Vendehals

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vendehals

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

Bilete frå Ramsøy ved MandalFoto: Arnstein Rønning
Bilete frå Ramsøy ved Mandal
Foto: Arnstein Rønning
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Piciformes
Familie: Picidae
Slekt: Jynx
Art: J. torquilla
Namn på andre språk
Vitskapleg namn
Jynx torquilla

Vendehals (Jynx torquilla) i spettefamilien er ein av to vendehalsartar. Han hekkar hovudsakleg i tempererte regionar i Europa og Asia. Dei fleste populasjonane migrerer, overvintrar i tropisk Afrika og i Sør-Asia frå Det indiske subkontinentet til søraustlege Kina og sørlege Japan. Dette er ein fugl som kan leve både i opne område og i skog og frukthagar.

Artsnamnet på norsk kjem av evna deira til å snu hovudet over ein sektor på nesten 180 grader. Når vendehalsar blir uroa på reiret, brukar dei denne slangeliknande vridinga av hovudet og kvesing som trugsmål.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Vendehalsar er små spettar på 16 til 17 centimeter i kroppslengd og har kortare og mindre dolkeliknande nebb enn andre hakkespettar. Kroppsvekta kan variere mellom 30 og 50 gram. Dette er ein slank, langstrekt fugl med kroppsform meir som ein trast eller annan sporvefugl enn ein hakkespett.

Fjørdrakta er kamuflerande. Oversida er flekt i nyansar av bleikbrunt med raudbrune og svarte teikningar og breiare svarte striper. Undersida er kremfaga og flekt med brunt, hals og bryst har mørke tverrflekker. Den avrunda halen er grå, flekt med brunt, med svake band av gråbrun og nokon klårare definerte band av brunaktig svart. Dei har ei tydeleg mørk sentral stripe frå bakhovudet og nedover ryggen.[2]

Den føretrekte dietten til vendehalsar er maur og andre insekt som dei plukkar opp på bakken eller nokon gonger frå stammen av aldrande tre. Som vanleg hos holerugarar er egga kvite, og kullet på sju til tretten egg blir lagt i løpet av mai og juni.

Lætet til vendehalsar er ein serie med gjentatte, harde, skarpe tonar tie-tie-tie-tie som varer i fleire sekund og minnar om lætet til dvergspett. Varslelætet er ein kort serie av stakkato 'tekk'.[2]

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Vendehalsen har ein palearktisk distribusjon. Hekkeområdet omfattar store delar av Europa, derifrå austover i eit belte gjennom Russland, nordlegaste Kasakhstan, Mongolia og Kina mot Okhotskhavet (Stillehavet), vidare ut på øyane Sakhalin, Hokkaido og nordlegaste hovudøya Honshu, Japan. Nordgrensa for hekkeområdet er grovt rekna polarsirkelen, sørgrensa omfattar Spania i sørvest, nordlegaste Algerie og øyane i Middelhavet. I Vest-Europa har arten fråvere frå Island. Arten er rekna som utdøydd som hekkefugl i Storbritannia,[3] men skandinaviske fuglar kan trekke over Dei britiske øyane.[1] I Noreg er han i tilbakegang,[4] jamvel om han framleis er hekkefugl i alle fylke, og mest talrik på Austlandet.[5][6]

Vendehalsen er einaste europeiske spettefuglen som er langdistanseflyttfugl. Vinterområdet for den europeiske populasjonen ligg i hovudsak i Afrika sør for Sahara, i ei brei stripe som strekkjer seg frå Senegal, Gambia og Sierra Leone i vest til Etiopia i aust. Den sørlege grensa strekkjer seg til Den demokratiske republikken Kongo og Kamerun. Men nokre fuglar held seg i Nordvest-Afrika og jamvel i avgrensa område i Sør-Europa gjennom vinteren. Populasjonen frå Vest-Asia brukar dei same vinterområda. Dei sentrale og austasiatiske hekkefuglane overvintrar på det indiske subkontinentet eller i Søraust-Asia, inkludert sørlege Japan.[1]

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Vendehals dannar nokre gonger små grupper under fugletrekket og i vinterkvarteret, men om sommaren lever dei i regelen parvis. Vanlegvis held dei det karakteristiske hovudet høgt med nebbet peikande litt oppreist. Ei gjensidig oppvising som kan skje når som helst på året inneber at to fuglar som står opp mot kvarandre med hovuda sine langt bakover, og nebba opne, og nikkar hovudet opp og ned. Nokre gonger kan hovudet falle sidelengs og henge slapt ned. Ved andre høve, når dei er opphissa, ristar dei hovudet og vrir valdsamt. Om dei blir forstyrra på reirplassen, vrir dei halsen i alle retningar, som om dei freistar å imitere ein slange. Fuglen kan nokre gonger spele livlaus og henge hovudet ned med lukka auge. Flyginga er ganske sakte og bølgjande.

Kosthaldet til vendehalsar er hovudsakleg av maur, men òg sett saman av biller og larver, møll, edderkoppar og skrukketroll, berre sjeldan bær. Dette er ein fugl som i hovudsak beitar på bakken, men òg litt i tre. Vendehalsen hoppar typisk på bakken eller på nesten horisontale og litt skrånande tregreiner på jakt etter føda.[1] Dei hakkar ikkje hol i barken på trestammar med nebbet som andre spettar, men plukkar opp bytet med ei rask forlenging og tilbaketrekking av tunga.[treng kjelde]

Reiret er ofte i eit eksisterande hol i ein trestamme. Reirplassen òg vere i andre holrom. Kulla er store og kan variere i området 7 til 13 egg. Større kull på meir enn 18 egg er trudd å følge av at fleire fuglar legg egg i same reiret. Rugetida er ca. 12 dagar og begge foreldra matar ungane.[1] Reirtida for ungane er rundt tre veker.[5] Levetida for ein vendehals ligg i området to til 10 år.

Status[endre | endre wikiteksten]

IUCN klassifiserer arten som globalt livskraftig. Populasjonen er estimert til mellom 3 og 7 millionar individ og har vore svakt minkande.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Winkler, H., Christie, D.A. & Kirwan, G.M. (2017) Eurasian Wryneck (Jynx torquilla) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 8. juli 2017
  2. 2,0 2,1 Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820
  3. «State of UK Birds 2016 | BTO - British Trust for Ornithology». https://www.bto.org/research-data-services/publications/state-uk-birds/2017/state-uk-birds-2016. Henta 2017-07-03. 
  4. John Bekken, 1994, Artsomtale: Vendehals - Jynx torquilla, S. 296 i: Gjershaug, J. O., Thingstad, P. G., Eldøy, S. & Byrkjeland, S. (red.): Norsk fugleatlas. Norsk Ornitologisk Forening, Klæbu, henta 8. juli 2017
  5. 5,0 5,1 Haftorn, Svein (1971). Norges fugler. Oslo: Universitetsforlaget. 
  6. http://www.artsdatabanken.no/Taxon/4487 Artsdatabanken funndata vendehals
  7. BirdLife International (2017) Species factsheet: Jynx torquilla. Henta frå http://www.birdlife.org den 8. juli 2017

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vendehals