Vladimir Dratsjov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vladimir Dratsjov
Vladimir Dratchev.jpg
Fødenamn Владимир Петрович Драчёв
Statsborgarskap Russland, Kviterussland
Fødd 7. mars 1966
Petrozavodsk
Idrett skiskyting
Yrke skiskyttar, politikar

Vladimir Petrovitsj Dratsjov (fødd 7. mars 1966) er ein russisk-kviterussisk, tidlegare skiskyttar frå Petrozavodsk, som etter tur representerte høvesvis Sovjetunionen, Russland og frå 2002 Kviterussland. Dratsjov vann fire VM-gull i løpet avtida 1996-2000, to individuelt og ei kvar i stafett og for lag.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Dratsjov var nær 28 år gammal då han fekk sin internasjonale meisterskapsdebut under vinterleikaneLillehammer. Han tapte kampen om bronsemedaljen på 10 km mot landsmannen Sergej Tarasov med 1,5 sekund og vart nummer fire i øvinga. Seinare i olympiaden gjekk han inn til sølv med Russland sitt stafettlag, saman med same Tarasov og med den olympiske meisteren på distansen, Sergej Tsjepikov, samt Valerij Kirijenko. Etter OL på Lillehammer vann han ein sølvmedalje, då under VM i skiskyting 1994 i den såkalla lagøvinga.

VM i skiskyting 1996 vart ein stor suksess for Dratsjov, han vart verdsmeister på 10 km og i 4 x 7,5 km stafett. Etter dei to andre øvingane fekk han sølvmedaljar; på 20 km fann han sin overmann i Sergej Tarasov, medan Kviterussland vann lagøvinga. Dratsjov vann også verdscupen i skiskyting for 1996. I olympiasesongen 1998 fekk han to bronsemedaljar med Russland. Under vinter-OL i Nagano gjekk han på stafettlaget, medan han under VM 1998 i Hochfilzen var ein av dei fire russarane som vann medalje den siste gongen lagøvinga stod på programmet.

Dratsjov skifta statsborgarskap i 2002 og byrja tevle for Kviterussland. I sin fyrste sesong for sitt nye land gjorde han mange gode løp i verdscupen og vart nummer to, etter Ole Einar Bjørndalen, i verdscup-turneringa 2003. Mellom 1994 og 2003 vann Dratsjov totalt 15 enkeltrenn i verdscupen.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar