Songen Aphrodite
| Aphrodite Song av Kylie Minogue frå albumet Aphrodite | ||
| Utgjeve | 5. juli 2010 | |
| Innspelt | 2009 i London i England | |
| Sjanger | Dansepop, synthpop, electropop | |
| Lengd | 3:45 | |
| Selskap | Parlophone | |
| Komponist | Katelyn Tarver | |
| Låtskrivar(ar) | Andy Chatterley Nerina Pallot[1] | |
|---|---|---|
| Produsent | Andy Chatterley Nerina Pallot[1] | |
«Aphrodite» er ein song av den australske songaren Kylie Minogue frå det ellevte studioalbumet hennar, Aphrodite (2010). Songen vart skriven av Nerina Pallot og produsert av Andy Chatterley.

Informasjon
[endre | endre wikiteksten]«Aphrodite» vart skriven av den britiske songar og låtskrivaren Nerina Pallot og produsert av mannen hennar, Andy Chatterley.[2] Songen vart teken med på studioalbumet av same namn, som vart gjeve ut 5. juli 2010. Minogue spelte inn vokal i juli 2009 i London, der ho òg spelte inn songen «Better than Today» for same album.[1] Songen fekk generelt god mottaking frå kritikarar og vart òg teken med på EP-en A Kylie Christmas, som kom ut 1. desember 2010. Han stod òg på spelelista under turneen Aphrodite: Les Folies Tour[3] og vart framført som den første låta.[4]
Komposisjon
[endre | endre wikiteksten]«Aphrodite» er ein dansepopsong som inneheld mange elektroniske element. Minogue skildrar seg sjølv som Afrodite, den greske gudinna for kjærleik, skjønnhet og glede.
Listeplassering
[endre | endre wikiteksten]«Aphrodite» nådde sjetteplassen på topplista i Belgia (Ultratip Flandern) den 26. mars 2011,[5][6] sjølv om songen vart ikkje utgjeven som ein singel. Songen nådde òg 25.-plassen på Belgian Airplay Chart den 12. mars 2011 og tilbrakte to veker på hitlistene.[7][2]
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Kylie Minogue – vokal, bakgrunnsvokal
- Nerina Pallot – låtskrivar, produksjon, bakgrunnsvokal, gitar
- Dave Emery – produksjon
- Andy Chatterley – trommer
- Stuart Price – produksjon, miksing
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Aphrodite (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 7. februar 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- 1 2 3 Aphrodite (liner notes). Kylie Minogue. Parlophone Records. 2010.
- 1 2 «Kylie Minogue – Aphrodite». Ultratop. Henta 9. august 2013.
- ↑ «Kylie Minogue Setlist at O2 Arena, London, England». Setlist.fm. Henta 9. august 2013.
- ↑ Andy Gill (9. desember 2011). «Album: Kylie Minogue, Aphrodite Les Folies: Live in London (Parlophone) (4/5)». The Independent. Henta 9. august 2013.
- ↑ «Ultratop Belgian Charts». Ultratop. 12. februar 2011. Henta 9. august 2013.
- ↑ Steffen Hung. «Kylie Minogue – Aphrodite». australian-charts.com. Henta 18. september 2011.
- ↑ «Belgium Airplay Chart». Ultratop. 12. mars 2011. Henta 9. august 2013.