Toni Innauer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Toni Innauer
Toni Innauer Val di Fiemme 2013 (normal hill individual).jpg
Toni Innauer i 2013
Foto: Tadeusz Mieczyński
Fødd 1. april 1958
Bezau
Yrke skihoppar, skihopptrener
Toni Innauer på Commons

Anton Innauer, kjend som Toni Innauer, (fødd 1. april 1958) er ein austerriksk, tidlegare skihoppar og -trenar frå Bezau i Vorarlberg. Han vart olympisk meister i normalbakken i 1980, og fekk OL-sølv i storbakken 1976, samt VM-sølv i skiflyging i 1977. Broren Sigi Innauer vart europameister i kulekøyring i 1980.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Innauer debuterte internasjonalt i den tysk-austerrikske hoppveka 1973/74 der han deltok i tre av fire renn, knapt 16 år gammal. I avslutningsrennet i Bischofshofen kom på 14. plass. Seinare i same sesongen deltok han i verdsmeisterskapen på ski i Falun, der han vart nummer 22 i storbakken.

Sesongen 1974/75 fall Innauer og skada seg i det fyrste hoppvekerennet. 9. mars 1975 overraska han stort då han vann ein suveren siger i Holmenkollrennet. Suveren var han også då han vann gullmedaljen i junior-EM i finske Lundo.

Innauer vann tre av dei fire renna i den tysk-austerrikske hoppveka 1975/76. Samanlagt vart det likevel ein fjerdeplass, då han var uheldig med vindforholda under rennet i Innsbruck. Under OL 1976 i Innsbruck vart han slått i storbakken av landsmannen Karl Schnabl, etter å ha leia etter den fyrste omgangen. Same året forlenga Innauer verdsrekorden i skiflyging to gongar, fyrst til 174 meter og sidan til 176 meter. For begge desse rekordhoppa fekk han fleire 20-tal frå dommartårnet. I Holmenkollen vert det andreplass på inge austerrikaren, som nok ein gong vart knipe slått av landsmannen Schnabl. Under junior-europameisterskapen i Liberec forsvarte Innauer meistertittelen sin.

Tidleg i 1977/78-sesongen vann Innauer hoppvekerennet i Oberstdorf og enda som året før på fjerdeplassen samanlagt i hoppveka. I skiflygings-VM i Vikersund i 1977 vann han sølvmedaljen, bakom den sveitsiske krafthopparen Walter Steiner.

I åra som fylgde var Innauer mykje plaga av skadar, men under OL 1980 i Lake Placid slo han til med ein suveren gullmedalje i normalbakken, heile 17,3 poeng framom sølvvinnarane Hirokazu Yagi frå Japan og Manfred Deckert frå Aust-Tyskland. I storbakkerennet veka etter kom Innauer på fjerdeplass, ein tidels poeng etter bronsemedaljøren, finske Jari Puikkonen.

Den 27. desember 1979 i Cortina d'Ampezzo vann Innauer det aller fyrste rennet i Verdscupen i skihopping. Hans andre og siste verdscupsiger kom i Engelberg 3. mars 1980.

Hausten 1980 fall Innauer stygt under hopptrening i St. Moritz og pådrog seg ein så alvorleg ankelskade at han måtte legge opp.

Idrettsleiar[endre | endre wikiteksten]

I 1987 vart Innauer tilsett som lærar og hopptrenar ved skigymnaset i Stams. Han fekk hovudansvaret for det austerrikske juniorlandslaget, med folk som Heinz Kuttin, Andreas Rauschmeier, Markus Steiner og Alexander Pointner.

Åra 19891992 var Innauer trenar for det austerrikske hopplandslaget. Desse sesongane vann Heinz Kuttin VM-gull i 1991, Ernst Vettori OL-gull i 1992, Martin Höllwarth tre OL-sølv i 1992, medan Andreas Felder vann verdscupen i skihopp 1991.

Frå 1993 var Innauer sjef for nordiske greiner i det austerrikske skiforbundet. Etter VM i Ramsau i 1999 fekk han eit snevrare arbeidsfelt, var frå då sjef for kombinert og skihopp, ei stilling han hadde til 2010. Frå februar 2001 og ut 2003-sesongen tok Innauer i tillegg over treneransvaret for det austerrikske hopplandslaget, etter at trenaren, Alois Lipburger, omkom i ein trafikkulukke.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]