Turisme i Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bryggen i Bergen er eit av dei fremste turistmåla i Noreg
Fritids- og moroparkar er populære reisemål. Ved inngangen til Ivo Caprinos eventyrgrotte i Hunderfossen Familiepark i Oppland, ruvar eit 13 meter høgt troll. Inne i grotta er kjende norske folkeeventyr framstilt i fantasifulle scener til lyden av fossebrus, tusselatter og hardingfele.
Flåmsbana fraktar kvart år ein halv million reisande - dei aller fleste turistar
Foto: Alasdair McLellan
Norsk bremuseum i Fjærland
Foto: Frode Inge Helland
Dyreparken i Kristiansand er ein av dei største temaparkane i Noreg. Kaptein Sabeltanns Verden, med skodespel og temabaserte aktivitetar, er ein av mange viktige attraksjonar.

I Noreg står reiselivsnæringane for om lag 4 % av bruttonasjonalproduktet og skaper årleg verdiar for nærare 70 milliardar kroner. Totalt sysselset reiselivsnæringane om lag 150 000 personar. Mange er deltidstilsette, og omrekna til normalårsverk utgjer dette om lag 126 000 årsverk (2003). Næringane er særleg viktige for sysselsettinga i distrikta, og i enkelte regionar har opptil 20 % av dei sysselsette arbeid som er knytt til reiseliv. Dei norske reiselivsnæringane består i hovudsak av små og mellomstore bedrifter. Av det totale turistkonsumet skjer nærare 30 % i Oslo og Akershus, og deretter følgjer Hordaland, Oppland og Rogaland. Eit fleirtal av arbeidsplassane i hotell- og restaurantbransjen finst i eller i nærleiken av byane. I distrikta utgjer reiselivet ofte viktige arbeidsplassar, men desse er mindre stabile og meir sesongavhengige enn i sentrale strøk.[1]

Organisering[endre | endre wikiteksten]

Nærings- og handelsdepartementet er fagdepartement for reiseliv i Noreg. Underlagt departementet er det statlege særlovselskapet Innovasjon Norge, som skal bidra til å utvikle distrikta, auke innovasjonen i næringslivet og profilere norsk næringsliv og Noreg som reisemål. Viktig for marknadsføringa av Noreg som turistdestinasjon er reiselivsportalen visitnorway.com, utvikla av Innovasjon Norge, som har 20 000 sider på 11 språk. Utanom Innovasjon Norge, er Norsk ReiselivsForum (NRF) og Reisebransjeseksjonen i Handels- og Servicenæringens hovedkontor (HSH) (tidlegare Reiselivsbedriftenens landsforbund) viktige bransjeorganisasjonar for reiselivsnæringane i Noreg. Gjennom reiselivslag, landsdelsselskap og destinasjonsselskap samarbeider reiselivsnæringane om mellom anna produksjon av fellestenester og marknadsføring av desse. Slike fellesskapsnettverk er i aukande grad basert på tema, som Sykkelturisme i Norge eller Norske Fjell. Samarbeid mellom aktørar innan primærnæringa og reiseliv har også auka i dei seinare åra, ikkje minst når det gjeld bygdeturisme.

Trendar, merkevare og marknadsføring[endre | endre wikiteksten]

Ifølgje World Tourism Organization veks det globale reiselivet med mellom 3 og 4 % kvart år, og det er venta at talet på reisande på verdsbasis vil doble seg fram mot 2020. Ifølgje regjeringens handlingsplan for reiselivsnæringene 2005 var målet å auke talet på utanlandske turistar med éin million, frå 3,5 millionar til 4,5 millionar i 2010, noko som vile utgjere ein vekst på om lag 30 % i talet framkomstar til Noreg.

Norske reiselivsbedrifter må i aukandegrad legge til rette for kvalitetsbevisste, reisevane og pengesterke turistar, og stadig fleire av dei er i høgare alderskategoriar. Dagens turistar vil ha personleg og individuell behandling, og internasjonale trendar går i retning av auka etterspørsel etter produkt der aktivitetar og opplevingar i tilknyting til naturen er viktige. Tendensen er også at mange ønskjer seg både natur, kultur, aktivitetar, by og land på same tur, og det er dei ønskte opplevingane som bestemmer val av feriestad.

