yesterdays. Kjelder[endre | endre wikiteksten]
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
|
- Songar frå 1965
- Singlar frå 1965
- Singlar frå 1985
- Songar skrivne av Sonny Bono
- Sonny & Cher-songar
- Cher-songar
- Manfred Mann-songar
- David Bowie-songar
- Ramones-songar
- UB40-songar
- Merril Bainbridge-songar
- Shaggy-songar
- Tiny Tim-songar
- Etta James-songar
- James Last-songar
- Songar på toppen av Billboard-lista
- Nummer-ein-singlar i Australia
- Nummer-ein-singlar i Nederland
- Nummer-ein-singlar i New Zealand
- Nummer-ein-singlar i Storbritannia
- Nummer-ein-singlar i Canada
- Nummer-ein-singlar i Irland
- Duettar
- Popballadar
- Atco Records-singlar
- Beste songar gjennom tidene hos Rolling Stone