Ulrik Cappelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ulrik Cappelen
Fødd 13. mai 1797
Skien
Død

24. november 1864
Larvik

Ulrik Frederik Cappelen (13. mai 179724. november 1864) var ein norsk jurist, embetsmann og stortingsmann. Han var fødd i Skien og døydde i Larvik.

Cappelen gjekk ut med laud frå Københavns universitet i 1814 og vart juridisk kandidat med same karakteren ved Universitetet i Oslo i 1817. 23. juni 1819 vart han over- og underrettsprokurator, frå 1823 var han fullmektig i kyrkjedepartementet. År 1825 vart han fut og sorenskrivar i Vestfinnmark. 2. juni 1829 vart han amtmann i Finmarkens amt og fire år seinare, 17. juli 1833, amtmann i Jarlsbergs og Laurvigs amt. Dette embetet styrte han til han gjekk av 24. september 1864.

Cappelen var stortingsmann frå Finmarkens amt i 1833, då formann i tollkomiteen. På stortinget av 1848 representerte han Larvik og Sandefjord og var då medlem av tollkomiteen.

Han var medlem av fleire kongelege kommisjonar, mellom anna i 1843 om ordninga av tilhøvet mellom samane på grensa mot Russland. Tidlegare var han med kommisjonen som såg på veglova, 1840, og han var fast medlem av reguleringskommisjonane for fisketienda.

Cappelen var bror av Nicolai Cappelen og Jørgen W. Cappelen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Erik Andreas Thomle: Familien (von) Cappelen i Norge og Danmark, Christiania 1896
  • Lambrecht Haugen: Cappelen-slekten 1627-2008, Rosendal 2008
  • Biografisk informasjon om Ulrik Cappelen NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv