Tingvoll kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 62°54′42″N 8°10′53″E

Tingvoll kyrkje
kyrkje
none
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Indre Nordmøre
Sokn Tingvoll
Fellesråd Tingvoll
Type langkyrkje
Periode romansk
Material stein
Innvigd Kring 1180
Tårn 1787 - 36m høgt
Kor 9,8 x 9,8m
Skip 22,2 x 12,8m
Kyrkjegard Det er kyrkjegard ved kyrkja.
Preikestol 1632
Døypefont uviss - frå mellom 1400-1600
Altartavle 1660
Wikimedia Commons: Tingvoll kirke

Tingvoll kyrkjeTingvollNordmøre er ei steinkyrkje som vart bygd kring 1180 i romansk stil med grunnplan som langkyrkje. Kyrkja blir også omtala som «Nordmørsdomen».[1] Bygget er freda.[2]

Tingvoll kyrkje is located in Møre og Romsdal
Plasseringa til Tingvoll kyrkje

Ho er ei av dei gamle steinkyrkjene som vart bygd i Noreg gjennom tidene som enno står og framleis er i bruk. Kyrkja og det store vinkelrette våningshuset i nærleiken, ligg på ein vakker plass på nordsida av Tingvollfjorden. I eldre tider var Tingvoll tingstad for Nordmøre og det er difor ikkje unaturleg at kyrkja vart bygd her.

Kyrkja er rikt dekorert; frå målingane på veggene i våpenhuset, kalkmåleria i skipet til taket i koret med stjerner og halv-månar. I 1928-29 var kyrkja gjennom ei heller stor restaurering. Det noverande interiøret stammar i hovudsak frå 1600-talet. Kyrkja blir nokre gonger kalla «Nordmørsdomen».

En af vore interessanteste gamle fylkeskirker er Tingvolls kirke paa Nordmør, der fra sin lune plads i den grønklædte li yndig speiler sig i Tingvollvaagens dønninger.(Johan Meyer[3])

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I middelalderen vart det reist 10 steinkyrkjer i Møre og Romsdal, av desse er Edøy og Tingvoll kyrkjer på Nordmøre.[4] Tidligere omfatta Nordmøre også ytre del av Sør-Trøndelag der det vart reist fire steinkyrkjer (Dolm, Veklem, Austrått og Rein).[5] Det er usikkert kvifor ei så stor kyrkje vart sett opp akkurat på Tingvoll. Namne tyder på at det var tingstad. Elles er det ingen spor som gir haldepunkt for at Tingvoll var ein sentral stad på Nordmøre.[6] I middelalderen var Tingvoll truleg fylkeskyrkje for Nordmøre og vart reist på ein gamal tingstad. Det er ukjent kven kyrkja var vigd til.[7] Johan Meyer gjekk utfrå at det først har stått ei stavkyrkje på staden og at steinkyrkja vart reist etter at stavkyrkja brann ned under borgerkrigane på 1100-tallet.[8] Kyrkjestaden vart omtala i 1357 (Þingualla kirkiu) og presten i 1333 (sira Einare a Þingwelli). Den er ikkje eksplisitt omtala som fylkeskyrkje i middelalderen. Gerhard Schøning skreiv i 1773 at den var fylkeskyrkje. Den var hovudkyrkje iallefall frå 1443 og blir i 1589 nemnt som hovudkyrkje med anneks på Frei og Øre. Tingvoll ga namn også til skipreidet.[9]

Ved det store kyrkjesalet 1721-1723 var Tingvoll ei av dei få kyrkjene som ikkje vart seld.[10] Ifølgje Sigurd Fjær vart Tingvoll kyrkje seld i 1723. Amtmann Erich Must kjøpte ifølgje Fjær kyrkja på vegne av allmuen i Tingvoll (i alt 164 luteigarar). Kommunen kjøpte kyrkja i 1860.[11]

Bygget[endre | endre wikiteksten]

