Trekryparar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trekryparfamilien
Amerikatrekrypar, Certhia americana
Amerikatrekrypar, Certhia americana
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Trekryparfamilien Certhiidae
Leach, 1820
Denne artikkelen skildrar trekryparfamilien. Trekrypar er ein art i familien.

Trekryparar er ein biologisk familie, Certhiidae, av små sporvefuglar, utbreidd i skogkledde område på den nordlege halvkula og i Afrika sør for Sahara. Familien inneheld sju artar i slekta Certhia og ein art i Salpornis. Fjørdrakta har avdempa farger, og som namnet seier, desse fuglane klatrar på trestammar på søk etter føde.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Trekryparar måler 12 til 18 centimeter i lengd. Nebba deira er forsiktig nedoverbøygde og ganske lange, blir brukt for søk etter insekt og edderkoppar i bork. Tærne er lange og utstyrt med sterkt bøygde klør for godt grep i stammen når dei søkjer føde. Hos Certhia-artane er halen stiv og nyttast som støtte under klatring, men Salpornis-arten manglar denne eigenskapen. Songane deira og lydytringane er svake og høgfrekvente.[1]

Utbreiing, habitat og rørsler[endre | endre wikiteksten]

Certhia-artane av trekryparar finst generelt i økosystem i den palearktiske regionen og den indomalayiske regionen, frå Vest-Europa til Japan og India. Amerikatrekrypar, Certhia americana, lever i Nord-Amerika frå Alaska sør til Nicaragua. Greinkrypar, Salpornis spilonotus, har ei usamanhengjande utbreiing i Afrika sør for Sahara og India. Alle artar av trekryparar lever i skogshabitat. Dei nordlege artane er delvis trekkfuglar, og dei som finst i varmare klima er truleg standfuglar, men det manglar informasjon om dette for mange artar.[2]

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Trekryparar er generelt lite synlege og er ofte likesæle til menneske. Dei treffast som einslege eller i par, nokre gonger i små familiegrupper etter at ungane har blitt flygedyktige. Hos tre av artane er det observert at dei flokkar seg til kvile, så mange som 20 fuglar kan dele ein kvileplass for å spare varme.[2]

Trekryparar beitar på stammane av store tre. Dei flyr først til botnen av eit tre, og deretter klatrar dei opp i ei spirallei når dei søkjer byttedyr. Dei rykkjer opp stammen med små hopp med samla bein. Dei meste av kosthaldet består av små virvellause dyr, blant anna insekt og larvene deira, edderkoppar, og bokskorpionar. I harde tider kan frø og frukter takast, og nokre artar vil òg vitje matingsstasjonar. Artar i begge slekter har blitt registrert i blandaflokkar for næringssøk.[2]

Trekryparars er monogame og territoriale. Certhia-artane byggjer vanlegvis reiret i et sprekk mellom borken og trestammen, medan reiret av greinkrypar er plassert i gaffelen på ei grein.[2] Ruginga varar 14 til 15 dagar, og ungane er flygedyktige etter 15 til 16 dagar[1].

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Trekryparar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]

Slekt Certhia

  • Trekrypar, Certhia familiaris, Eurasian Treecreeper, Linné, 1758, (LC)
  • Rododendrontrekrypar, Certhia hodgsoni, Hodgson's Treecreeper, Brooks, WE, 1871, (LC)
  • Sichuantrekrypar, Certhia tianquanensis, Sichuan Treecreeper, Li, G, 1995, (NT)
  • Amerikatrekrypar, Certhia americana, Brown Creeper, Bonaparte, 1838, (LC)
  • Kortklotrekrypar, Certhia brachydactyla, Short-toed Treecreeper, Brehm, CL, 1820, (LC)
  • Tigertrekrypar, Certhia himalayana, Bar-tailed Treecreeper, Vigors, 1832, (LC)
  • Rusttrekrypar, Certhia nipalensis, Rusty-flanked Treecreeper, Blyth, 1845, (LC)
  • Eiketrekrypar, Certhia discolor, Sikkim Treecreeper, Blyth, 1845, (LC)
  • Kaneltrekrypar, Certhia manipurensis, Hume's Treecreeper, Hume, 1881, (LC)

Slekt Salpornis

  • Afrikagreinkrypar, Salpornis salvadori, African Spotted Creeper, Barboza du Bocage, 1878, (LC)
  • Indiagreinkrypar, Salpornis spilonota, Indian Spotted Creeper, Franklin, 1831, (LC)

Andre liknande fuglar

Ikkje-nærskylde fuglar som liknar trekryparar i utsjånad og eller levevis er:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Mead, Christopher J. (2003). «Holarctic Treecreepers». I Perrins, Christopher. The Firefly Encyclopedia of Birds. Firefly Books. s. 538–540. ISBN 1-55297-777-3. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Harrap, Simon (2008). «Family Certhiidae (Treecreepers)». I Del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D. Penduline-tits to Shrikes. Handbook of the Birds of the World. Band 13. Barcelona: Lynx edicions. s. 166–179. ISBN 978-84-96553-45-3. 
  3. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019 
  4. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]