I 2006 delte regjeringa ut 172,5 millionar kroner til profilering av Noreg som reisemål i utlandet. Marknadsføring av merkevara Noreg tar sikte på å auke kjennskapen til og kunnskapen om Noreg, slik at potensielle turistar sit att med ei positiv oppfatning og vel Noreg som reisemål. Kjerneverdiane i marknadsføringa er at Noreg er «ekte, vennleg, velskapt og velorganisert», og hovudmålgruppa er turistar som søkjer naturbaserte opplevingar. For å kunne møte endringar som har skjedd i det globale reiselivet, i den norske reiselivsbransjen og i preferansane til turistane, er merkevara Noreg i 2006 under revisjon. Den nye merkevara tek sikte på å vere sentrert rundt éin grunnleggjande kjerneverdi og eit knippe destinasjonar og reiselivsprodukt som skal definere eit Noreg sett utanfrå.

Naturen har alltid vore eit grunnelement i norsk reiseliv, og auka bruk av natur og verneområde har ført med seg eit stort behov for miljøretningslinjer for dei naturbaserte reiselivsbedriftene. Våren 2005 fekk stiftinga GRIP stønad frå Miljøverndepartementet og Nærings- og handelsdepartementet til ei nasjonal satsing på økoturisme i Noreg. Eitt treårig samarbeidsprosjekt med Verdas naturfond (WWF) og Innovasjon Norge som partnarar vart etablert same året, der målsettinga er å etablere «økoturisme som konsept, nettverk og marknad for naturbaserte reiselivsbedrifter i Noreg».

I Noreg vert det frå 2005 også satsa sterkt på geoturisme. Innovasjon Norge underteikna i 2005 Geoturisme-charteret og forplikta seg dermed til å utvikle reiselivsnæringane i Noreg i tråd med definisjonen til National Geographic Societys på geoturisme: Turisme som «tek vare på, forsterkar og framhevar den lokale eigenarten til ein stad – miljø, kultur, estetikk, kulturarv – og som kjem lokalsamfunnet til gode».

Både økoturisme og geoturisme er opptekne av bærekraftig utvikling og å ta vare på lokalsamfunnets eigenart. Men mens økoturismen fokuserer på naturbaserte reiselivsbedrifter og gjev retningslinjer som skal sikre ei økonomisk bærekraftig utvikling av småskala, naturbasert reiseliv i lokalsamfunnet, handlar geoturismen om heile reisemålet/destinasjonen, og ikkje berre enkeltbedrifter som finst på staden.

I dei seinare åra er det etablert fleire opplevelsessenter basert på historiske tema eller natur. Døme på dette er Polarsirkelsenteret på Saltfjellet, Norsk Bremuseum i Fjærland, Jostedalen Nasjonalparksenter ved Stryn, Lofotakvariet i Kabelvåg og Moskus Safari Dovrefjell. Moroparkane har også vorte viktigare. Blant dei største temaparkane i dag er Kristiansand Dyrepark, Moroparken Tusenfryd, Hunderfossen Familiepark og Bø Sommarland. Mange golfbanar er også bygde ut i ferie- og fritidssamanheng. I tillegg til dette kjem tradisjonell museumsverksemd, arrangement, festivalar og liknande. Vinterturismen har også hatt god vekst dei siste tiåra, og for alpinanlegg har det vore ein markant ekspansjon. I 1971 var det 69 skiheisar og skitrekk i Noreg. I 1981 var dette talet auka til 170, medan det i 2003 var 503 anlegg. OL på Lillehammer i 1994 førte til ei sterk satsing på vinterturisme. I tråd med helseferiekonseptet har Noreg også fått fleire spa-anlegg det siste tiåret.

Både lokale og landsdekkjande transportruter er viktige for reiselivsprodukta. Enkelte transportruter, som Hurtigruta og Flåmsbana, har utvikla seg til å bli turistattraksjonar i seg sjølve.

