Akaba guvernement
Akaba guvernement | |||
محافظة العقبة | |||
region | |||
Hamnebyen Akaba
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Distrikt | 3 | ||
Hovudstad | Akaba | ||
- høgd | 24 moh. | ||
- koordinatar | |||
Areal | 6 905 km² | ||
Folketal | 139 200 (2012) | ||
Guvernør | Fawaz Irshaidat | ||
Retningsnummer | +(962)3 | ||
Urban | 86% | ||
Rural | 14% | ||
![]() Akaba guvernement | |||
Wikimedia Commons: Aqaba Governorate | |||
Akaba (arabisk العقبة al-ʻAkabah) er eit guvernement i Jordan, sør for Amman, hovudstaden i Jordan. Det administrative senteret er Akaba. Det er det fjerde største guvernementet i Jordan etter areal og det tiande største etter folketal.
Akaba er ein hamneby ved Raudehavet og spelar ei viktig rolle i den jordanske økonomien. To av dei tre største turistmåla i Jordan ligg i Akaba guvernement, Wadi Rum, og hamnebyen Akaba.
Geografi[endre | endre wikiteksten]
Akaba guvernement ligg heilt sørvest i Jordan, og grensa til Ma'an guvernement i aust, Tafilah guvernement i nord, Saudi-Arabia i sør, Israel i vest og Akababukta i sørvest.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Byen Akaba har vore busett sidan 4000 fvt., og nådde toppen sin i romartida, då romarane bygde Via Traiana Nova som endar i Akaba.
Akaba var òg åstad for somme av eventyra til sjøfararaen Sinbad i dei kjende arabiske eventyra.
I moderne historie er Akaba kjend for Lawrence av Arabia og slaget ved Akaba, eit av dei viktigaste slaga i fyrste verdskrigen i Midtausten.
Dei eldste funna skriven med arabisk alfabet var funnen i Wadi Rum i Akaba guvernement, og er datert attende til 300-talet.
Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]
Akaba guvernement er delt inn i tre department:
Nahiya | Arabisk namn | Byar og landsbyar | Adm. senter | |
---|---|---|---|---|
1 | Al-Qasabah nahiya | لواء قصبة العقبة | omfattar byen Akaba og tre nærliggande landsbyar | Akaba |
2 | Wadi Arabia nahiya | قضاء وادي عربة | omfattar ni landsbyar | Al-Reeshah |
3 | Al-Quwairah | لواء القويرة | omfattar 15 landsbyar | Al-Quwairah |
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Aqaba Governorate» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: