Thomas Eriksson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Thomas Eriksson
Statsborgarskap Sverige
Fødd 16. oktober 1959
Borlänge
Idrett langrenn
Yrke langrennsløpar

Thomas Eriksson (fødd 16. oktober 1959) er ein svensk, tidlegare langrennsløpar frå Borlänge, som vart verdsmeister på 30 km under ski-VM 1982 i Oslo. Han tevla for Domnarvets IF.

Eriksson vann eit svært overraskande VM-gull på opningsdistansen under verdsmeisterskapen på ski i Oslo i 1982. Med tida 1.21.52,3 slo han den norske sølvvinnaren Lars Erik Eriksen med 21,6 sekundar. Denne sigeren var også hans fyrste verdscupsiger, den andre og siste kom i desember 1986 på ein 30 km i Davos.

I sesongane 1981 og 1982 vann Eriksson tre svenske meisterskap.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Gullmedaljar i svenske meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1981: 15 km og 50 km
  • 1982: 50 km

Bakgrunnnstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]