Ulveham

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Ulveham»
Song av Gåte
frå albumet Vandrar (EP)

Land Noreg
Språk Norsk
Utgjeve 12. desember 2023 (fullversjon)
5. januar 2024 (MGP-versjon)
2. februar 2024 (ny tekst)
Sjanger Norsk folkemusikk, folkrock
Lengd 03:05
Selskap Indie Recordings
Komponist Gunnhild Sundli, Magnus Børmark, Jon Even Schärer, Ronny Janssen, Sveinung Sundli
Tekstforfattar Gunnhild Sundli, Magnus Børmark, Jon Even Schärer, Ronny Janssen, Sveinung Sundli
Låtskrivar(ar) Sveinung Sundli, Ronny Janssen, Marit Jensen Lillebuen, Gunnhild Sundli, Magnus Børmark, Jon Even Schärer

«Ulveham» er ein norsk folkrocksong av og med det norske bandet Gåte. Låten blei gjeven ut 12. desember 2023 og vann Melodi Grand Prix 2024. «Ulveham» er komponert av Sveinung Sundli og Ronny Janssen, i tillegg inneheld songen opptak av ein tradisjonell kulokk av folkesongaren Marit Jensen Lillebuen.

Som vinnar av Melodi Grand Prix, er «Ulveham» det norske bidraget til Eurovision Song Contest 2024 i Malmö. Dette er fyrste gong sidan 2006 at Noreg deltek med eit norskspråkleg bidrag i Eurovision Song Contest. Tekstlinjene i den opphavlege versjonen av sangen var henta fra mellomalderballaden «Møya i ulveham». Eldste kjende belegg for denne er frå det som blir kalla Karen Brahes folio, ei balladesamling sett saman mellom 1548 og 1583, då med tittelen «Jomfruen i ulveham». Balladesamlinga var seinare eigd av den danske adelskvinna og boksamlaren Karen Brahe (1657–1736) – for øvrig ein slektning av den kjende astronomen Tycho Brahe. I Melodi Grand Prix måtte bandet bytte ut teksta med ei nyskriven tekst for å følgje regelverket i konkurransen. Gunnhild Sundli, Magnus Børmark og Jon Even Schärer var med på å skrive den nye teksta.

Om songen[endre | endre wikiteksten]

Gunnhild Sundli og Gåte måtte bytte ut teksten før finalen. Her frå ein konsert i 2018. Foto: Stian Schløsser Møller

Songen er henta fra ein eldgammal skandinavisk mellomalderballade, kalla «Møya i ulveham». Den norske historia finst i ulike variantar, hovudsakleg frå Telemark.[1] I hovudtrekk går historia ut på at ei ung jomfru blir forvandla til ei nål, ein kniv og eit sverd av si onde stemor. Men menneska i verda set pris på både nåla, kniven og sverdet. For å straffe jomfrua endå meir, forvandlar stemora ho til ein ulv. Historia endar med at stemora blir med barn, og på veg til kyrkja kastar ulven seg over stemora og drikk hjarteblodet hennar. Dette opphevar forbanninga, og jomfrua kjem ut av ulvehammen.

Variantar av historia fins også igjen i eldre tradisjon på dansk og svensk. I dei svenske variantane er det ein ung mann som blir omskapt til ulv, og visa blir difor kalla «Den förtrollade riddaren».[1]

«Ulveham» startar med ein tradisjonell kulokk, henta fra eit eldre opptak med folkesongaren Marit Jensen Lillebuen.[2]

Melodi Grand Prix[endre | endre wikiteksten]

Låten blei plukka ut til å delta i Melodi Grand Prix 2024 og var det siste bidraget ut i den andre delfinalen laurdag 20. januar 2024. I delfinalen var «Ulveham» ein av tre låtar som gjekk vidare til finalen i Trondheim Spektrum laurdag 3. februar 2024. I vekene fram mot finalen avanserte låten på oddsen, og han klatra opp som favoritt til å vinne.[3]

I den norske finalen var «Ulveham» nest sist ut på scena av ni deltakarar. Bandet innfridde favorittstempelet og vann konkurransen med flest folkerøyster. Som vinnarar fekk dei representere Noreg i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö. Dette var den fyrste gongen sidan «Alvedansen» av Christine Guldbrandsen i 2006 at Noreg stilte med eit norskspråkleg bidrag.[4]

Noreg deltok i andre halvdel av den andre semifinalen torsdag 9. mai, der «Ulveham» kvalifiserte seg til finalen.[5][6] I finalen enda «Ulveham» på 23. plass i juryavrøystinga og 24. plass i telefonavrøystinga, og enda på sisteplass samanlagd med 16 poeng.[7][8] Dette var den den tolvte sisteplassen til Noreg i Eurovision Song Contest.

