Red Blooded Woman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Red Blooded Woman
Singel av Kylie Minogue
frå albumet Body Language
B-side «Almost a Lover»
«Cruise Control»
Utgjeve 1. mars 2004
Innspelt 2003
Sjanger Pop, R&B
Lengd 4:21
Selskap Parlophone
Capitol Records
Låtskrivar(ar) Johnny Douglas
Karen Poole
Produsent Johnny Douglas
Kylie Minogue-kronologi
«Slow»
(2003)
Red Blooded Woman «Chocolate»
(2004)

«Red Blooded Woman» er ein pop- og R&B-song skriven av dei britiske låtskrivarane Johnny Douglas og Karen Poole, og framført av Kylie Minogue på det niande studioalbumet hennar, Body Language frå 2003. Songen vart produsert av Douglas og fekk ei blanda mottaking frå kritikarane. Då han vart gjeven ut som singel i 2004 nådde songen førsteplass i Romania.

Utgjeving og listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

«Red Blooded Woman» vart utgjeven i Storbritannia 1. mars 2004. Songen vart den tjuetredje av Minogue som debuterte som Top 5 på UK Singles Chart. Songen slo også godt an utanfor Storbritannia. Singlen nådde Top 10 i Italia, Spania, Danmark, Irland og Australia hvor songen nådde nummer fire. Singlen nådde Top 20 i Tyskland, Finland, Sveits og New Zealand hvor songen nådde nummer nitten.

Grunna god mottaking av dei tidlegare utgjevingane hennar vart «Red Blooded Woman» utgjeve i USA til suksess på Billboard. Minogue hadde tidlegare hatt suksess på danseklubbane med «Can't Get You Out of My Head» og «Slow». Songen vart likevel ingen suksess på Billboard Hot 100, då han ikkje vart noko suksess utanfor dansemarknaden.

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Videoen vart filma i Los Angeles i 2003, og viser Minogue på ein motorveg i ein trafikkork. Ho forlèt bilen og går rundt på motorvegen. Minogue kjem til ein annan bil og skiftar klede inni han. Iført raud topp og skjørt forlèt Minogue bilen og held fram med gå å rundt på motorvegen mens natta kjem.

Format og sporliste[endre | endre wikiteksten]

Britisk CD 1 og Europeisk CD
  1. «Red Blooded Woman» – 4:19
  2. «Almost a Lover» – 3:40
Britisk CD 2
  1. «Red Blooded Woman» – 4:19
  2. «Cruise Control» – 4:55
  3. «Slow» (Chemical Brothers Mix) – 7:03
  4. «Red Blooded Woman» (Video)
Britisk CD 3
  1. «Red Blooded Woman» (Whitley Mix) – 5:20
  2. «Slow» (Chemical Brothers Mix) – 7:03
  3. «Red Blooded Woman» (Narcotic Thrust Mix) – 7:10
Australsk CD
  1. «Red Blooded Woman» – 4:19
  2. «Cruise Control» – 4:55
  3. «Almost a Lover» – 3:40
  4. «Slow» (Chemical Brothers Mix) – 7:03
  5. «Red Blooded Woman» (Whitley Mix) – 5:20
  6. «Red Blooded Woman» (Video)

Topplisteplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Toppliste Listeplassering
Australia (ARIA Charts) 4
Austerrike (Ö3 Austria Top 75) 23
Belgia (Ultratop 50 Flandern) 29
Belgia (Ultratop 40 Vallonia) 20
Danmark (Tracklisten) 10
Europa (European Hot 100 Singles) 8
Finland (Suomen virallinen lista) 12
Frankrike (SNEP) 33
Ungarn (Mahasz) 3
Irland (Irish Singles Chart) 9
Italia (FIMI) 10
Nederland (Mega Single Top 100) 21
New Zealand (RIANZ) 19
Spania (PROMUSICAE) 8
Sverige (Sverigetopplistan) 28
Sveits (Schweizer Hitparade) 15
Tyskland (Media Control Charts) 8
Storbritannia (UK Singles Chart) 5
USA (Billboard Hot Dance Club Charts) 24

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]