Walther Nernst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Walther Nernst
Walther Nernst.jpg
Fødd25. juni 1864
Briesen i Vestpreussen/Pommern
Død18. november 1941 (77 år)
Zibelle, Lausitz, Tyskland
NasjonalitetTysk
Områdefysikalsk kjemi
Yrkekjemikar, fysikar, universitetslærar
InstitusjonarUniversitetet i Göttingen
Alma materUniversitetet i Zürich
Karl-Franzens-Universität Graz
Humboldt-Universität zu Berlin
Julius-Maximilian-universitetet i Würzburg
DoktorgradsrettleiarFriedrich Kohlrausch
DoktorgradsstudentarIrving Langmuir
Kjend forTermodynamikkens tredje lov
Nernstlampe
Nernst-likninga
MedlemRoyal Society
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Det bayerske vitskapsakademiet
Göttingens vitenskapsakademi
Det sovjetiske vitskapsakademiet
Kungliga Vetenskapsakademien
Det ungarske vitskapsakademiet
Det russiske vitskapsakademiet
Det prøyssiske vitskapsakademiet
Accademia delle Scienze di Torino

Nobelprisen
Nobelprisen i kjemi
1920

Walther Hermann Nernst (25. juni 186418. november 1941) var ein tysk fysikar og kjemikar. Han var ein av grunnleggjarane av den moderne fysiske kjemien, og bidrog innan elektrokjemi, termodynamikk og fotokjemi. Han er òg kjent for å ha oppdaga Nernst-likninga. Han fekk Nobelprisen i kjemi i 1920.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Etter artium ved gymnasiet i Graudenz studerte han i Zürich, Berlin og Graz. Der samarbeidde han med Albert von Ettingshausen (Ettingshausen-Nernst-effekten) og Ludwig Boltzmann. Han tok doktorgraden i 1887 under rettleiing av Friedrich Kohlrausch i Würzburg. I 1889 habiliterte han under rettleiing av Wilhelm Ostwald i Leipzig. 1889 vart han assistent og privatdosent for Eduard Riecke i Göttingen.

1892 vart han gift med Emma Lohmeyer, dotter av ein medisinprofessor og kirurg frå Göttingen. I ekteskapet fekk han døtrene Hildegard, Edith og Angela og sønene Rudolf og Gustav. Begge sønene fall i første verdskrigen. 1899 skaffa Nernst seg den første privatbilen i Göttingen. Ein vidare lidenskap var jakt. Han slo seg ned i Berlin i 1905. I 1922 kjøpte han riddargodset Ober-Zibelle ved Muskau, der han etter eremiteringa si i 1933 trekte seg tilbake.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Theoretische Chemie vom Standpunkte der Avogadroschen Regel und der Thermodynamik. Stuttgart 1893
  • mit A. Schönflies: Einführung in die mathematische Behandlung der Naturwissenschaften. München 1895
  • Die theoretischen und experimentellen Grundlagen des neuen Wärmesatzes. Halle 1918

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Walther Nernst