Strid om teksten[endre | endre wikiteksten]

I Melodi Grand Prix og Eurovision Song Contest krev regelverket at både tekst og melodi må vere orginale og ikkje tidlegare utgjevne. Sidan «Ulveham» har tekst henta frå ein nærare tusen år gammal ballade, bryt dette med konkurransereglane.

Etter framsyninga til Gåte i den andre delfinale i januar 2024 blei låten favoritt til å vinne den norske finalen. For å unngå problem ved ei eventuell deltaking i Eurovision Song Contest, tok NRK ein sjekk med EBU, som arrangerer Eurovision Song Contest.[9] Etter ei vurdering kom EBU fram til at kulokk-opptaket med Marit Jensen Lillebuen kunne godkjennast. For å vere på den sikre sida bestemte NRK at heile teksten skulle erstattast med ein nyskriven og original tekst. Dimed deltok Gåte med ein nyskriven tekst i den norske finalen.[10] Musikkansvarleg Stig Karlsen uttalte til NRK at «låtens tittel og historiske tematikk» ville bestå.[11]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2024) Høgaste
plassering
Noreg (VG-lista)[12] 10

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Velle Espeland; Børge Nordbø; Liv Kreken; Maren Dahle Lauten; Elin Prøysen; Astrid Nora Ressem; Olav Solberg; Ellen Nessheim Wiger, red. (2015). «TSB A 19 Møya i ulveham». Norske mellomalderballadar: Naturmytiske balladar. Nasjonalbiblioteket. 
  2. Hyttebakk, Jon Marius (28. januar 2024). «Gåte må skrive om teksten i MGP-bidraget». NRK (på norsk bokmål). Henta 29. januar 2024. 
  3. «Odds Norway Melodi Grand Prix 2024». Eurovisionworld (på engelsk). Henta 29. januar 2024. 
  4. NTB Nyheter (3. februar 2024). «Norsk folkemusikk blir Norges bidrag i Eurovision Song Contest – Gåte er klare for Malmö». Dagsavisen (på norsk). Henta 4. februar 2024. 
  5. «Eurovision 2024: Semi-Final Draw results». eurovision.tv (på engelsk). Den europeiske kringkastingsunion. 30. januar 2024. Henta 4. februar 2024. 
  6. Østbø, Stein; Mortensen, Ingrid Alice; Edland, Gyrid Friis (9. mai 2024). «Gåte er videre til Eurovision-finalen». VG (på norsk). Henta 10. mai 2024. 
  7. Ridola, Hilde Nilsson; Vedeler, Linda Marie; Pettersen, Roy (9. mai 2024). «Gåte fornøyd tross sisteplass». VG (på norsk). Henta 10. mai 2024. 
  8. Østbø, Stein; Mortensen, Ingrid Alice; Edland, Gyrid Friis (12. mai 2024). «Norge på sisteplass i Eurovision-finalen: –⁠ Sjokkert». VG (på norsk). Henta 12. mai 2024. 
  9. NTB (28. januar 2024). «Gåte må bytte tekst før MGP-finalen». www.vg.no (på norsk bokmål). Henta 29. januar 2024. 
  10. Kilnes, NTB, Camilla (28. januar 2024). «Gåte heiv seg rundt: - Snedig at vi skulle støte på en regel som er der for å hindre plagiering». adressa.no (på norsk). Henta 29. januar 2024. 
  11. Hyttebakk, Jon Marius (28. januar 2024). «Gåte må skrive om teksten i MGP-bidraget». NRK (på norsk bokmål). Henta 29. januar 2024. 
  12. «Gåte». topplista.no. Henta 11. februar 2024.