Filmen Harry Potter og Mysteriekammeret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Harry Potter og Mysteriekammeret
Glenfinnan Viaduct.jpg
OpphavslandStorbritannia, USA Edit this on Wikidata
SpråkEngelsk
SjangerEventyr
RegissørChris Columbus Edit this on Wikidata
ProdusentDavid Heyman
ManusSteven Kloves
MedverkandeDaniel Radcliffe, Warwick Davis, Rupert Grint, Emma Watson, Kenneth Branagh, Alan Rickman, Fiona Shaw, Julie Walters, Maggie Smith, Robbie Coltrane, Richard Griffiths, Jason Isaacs, Richard Harris, Tom Felton, Bonnie Wright, Christian Coulson, Chris Rankin, Mark Williams, Sean Biggerstaff, Harry Melling, Matthew Lewis, David Bradley, Joshua Herdman, Robert Hardy, Gemma Jones, Shirley Henderson, Edward Randell, Alfred Enoch, Devon Murray, Sally Mortemore, Oliver Phelps, James Phelps, Jamie Waylett, Miriam Margolyes, John Cleese, Heather Bleasdale, Martin Bayfield, Geraldine Somerville, Adrian Rawlins, Alfred Burke, Gemma Padley, Toby Jones, Luke Youngblood, Hugh Mitchell, Scott Fern, Jim Norton, Les Bubb, Danielle Tabor, Daisy Bates, Edward Tudor-Pole, Julian Glover, Leslie Phillips, David Holmes, Emily Dale, Louis Doyle, Jamie Yeates, Sean Cronin, Eleanor Columbus Edit this on Wikidata
MusikkJohn Williams
SjeffotografRoger Pratt
FilmformatCinemascope
Lengd161 minutt Edit this on Wikidata

Harry Potter og Mysteriekammeret er ein fantasy-film frå 2002 regissert av Chris Columbus og basert på romanen med same namn av J.K. Rowling. Det er den andre filmen i Harry Potter-serien, skrive av Steve Kloves og produsert av David Heyman. Filmen handlar om Harry Potter sitt andre år på Galtvort, der Smygards arving opnar Mysteriekammeret og slepp laus eit dødeleg monster som forsteinar skulen sine elevar. Daniel Radcliffe spelar Harry Potter og Rupert Grint og Emma Watson spelar Harry sine bestevener Ronny Wiltersen og Hermine Grang. Det er oppfølgjaren til Harry Potter og de vises stein og forgjengaren til Harry Potter og fangen fra Azkaban.

The flygande Ford Anglia brukt i filmen.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Harry blir send opp på rommet sitt medan familien Dumling får besøk av ein potensiell klient til onkel Wiktor. På rommet sitt finn Harry husnissen Noldus, som åtvarar han mot å vende til Galtvort dette skuleåret. Når Harry nektar, skapar Noldus trøbbel som Harry får skulda for. Wiktor vil ikkje la Harry reise tilbake til Galtvort, men han blir redda av Ronny Wiltersen og tvillingbrøra hans i den flygande bilen deira. Harry blir tatt med til Wiltersenes heim, Hiet. Harry møter Ronny si yngre syster Gulla, som skal byrja på Galtvort dette året og er forelska i Harry.

Når Harry skal reise til Galtvort kjem ikkje han og Ronny seg gjennom Plattform 9 3/4, så dei flyr heller til Galtvort med den flygande bilen. Når dei kjem til Galtvort kræsjar dei i skulen sitt valdelege tre, Prylepila. Ronny knekk tryllestaven sin og bilen stikk av. Gutane blir nesten utvist, men får heller berre arrest.

På arresten byrjar Harry å høyre ein skremmande stemme som ingen andre kan høyre. Harry, Ronny og Hermine følgjer stemmen og finn bodskapet «Mysteriekammeret er opna. Måtte fiendane av arvingen vakte seg» skriven i blod på ein vegg og nedanfor katten til vaktmeisteren, forsteina. I tida etter blir mange gompefødde elevar òg overfalt og forsteina. Rektor Humlesnurr vurderer å stenge skulen for elevane si skuld.

Professor McSnurp fortèl elevane om legenda om Mysteriekammeret, som handlar om at Salazar Smygard laga eit hemmeleg kammer før han forlét Galtvort. Kammeret, kunne berre opnast av Smygards arving, skulle innehelde eit monster som skulle myrde alle gompefødde. Smygard mislikte gompefødde og meinte dei ikkje var verdige å studere magi. Harry mistenkjar Draco for å vere arvingen.

I Stønne-Stina sitt toalett oppdag Harry ei heilt blank dagbok som det står tilhøyrer nokon kalla Tom Dredolo Venster. Gjennom den magiske boka blir Harry tatt med 50 år tilbake i tid, og ser nokre av minna til denne Tom. Dei får Harry til å misstenke at det heller er Gygrid som har opna Mysteriekammeret.

Hermine blir òg forsteina, men Harry og Ronny ser papiret i handa hennar og finn ut at monsteret i Mysteriekammeret er ein Basilisk, ein slange som drep med blikket. Gutane går til Gygrid for å spørje om det èr han som har opna kammeret, men blir sendt ut i Den Forbudte skogen. Der møter dei Aragog, ein akrumantula, som overbevis Harry om at det ikkje var Gygrid som opna kammeret, men at det berre var han som fekk skulda.

Harry finn inngangen til Mysteriekammeret ved å snakke ormtunge og møter Tom Venster som viser seg å vere Voldemort som ungdom.

Skodespelarar[endre | endre wikiteksten]

Rolle Skodespelar
Harry Potter Daniel Radcliffe
Ronny Wiltersen Rupert Grint
Hermine Grang Emma Watson
Gyldeprinz Gulmedal Kenneth Branagh
Draco Malfang Tom Felton
Albus Humlesnurr Richard Harris
Minerva McSnurp Maggie Smith
Severus Slur Alan Rickman
Rubeus Gygrid Robbie Coltrane
Arthur Wiltersen Mark Williams
Molly Wiltersen Julie Walters
Lucius Malfang Jason Isaacs
Onkel Wiktor Richard Griffiths
Tante Petunia Fiona Shaw
Dudleif Dumling Harry Melling
Gulla Wiltersen Bonnie Wright
Tom Venster alias Fyrst Voldemort Christian Coulson

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Filmen Harry Potter og Mysteriekammeret