Wow av Kylie Minogue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wow
Singel av Kylie Minogue
frå albumet X
B-side

«Cherry Bomb»
«Do It Again»
«Carried Away»

Utgjeve 16. februar 2008
Innspelt 2007
Sjanger Dansepop, synthpop
Lengd 3:12
Selskap Parlophone
Tekstforfattar Kylie Minogue
Låtskrivar(ar) Kylie Minogue
Greg Kurstin
Karen Poole
Produsent Greg Kurstin
Kylie Minogue-kronologi 
«2 Hearts»
(2007)
Wow «In My Arms»
(2008)


«Wow» er ein dansepopsong av den australske songaren Kylie Minogue spelt inn til det tiande studioalbumet hennar, X (2007). Songen vart skriven av Minogue, Greg Kurstin og Karen Poole, og vart produsert av Kurstin. Songen kom ut som andresingel frå albumet i Australia og Storbritannia i februar 2008 til blanda mottaking. Han vart utgjeven som den tredje singelen frå albumet i Europa i juni 2008.

Utgjeving og listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

«Wow» vart først utgjeven 16. februar 2008 i Australia og New Zealand, og deretter i Storbritannia to dagar etter. «Wow» var opphavleg meint å vere den første singelen i USA, men vart trekt tilbake. Seinare vart «All I See» den einaste singelen frå albumet som vart utgjeven i USA. Minogue nytta fleire songar frå albuminnspelinga som bonussongar. «Cherry Bomb» var B-sida på den første britiske singelen, og er ein rein electropopsong. B-sida på den andre singelen i Storbritannia og den australske singelen var «Do It Again», som er ein electropop- og dansepopsong med element av house, medan den tredje låten var «Carried Away».

«Wow» debuterte på 32. plassen på UK Singles Chart, og klatra til nummer fem to veker seinare. Songen nådde ellevteplassen i Australia og vart på hitlistene i seks veker. I USA nådde singelen nittandeplass på Billboard-danselistene.

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Videoen viser Minogue i dans i ein futuristisk nattklubb omgjeven av dansarar. Videoen byrjar med silhuetten til Minogue mot ein opplyst bakgrunn. Ho er kledd i ein kvit treningsdrakt og omringa av ei gruppe dansarar. Minogue og dansarane opptrer føre ein opplyst bakgrunn gjennom heile videoen.

Format og sporliste[endre | endre wikiteksten]

Britisk CD 1
  1. «Wow»
  2. «Cherry Bomb»
Britisk CD 2
  1. «Wow»
  2. «Do It Again»
  3. «Carried Away»
  4. «Wow» (Video)
Australsk CD
  1. «Wow»
  2. «Do It Again»
  3. «Carried Away»
  4. «Wow» (Death Metal Disco Scene Mix)

Europeisk CD 1
  1. «Wow»
  2. «Can't Get You Out of My Head» (Greg Kurstin Mix)
Europeiske CD 2
  1. «Wow»
  2. «Wow» (Death Metal Disco Scene Mix)
  3. «Wow» (CSS Remix)
  4. «Wow» (Video)

Toppliste[endre | endre wikiteksten]

Toppliste (2008) Listeplassering
Australia (ARIA Charts) 11
Austerrike (Ö3 Austria Top 75) 72
Belgia (Ultratop 50 Flandern) 37
Danmark (Tracklisten) 20
Nederland (Mega Single Top 100) 36
Frankrike (SNEP) 15
Tyskland (Media Control Charts) 41
Ungarn (Mahasz) 19
Italia (FIMI) 10
New Zealand (RIANZ) 16
Sverige (Sverigetopplistan) 32
Sveits (Schweizer Hitparade) 51
Storbritannia (UK Singles Chart) 5
USA (Hot Dance Club Songs) 19

Utgjevingshistorie[endre | endre wikiteksten]

Land Dato
Australia 16. februar 2008
New Zealand
Storbritannia 18. februar 2008
Europa 6. juni 2008
Tyskland 4. juni 2008
USA 30. august 2008

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]