Grunnplanet er enkelt med rektangulært skip og kvadratisk kor. Utvendig er skipet 22 meter langt og 13,5 meter breidt, medan koret er 10 gonger 10 meter utvendig.[5] Skipet innvendig er 17,6 meter langt og 9,2 meter breidt. Koret er 7,5 meter langt og 6,7 meter breidt. Skiljeveggen mellom kor og skip er 1,4 meter tjukk. Grunnplanet har samme dimensjonar som Veøy gamle kyrkje.[12] Dønnes kirke på Helgeland er mykje mindre, men minner ifølgje Meyer så mykje om Tingvoll kyrkje at det kan ha vore same byggmeister. Værnes og Mære kyrkjer har større grunnflate, men berre Trondenes kyrkje har høgare murveggar. Skipets veggar er 9 meter, medan korets er 7 meter høge.[13] Tingvoll kyrkje har takvinkel nær 60 grader og er på same måte som kyrkjene i Trøndelag mer høgreiste enn middelalderkyrkjene på Austlandet der største takvinkel er 52 grader. Det tønnekvelva taket over koret vart truleg sett inn i senmiddelalderen.[14]

Vestveggen slik den var utan murpuss våren 2011.

Gangsystemet[endre | endre wikiteksten]

Veggene i kyrkja er opptil 1,9 meter tjukke og har gangar inni, både på nordsida og sørsida. Dei går i trappetrinn bratt opp til murkrona oppunder sperrverket og så like bratt ned igjen. Det er ukjend kvifor dei vart bygde. Likeeins ein balkong på utsida oppe under røstet i korgavlen. Johan Meyer meinte at kyrkja var laga for å kunne brukast som festning. Inngangen til holromma i veggane var tildels attmura på Meyers tid og Meyer siterte Gerhard Schønings skildring av utforming av det Schøningen trudde var vaktpostar.[15] Bygget har romanske boger over dører og vindauger, også nokre kløverbuer, medan korbogen er spiss. Ved sida av Dønnes kyrkje er Tingvoll kyrkje den einaste bygdekyrkja i Noreg utforma med gangsystem i veggane.[16] Ifølgje Øystein Ekroll er det ikkje grunnlag for å hevde at gangsystemet hadde militært formål.[5] Tingvoll krykje er den einaste kyrkja i Norden med eit slikt gangsystem som også kan ha hatt liturgisk formål.[2] Gangsystemet har gjort det mogleg å syngje og messe fra ulike stader rundt kyrkjerommet, og det var mogleg å røre seg rundt heile kyrkja inne i veggane.[5] Mellom anna var det oppgang inne i korets murvegg til eit galleri på toppen av eit lektorium ved korbogen. Frå dette lektoriet var det mogleg å gå rundt heile skipet og koret på nivå med vindauga .[17] Lektoriemuren blei reven i 1878 og opninga i denne muren blir no brukt som kyrkjegardssport.[5]

Runeteksten[endre | endre wikiteksten]

I korveggen, bak toppen av altertavla er det innmura ein marmorstein med runeskrift. Denne innskrifta inneheld ei bøn og det ein trur er namnet på byggmeisteren: Gunnar. Marmorkvaderen er 1 meter lang og 0,5 meter høy med store og lett leselege runer. Meyer antok at «Gunnar» i teksten var byggherre for kyrkja og ein lokal høvding heller enn byggmeisteren:[18] Innskrifta er truleg frå slutten av 1100-talet eller omkring 1200.[19][20] Audun Dybdahl har lansert hypotesa at «Gunnar» var Gunnar Grjonbak, lagmann i Frostating til 1188.[1]

Ek biþ firi guþr's sakar yþr lærþa menn er varþveita staþ þenna ok alla þá er ráþa kunnu bæn mina minnisk sálo minnar i helgum bænom. En ek et Gunnar ok gerþi ek hus þetta. + Valete!
Jeg ber for guds skyld dere lærde menn, som forstår dette sted (som står for dette hellige sted[21] eller som forvalter dette hellige sted[22]) og alle som kan tyde min bønn: minnes min sjel i hellige bønner. Men jeg het Gunnar og jeg gjorde dette hus + Lev vel![23]

