Sonja Henie
Sonja Henie | |
![]() Sonja Henie under Vinter-OL 1936. | |
Fødd | 8. april 1912 Christiania |
Død | |
Yrke | skodespelar, kunstløpar, filmskodespelar, Kunstsamlar |
Sonja Henie på Commons |
Sonja Henie (fødd 8. april 1912 i Kristiania, død 12. oktober 1969 på ei flyreise mellom Paris og Oslo) var ein norsk-amerikansk framifrå og internasjonalt vidgjeten kunstløpar som vann gullmedaljar i kunstløp (dans på skeiser) i tre vinterolympiadar og tok fyrsteplassar i fleire verdsmeisterskap og europameisterskap, og gjorde karriere som profesjonell isdansarinne. Saman med ektemannen, skipsreiar Niels Onstad, stod ho for skipinga og finansieringa av det viktige norske biletkunstmuseet Henie Onstad Kunstsenter på Høvikodden i Bærum kommune, der premiesamlinga hennar òg er stilt ut.
Innhaldsliste
Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]
Sonja Henie vart fødd i Oslo (som då heitte Kristiania). Foreldra var Selma Lochmann-Nielsen (1888-1961) og Wilhelm Henie (1872-1937).
Karriere[endre | endre wikiteksten]
Sonja Henie vann gull i dei tre olympiadane 1928, 1932 og 1936, vann ti verdsmeisterskap og seks europameisterskap på rad (1927–1936 og 1931–1936). Ho gjekk for Oslo Skøiteklub (ein klubb som som på 1930-talet gjorde mykje for å organisere skeiseløp for kvinner). I 1937 vart Sonja Henie riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.
Under olympiaden i 1936 i Garmisch-Partenkirchen, der Adolf Hitler var til stades då Sonja Henie sigra suverent, gjorde ho nazihilsen med høgrearmen utstrekt, i motsetnad til 16 år gamle Laila Schou Nilsen (kjend som både skeiseløpar, alpinist og tennisspelar), som vann bronse i alpint, men nekta å gjere nazihelsing. Sonja Henies haldning til nazismen i 1930- og 40-åra har vore kritisert og diskutert. I 1941 vart ho amerikansk statsborgar, og til liks med andre Hollywood-stjernar gav ho si støtte til dei amerikanske troppane gjennom United Service Organizations. Men ho tok ikkje avstand frå nazismen og den tyske okkupasjonen av Noreg på ein så klår måte som mange nordmenn og norske immigrantar i USA meinte var på sin plass.
Sonja Henie vart profesjonell isdansar i 1937, og var deretter med i ei rad internasjonale isshow og i fleire amerikanske skeisefilmar. Ho vart ei av dei internasjonalt mest kjende norske kvinnene, og har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame.
Olympiske medaljar[endre | endre wikiteksten]
Vinter-OL 1928[endre | endre wikiteksten]
Noreg[endre | endre wikiteksten]
Gull i kunstløp singel
Vinter-OL 1932[endre | endre wikiteksten]
Noreg[endre | endre wikiteksten]
Gull i kunstløp singel
Vinter-OL 1936[endre | endre wikiteksten]
Noreg[endre | endre wikiteksten]
Gull i kunstløp singel
Verdsmeisterskapsmedaljar[endre | endre wikiteksten]
- 1926
Stockholm -
Sølv i kunstløp, single damer
- 1927
Oslo -
Gull i kunstløp, single damer
- 1928
London -
Gull i kunstløp, single damer
- 1929
Budapest -
Gull i kunstløp, single damer
- 1930
New York -
Gull i kunstløp, single damer
- 1931
Berlin -
Gull i kunstløp, single damer
- 1932
Montreal -
Gull i kunstløp, single damer
- 1933
Stockholm -
Gull i kunstløp, single damer
- 1934
Oslo -
Gull i kunstløp, single damer
- 1935
Wien -
Gull i kunstløp, single damer
- 1936
Paris -
Gull i kunstløp, single damer
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Biografi, filmografi og bilete; Henie Onstad Kunstsenter
- (en) Sonja Henie – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1912
- Døde i 1969
- Norske kunstløparar
- Norske velgjerarar
- Norske skodespelarar
- Verdsmeistrar i kunstløp
- Noregsmeistrar i kunstløp
- Olympiske meistrar for Noreg
- Norske deltakarar under vinter-OL 1924
- Kunstløparar under vinter-OL 1924
- Norske deltakarar under vinter-OL 1928
- Kunstløparar under vinter-OL 1928
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1928
- Norske deltakarar under vinter-OL 1932
- Kunstløparar under vinter-OL 1932
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1932
- Norske deltakarar under vinter-OL 1936
- Kunstløparar under vinter-OL 1936
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1936
- St. Olavs Orden
- Hollywood Walk of Fame
- Idrettsutøvarar frå Oslo