Vic Coppersmith-Heaven
Vic Coppersmith-Heaven | |||
Fødd | august 1945 (0 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | England | ||
Fødenamn | Victor Smith | ||
Aktiv | 1961 til i dag | ||
Tilknytte artistar | The Jam, Black Sabbath, The Rolling Stones, Joe Cocker, andre | ||
Verka som | Lydteknikar, plateprodusent |
Vic Coppersmith-Heaven, fødd Victor Smith i England, er ein engelsk lydteknikar og plateprodusent, mest kjend som produsent for The Jam.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Smith arbeidde i platestudio ved Polydor etter han var ferdig på skulen i 1961. I 1967 arbeidde han som lydteknikar på Cat Stevens-albumet Matthew and Son og på The Rolling Stones-albumet Let It Bleed. Smith var lydteknikar på hittar som «Honky Tonk Women» og Joe Cocker sin «With a Little Help from My Friends».[1] Tidleg i 1968 produserte han the Nashville Teens-innspelinga av «All Along the Watchtower», den første coverversjonen av Bob Dylan-songen, og denne vart gjeven ut på singel i Storbritannia og Europa på Decca Records kring eit halvt år før hitversjonen til Jimi Hendrix.[2][3]
Han produerte mange artistar, som Sunforest for Nova, den kortvarige progrock-etiketten til Deram Records i 1969 og Tinkerbells Fairydust.
I midten av 1970-åra arbeidde Smith i det gamle studioet til Polydor i Stratford Place i London, og vart involvert i innspelingane til The Jam.
The Vapors-songen «Turning Japanese», vart produsert av Coppersmith-Heaven og nådde topp 3 på UK Singles Chart, samstundes som The Jam sin «Going Underground» låg på toppen av lista.[4] I September 1980, då «Start!» nådde toppen av den britiske singellista, vart det den andre songen Coppersmith-Heaven produserte som klarte dette.[5]
I 1987 skapte han, produsenten Nick Glennie-Smith og songaren Kenny Young albumet Transmissions[6] under gruppenamnet Gentlemen Without Weapons. Young hadde vore uroa for miljøsaker i fleire år og i 1989 var han med å starte opp ein organisasjon for bevaring av regnskogen, Earth Love Fund, med dei same kollegaene. Same året arbeidde Coppersmith-Heaven med Black Sabbath for andre gongen, og produserte albumet The Eternal Idol. Eit år seinare produserte han ein singel for det Kent-baserte indie-bandet The Claim.
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- Matthew and Son – Cat Stevens (1967)
- Skip Bifferty – Skip Bifferty (1968)
- Soul of a Man- Robbi Curtice (1968)
- Tinkerbells Fairydust – Tinkerbells Fairydust (1969)
- Heavy Blues – Champion Jack Dupree (1969)
- Sound of Sunforest – Sunforest (1969)
- Peter Wyngarde – Peter Wyngarde (1970)
- Every Word You Say (Is Written Down) – Peter Sarstedt (1971)
- Black Sabbath Vol. 4 – Black Sabbath (1972)
- Rock 'n Roll Gypsies – Vinegar Joe (1972)
- Bodacious DF - Bodacious DF (1973)
- SNAFU – Snafu (1973)
- Rocka Rolla – Judas Priest (1974)
- In the City – The Jam (1977)
- This Is the Modern World – The Jam (1977)
- All Mod Cons – The Jam (1978)
- The Jolt – The Jolt (1978)
- Setting Sons – The Jam (1979)
- Hour Glass – Johnny Warman (1979)
- Sound Affects – The Jam (1980)
- Playing in the City – Barratt Band (1981)
- Vocabulary – The Europeans (1983)
- Step Off The Edge – The Venetians (1985)
- The Eternal Idol – Black Sabbath (1987)
- Transmissions – Gentlemen Without Weapons (1987)
- Island of Ghosts – Rossy (1991)
- The Gate – Joji Hirota (1998)
- Issues – The Q (2008)[7][8]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Vic Coppersmith-Heaven» frå Wikipedia på engelsk, den 11. september 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Nicholls, Mike (1984). About The Young Idea: The Story of The Jam 1972 – 1982 (1st utg.). London: Proteus Books Ltd. s. 24. ISBN 0-86276-176-X.
- ↑ «Their Music». The Nashville Teens. Henta 11. september 2016.
- ↑ «Opulent Conceptions: The Nashville Teens - Sun-Dog». Expo67-cavestones.blogspot.co.uk. 21. august 2012. Arkivert frå originalen 30. januar 2016. Henta 11. september 2016.
- ↑ Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 582. ISBN 1-904994-10-5.
- ↑ Rice, Jo (1982). The Guinness Book of 500 Number One Hits (1st utg.). Enfield, Middlesex: Guinness Superlatives Ltd. s. 207. ISBN 0-85112-250-7.
- ↑ «Gentlemen Without Weapons Diskografi». Discogs.com. Henta 3. desember 2013.
- ↑ «Vic Coppersmith-Heaven | Credits». AllMusic. Henta 3. desember 2013.
- ↑ «Vic Smith | Credits». AllMusic. 12 May 1975. Henta 3. desember 2013.