Slow av Kylie Minogue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Slow
Singel av Kylie Minogue
frå albumet Body Language
B-side «Soul on Fire»
«Sweet Music»
Utgjeve 3. november 2003
Innspelt 2003
London i England
Sjanger Electropop, synthpop
Lengd 3:15
Selskap Parlophone
Capitol Records
Låtskrivar(ar) Kylie Minogue
Dan Carey
Emilíana Torrini
Produsent Sunnyroads
Kylie Minogue-kronologi
«Come into My World»
(2002)
Slow «Red Blooded Woman»
(2004)


«Slow» er ein electropopsong skriven av den australske songaren Kylie Minogue saman med Dan Carey og Emilíana Torrini for studioalbumet Body Language frå 2003. Han vart produsert av Sunnyroads og fekk positiv kritikarmottaking.[1][2] Songen vart utgjeven som den første singelen frå albumet seint i 2003 og nådde førsteplassen på topplistene i Australia, Danmark, Romania og Storbritannia.

Utgjeving og listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

«Slow» kom ut i Storbritannia 3. november 2003. Songen vart den sjuande singelen hennar som nådde førsteplassen på hitlista der, og han låg til saman ti veker på lista. Sjølv om «Slow» nådde førsteplassen i Storbritannia på UK Singles Chart, vart det berre selt 43 000 eksemplar. Songen gjorde det òg godt utanfor Storbritannia. I Australia nådde den førsteplassen på ARIA Charts og vart den niande singelen hennar til å gjere det. «Slow» vart sertifisert til platina for sal av over 70 000 eksemplar.[3] I Europa nådde singelen førsteplassen i Danmark og Romania. Songen var òg ein suksess i dei fleste landa inkludert Belgia, Finland, Tyskland, Ungarn, Irland, Italia, Nederland og Noreg. I Canada kom songen ut 13. januar 2004 og nådde sjetteplassen på topplista der, noko som gjorde han til ein av dei mest suksessrike singlane hennar der.

Grunna god mottaking av tidlegare Minogue-utgjevingar vart òg «Slow» utgjeven i USA. Capitol Records valde i utgangspunktet «Cruise Control» som den første amerikanske singelen, men desse planane vart vraka og dei gav ut «Slow» i staden. «Slow» vart den tredje utgjevinga hennar som nådde Billboard-danselistene. Songen vart likevel ingen suksess på Billboard Hot 100, og blei berre liggjande tre veker på listene.

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Videoen vart filma over ein periode på tre dagar i den spanske byen Barcelona. Han opnar med at ein mann stuper uti eit symjebasseng frå eit stupebrett med utsyn over høghus i Barcelona. Etter dette syner videoen Minogue berrbeint i ein minikjole.

Format og sporliste[endre | endre wikiteksten]

Dette er formata og spora på ulike utgjevingar av singelen «Slow».[4]

CD single 1
  1. «Slow» – 3:15
  2. «Sweet Music» – 4:08
  3. «Slow» (Medicine 8 Remix) – 6:57
CD single 2
  1. «Slow» – 3:15
  2. «Soul on Fire» – 3:32
  3. «Slow» (Radio Slave Mix) – 10:27
  4. «Slow» (Video)
Australske CD 2
  1. «Slow» – 3:15
  2. «Soul on Fire» – 3:32
  3. «Slow» (Radio Slave Mix) – 10:27
  4. «Slow» (Synth City Mix) – 5:50
Japansk CD single
  1. «Slow» – 3:15
  2. «Soul on Fire» – 3:32
  3. «Slow» (Medicine 8 Remix) – 6:57
  4. «Slow» (Radio Slave Remix Edit) – 6:34
  5. «Slow» (Extended Mix) – 6:27
Fransk DVD
  1. «Slow» – 3:15
  2. «Sweet Music» – 4:08
  3. «Slow» (Video)

Topplisteplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Toppliste (2003–04) Listeplassering
Australia (ARIA Charts)[5] 1
Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[6] 20
Belgia (Ultratop Flandern)[7] 9
Belgia (Ultratop Vallonia)[8] 26
Canada (Canadian Hot 100)[9] 6
Danmark (Tracklisten)[10] 1
Europa (European Hot 100 Singles)[11] 2
Finland (Suomen virallinen lista)[12] 3
Frankrike (SNEP)[13] 45
Ungarn (Mahasz)[14] 4
Irland (IRMA)[15] 5
Italia (FIMI)[16] 6
Nederland (Mega Single Top 100)[17] 8
New Zealand (RIANZ)[18] 9
Noreg (VG-lista)[19] 4
Spania (PROMUSICAE)[20] 18
Sverige (Sverigetopplistan)[21] 16
Sveits (Schweizer Hitparade)[22] 18
Tyskland (Media Control Charts)[23] 8
Storbritannia (UK Singles Chart)[24] 1
USA (Billboard Hot 100)[25] 91
USA (Billboard Hot Dance Club Songs)[26] 1
USA (Billboard Pop Songs)[27] 35

Utgjevingshistorie[endre | endre wikiteksten]

Sted Dato Selskap
Storbritania[4] 3. november 2003 Parlophone
Japan[4] 10. november 2003
Frankrike[4]
Canada[4] 13. januar 2004 Capitol Records

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Get Lost. New York. Vitja 24. november 2007.
  2. Kylie Minogue: Body Language. PopMatters. Vitja 24. november 2007.
  3. ARIA Charts – Accreditations – 2004 Singles. Australian Recording Industry Association. Vitja 25. mai 2009.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 Slow: track listings and formats. MixKylie.co.uk. Vitja 25. mai 2009.
  5. Australiancharts.com – Kylie Minogue – Slow. ARIA Top 50 Singles. Hung Medien.
  6. Austriancharts.at – Kylie Minogue – Slow. Ö3 Austria Top 40. Hung Medien.
  7. Ultratop.be – Kylie Minogue – Slow. Ultratop (Flandern). Hung Medien.
  8. Ultratop.be – Kylie Minogue – Slow. Ultratop (Vallonia). Hung Medien.
  9. Body Language > Charts & Awards > Billboard Singles. Allmusic. Vitja 7. januar 2010.
  10. Danishcharts.com – Kylie Minogue – Slow. Tracklisten. Hung Medien.
  11. Paul Sexton. Busted Beats Britney To U.K. No. 1. Billboard. Nielsen Company. Vitja 25. mai 2009.
  12. Finnishcharts.com – Kylie Minogue – Slow. Suomen virallinen lista. Hung Medien.
  13. Lescharts.com – Kylie Minogue – Slow. SNEP. Hung Medien.
  14. Single (track) Top 10 lista – 2003. 46. hét. Magyar Hanglemezkiadók Szövetsége. Vitja 7. januar 2010.
  15. Chart Track. Irish Singles Chart. Irish Recorded Music Association.
  16. Italiancharts.com – Kylie Minogue – Slow. Top Digital Download. Hung Medien.
  17. Dutchcharts.nl – Kylie Minogue – Slow. Mega Single Top 100. Hung Medien.
  18. Swedishcharts.com – Kylie Minogue – Slow. Recording Industry Association of New Zealand. Hung Medien.
  19. Norwegiancharts.com – Kylie Minogue – Slow. VG-lista. Hung Medien.
  20. Spanishcharts.com – Kylie Minogue – Slow. Canciones Top 50. Hung Medien.
  21. Swedishcharts.com – Kylie Minogue – Slow. Sverigetopplistan. Hung Medien.
  22. Kylie Minogue – Slow – swisscharts.com. Swiss Singles Charts. Hung Medien.
  23. Die ganze Musik im Internet: Charts, News, Neuerscheinungen, Tickets, Genres, Genresuche, Genrelexikon, Künstler-Suche, Musik-Suche, Track-Suche, Ticket-Suche – musicline.de. Media Control Charts. PhotoNet GmbH.
  24. Chart Stats – Kylie Minogue – Slow. UK Singles Chart. Chart Stats.
  25. Kylie Minogue Album & Song Chart History. Billboard Hot 100 for Kylie Minogue.
  26. Kylie Minogue Album & Song Chart History. Billboard Hot Dance Club Songs for Kylie Minogue.
  27. Kylie Minogue Album & Song Chart History. Billboard Pop Songs for Kylie Minogue.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]