Honky Tonk Women

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Honky Tonk Women»
Singel av The Rolling Stones
B-side

«You Can’t Always Get What You Want»

Språk engelsk
Utgjeve 4. juli 1969
Innspelt Olympic Studios i London, 1969
Sjanger Countryrock
Lengd 3:02
Selskap Decca F.12952 (UK)
London 45.910 (US)
Komponist Mick Jagger, Keith Richards
Tekstforfattar Mick Jagger, Keith Richards
Låtskrivar(ar) Jagger/Richards
Produsent Jimmy Miller
The Rolling Stones-kronologi 
«Street Fighting Man»
(1968)
«Honky Tonk Women» «Brown Sugar»
(1971)


I met a gin-soaked, bar-room queen in Memphis
She tried to take me upstairs for a ride
She had to heave me right across shoulder
’Cause I just can’t seem to drink you off my mind

Jagger/Richards

«Honky Tonk Women» er ein song av The Rolling Stones frå 1969. Han vart gjeven ut på singel 4. juli 1969 i Storbritannia, og ei veke seinare i USA. Han vart ein stor hit og toppa salslistene i begge land.[1]

Inspirasjon og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Det vart spelt inn to utgåver av songen. Den kjende hitten som kom ut som singel og ei honky-tonk-utgåve kalla «Country Honk» som kom ut på albumet Let it Bleed med ein noko anna tekst. Ei konsertutgåve vart gjeven ut på Get Yer Ya-Ya’s Out og er forskjellig frå begge desse to versjonane, med ein særleg annleis gitarintroduksjon og eit nytt andrevers.

Songen er skriven av Mick Jagger og Keith Richards medan dei var på ferie i Brasil frå seint i desember 1968 til tidleg i januar 1969. Dei var inspirert av brasilianske caipiraer på ein gard der Jagger og Richards budde i Matão i delstaten São Paulo.[2]

Omgrepet «honky tonk woman» viser til ein dansar i ein honky tonk-bar. Scena for forteljinga i første verset av blues-utgåva er Memphis i Tennessee, medan «Country Honk» finn stad i Jackson.[3]

«Honky Tonk Women» var opphavleg skriven som ein akustisk countrysong.[4] Songen vart spelt inn i London tidleg i februar 1969 utan Brian Jones. Songen vart gradvis omforma til den kjende, elektriske og riffbaserte singelen «Honky Tonk Women» våren 1969, før Mick Taylor vart med i bandet.[5] Taylor har fortalt i Sean Egan sin The Making of Let It Bleed at det meste alt var spelt inn då han la på noko sologitar. Songen er spesiell på den måten at han ikkje opnar med eit gitarriff, men ein rytme spelt på ei kubjølle spelt av produsenten Jimmy Miller.

Songen toppa Billboard Hot 100 i fire veker frå 23. august 1969. Singelen vart gjeven ut i Storbritannia dagen etter Brian Jones døydde. «You Can't Always Get What You Want» vart vald som B-side. I Noreg låg songen tre veker på andreplassen på VG-lista, heile tida bak Elvis Presley sin «In the Ghetto». Konsertutgåva av songen er med på albuma Love You Live og Live Licks, samt det alt nemnde Get Yer Ya-Ya’s Out!.

Musikkmagasinet Rolling Stone rangerte «Honky Tonk Women» på 116. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Rolling Stones
Andre medverkande

Salslister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1969) Plassering
Australia (Go-Set) 1
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[6] 4
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[7] 5
Canada Top Singles (RPM)[8] 2
Tyskland (Media Control AG)[9] 2
Irland (IRMA)[10] 1
Nederland (Mega Single Top 100)[11] 4
New Zealand (Listener)[12] 1
Noreg (VG-lista)[13] 2
Sveits (Schweizer Hitparade)[14] 1
UK Singles (Official Charts Company)[15] 1
US Billboard Hot 100[16] 1

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1969) Plassering
Canada[17] 16
US Billboard Hot 100[18] 4

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
USA (RIAA)[19] Gull 0^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Country Honk[endre | endre wikiteksten]

«Country Honk» er country-utgåva av «Honky Tonk Women», gjeven ut fem månader etter «Honky Tonk Women» på albumet Let it Bleed.

Byron Berline speler fele på sporet og har sagt at det var Gram Parsons som skaffa han denne jobben. Produsent Glyn Johns føreslo at Berline skulle spele inn fela på fortauet utanfor studioet for å gje den rette stemninga til albumet. Sam Cutler, turnemanageren til the Rolling Stones på denne tida, lagar bilhornet ein høyrer i starten av songen.[20] Nanette Workman gjer korvokalen på denne utgåva (på plateomlaget omtalt som Nanette Newman).

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Rolling Stones

Andre medverkande

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Mange andre artistar har spelt songen, mellom andre Waylon Jennings, Elton John, Billy Joel, Ike & Tina Turner, The Pogues, Albert King, AC/DC og Big Country.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Martin Elliott (2002). The Rolling Stones: Complete Recording Sessions 1962-2002. Cherry Red Books. s. 148. ISBN 1-901447-04-9. 
  2. «Kappa Magazine». Revistakappa.com.br. s. 100. Henta 2. oktober 2016. 
  3. The Rolling Stones "Honky Tonk Women". Time Is on Our Side.
  4. Steve Appleford (1997). The Rolling Stones It’s Only Rock and Roll: Song by Song. New York: Schirmer Books. s. 88. 
  5. Unterberger, Richie. «Honky Tonk Women». allmusic. 2007.
  6. "The Rolling Stones – Honky Tonk Women – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien. Henta 27. mars 2018.
  7. "Ultratop.be – The Rolling Stones – Honky Tonk Women" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 27. mars 2018.
  8. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 27. mars 2018.
  9. "The Rolling Stones - Honky Tonk Women". Charts.de. Media Control. Henta 27. mars 2018.
  10. "The Irish Charts – Search Results – Honky Tonk Women". Irish Singles Chart. Retrieved 18. juni 2016.
  11. "Dutchcharts.nl – The Rolling Stones – Honky Tonk Women" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 27. mars 2018.
  12. «flavour of new zealand - search listener». Flavourofnz.co.nz. Henta 2. oktober 2016. 
  13. "Norwegiancharts.com – The Rolling Stones – Honky Tonk Women". VG-lista. Hung Medien. Henta 27. mars 2018.
  14. "The Rolling Stones – Honky Tonk Women – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien. Henta 27. mars 2018.
  15. "Chart Stats – Rolling Stones – Honky Tonk Women" UK Singles Chart. Chart Stats. Henta 27. mars 2018.
  16. "Rolling Stones?f=379&g=Singles The Rolling Stones Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for The Rolling Stones. Prometheus Global Media. Henta 27. mars 2018.
  17. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 2. oktober 2016. 
  18. «Top 100 Hits of 1969/Top 100 Songs of 1969». Musicoutfitters.com. Henta 2. oktober 2016. 
  19. «American single salstrofé – The Rolling Stones – Honky Tonk Woman». Recording Industry Association of America. Henta 27. mars 2018.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH
  20. Cutler, Sam. You Can't Always Get What You Want - My Life with the Rolling Stones, the Grateful Dead and Other Wonderful Reprobates ISBN 9 781741 666090

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]