Dei lærde mennene Gunnar vender seg til er truleg presteskapet. Inskripsjonen viser ifølgje Seim at runer var akseptert av den katolske kyrkja.[24] Det siste ordet (valete eller ualete) er latin som dukker opp i ein del middelalderske runetekstar.[25] varþveita tyder truleg «ta vare på, forvalte». Inskripsjonen er ein av dei finaste i ei norsk kyrkje og er svært kyndig og målretta utført. Den som utførte inskripsjonen har truleg kjent dei latinske bokstavane og skrivemåten er tydelag påvirka av latinsk skriftkultur. Rettskrivinga (til dømes dobbel konsonant) og orddelinga (orda er skild med eige teikn) er konsekvent utført, noko som ifølgje Spurkland peikar mot ein person som var kjend med tekst i bøker.[26][27]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Kyrkjegardsporten frå 1929, med marmorstein frå kordøra i den demonterte lektorieveggen inne i kyrkja.

Fotnoter[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Tidens Krav - Den gåtefulle kirken». www.tk.no (norsk). 12. desember 2006. Henta 12. september 2017. 
  2. 2,0 2,1 KA. «Tingvoll kyrkje - Kirker i Norge | Kirkesøk». kirkesok.no (norsk). Henta 11. september 2017. 
  3. Meyer, 1910, s. 3
  4. Ekroll, Øystein (1997). Med kleber og kalk: norsk steinbygging i mellomalderen. Oslo: Samlaget. ISBN 8252147542. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 Ekroll, 1997, s. 273f
  6. «Kulturminneatlas Møre og Romsdal - Artikkel: Tingvoll kirke». kulturminneatlas.avinet.no. Henta 12. september 2017. 
  7. Fjær, 1931, s. 8
  8. Meyer, 1910, s. 3
  9. Brendalsmo, J., & Eriksson, J. E. G. (2016). Kildegjennomgang. Middelalderske kirkesteder i Møre og Romsdal fylke. Riksantikvaren/NIKU. November 2016.
  10. Bygdehistorie for Tingvoll og Straumsnes. Tingvoll: Bygdeboknemnda. 1970. 
  11. Fjær, 1931, s. 33f
  12. Meyer, 1910, s. 3
  13. Meyer, 1910, s. 7-8
  14. Snekkestad, Petter (2010): Betraktninger omkring akustisk intensjonalitet i romanske steinkirker i Norge. Masteroppgave, Universitetet i Oslo, 2010.
  15. Meyer, 1910, s. 4-6
  16. Meyer, 1910, s. 7
  17. Ekroll, 1997, s. 151
  18. Meyer, 1910, s. 11
  19. Bjørn M. Siem: Kirkeliv og kirker. Møre og Romsdal. Oslo: Gyldendal, 1977.
  20. Ekroll, 1997, s. 105
  21. Ekroll, 1997, s. 105
  22. Spurkland, T. (2005). Norwegian runes and runic inscriptions (No. 138). Boydell Press.
  23. Meyer, 1910, s. 11
  24. Seim, K. F. (2010). Evidence of Runic and Roman Script in Contact in Post-Viking Age Norway. Futhark: International Journal of Runic Studies, 1, 189-196.
  25. Knirk, J. E. (1998). Runic inscriptions containing Latin in Norway. Runeninschriften als Quellen interdisziplinarer Forschung. Erganzungsbande zum Reallexikon der Germanischen Altertumskunde, 15, 476-507.
  26. Spurkland, T. (2005). Norwegian runes and runic inscriptions (No. 138). Boydell Press.
  27. Baur, S. E. (2011). Runic and Latin Written Culture: Co-Existence and Interaction of Two Script Cultures in the Norwegian Middle Ages (Doctoral dissertation, MA thesis, Universität Tübingen).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]