Viktige for reiselivet er også dei norske stadene på lista til UNESCO over verdas kultur- og naturarv: Bryggen i Bergen, Røros, Helleristninane i Alta, Urnes stavkyrkje, Vegaøyane i Nordland, Geirangerfjorden, Nærøyfjorden og fire punkt langs Struvemeridianen.

Ferie- og fritidsvanar hos nordmenn[endre | endre wikiteksten]

Norske arbeidstakarar har frå 2002 lovfesta rett til ferie i fem veker kvart år. Langt dei fleste bruker ferien til å reise bort frå heimstaden, og reiseaktiviteten har vist ei monaleg auke sidan starten av 1970-åra. I 1970 drog 61 % av alle nordmenn i aldersgruppa 15–74 år på ferie ein eller annan gong i løpet av året. I 1986 hadde talet stige til 77 %. Ved tusenårsskiftet reiser nordmenn i snitt på 3,7 ferie- og fritidsturar per år. Delen av ferieturar som går til utlandet har auka kraftig: I 1970 gjekk 3 % av nordmenns ferieturar til utlandet, utanfor Norden, i 1985 hadde delen utanlandsturer stige til 15 %, medan kvar fjerde reise i 2000 gjekk til utlandet. Resiene varer i gjennomsnitt på fire overnattinger, men tendensen er at reisene vert meir kortvarige, det vil seie 1–3 overnattinger.

Frå 1970-åra har pakketurismen til middelhavsområdet og Kanariøyane vore i sterk vekst. I 2005 vart det om lag 981 000 pakkereiser med fly ut av Noreg, der om lag 876 450 av desse turane gjekk til destinasjonar i Europa.

Spania er det mest populære reisemålet for nordmenn, deretter følgjer Danmark og Sverige.

Nordmenn er også flittige brukarar av fjell og vidder, både på ski og til fots. Ved tusenårsskiftet hadde Den Norske Turistforening (DNT) for første gong over 200 000 medlemmer.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I den siste halvdelen av 1800-talet byrja ein del reisande å interessere seg for den vakre naturen og dei rike førekomstane av fisk og vilt som framleis fanst i mellom anna Tyskland, Sveits og Skandinavia. Britiske laksefiskarar, jegerar og fjellklatrarar hadde søkt til norske fjordar og fjell allereie i 1850-åra, og omkring 1890 byrja ei rivande utvikling i hotellnæringa på Vestlandet. I 1868 vart Den Norske Turistforening stifta for å arbeide spesielt for utbreiing av fotturismen, og i 1903 vart det oppretta eit eige organ, Forening for Reiselivet i Norge (frå 1929–84 Landslaget for Reiselivet i Norge; 1984–99 Nortra; 1999–2003 Norges Turistråd; frå 2004 Innovasjon Norge), for å samordne marknadsføringa av norske reisemål overfor dei utanlandske kundane.

Frå hundreårsskiftet fram til 1930-åra utgjorde cruiseskipanløp eit viktig innslag i turisttrafikken til Vestlandet, men etter som fjorddistrikta fekk vegsamband med omverda, auka biltrafikken, og i etterkrigstida har gruppeturar med buss vore ei svært viktig inntektskjelde. Den individuelle bilturismen har også vore i stadig vekst sidan dei første campingplassane i Noreg vart opna omkring 1930. Ein stor del av denne trafikken er nordmenn eller andre skandinavar, men også tyskarar og nederlendarar er flittige bilturistar.

Etter 1945 har det vore ein eksplosiv vekst i reiselivet, som gjeld både turisme inn til landet og feriering nordmenn gjer utanalands. Fram til tidleg i 1970-åra hadde Noreg overskot på reisevalutabalansen, men i ettertid har det vore underskot. Auka velstand og internasjonalisering av næringslivet, i tillegg til billigare, meir effektiv og internasjonalisert transport har resultert i at nordmenn reiser til internasjonale destinasjonar på ferie.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nærings- og handelsdepartementet (12. juli 2005). «Handlingsplan for reiselivsnæringene» (PDF). regjeringa.no. Henta 26. juli 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]