You’ve Really Got a Hold on Me

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
You've Really Got a Hold on Me
Singel av The Miracles
frå albumet The Fabulous Miracles
A-side «Happy Landing»
Utgjeve 9. november 1962
Innspelt Hitsville USA (Studio A); 6. oktober 1962
Sjanger Soul
Lengd 3:02
Selskap Tamla
T 54073
Låtskrivar(ar) Smokey Robinson
Produsent Smokey Robinson
The Miracles-kronologi
«I'll Try Something New»
(1962)
You've Really Got a Hold on Me «A Love She Can Count On»
(1963)


«You've Really Got a Hold on Me» er ein song skriven av Smokey Robinson og vart ein hit i 1962 for The MiraclesMotown-etiketten Tamla. Det er ein av dei mest spelte Miracles-songane av andre artistar og fekk i 1998Grammy Hall of Fame Award. Han er òg av Rock and Roll Hall of Fame rekna som ein av dei 500 songane som forma av rock and roll. Songen vart spelt av The Beatles på det andre albumet deira, With the Beatles.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

«You've Really Got a Hold On Me» vart skriven av Smokey Robinson[1] i New York i 1962 medan han arbeidde for Motown. Han høyrte Sam Cooke sin «Bring It On Home to Me», som låg på listene på den tida, og inspirert av songen skreiv han sin eigen song på hotellrommet sitt.[2]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Songen vart spelt inn i Motown sit Studio A den 16. oktober 1962 med Robinson på solovokal, og andretenoren til Miracles, Bobby Rogers, på harmonivokal. Robinson var produsent og han fekk Eddie Willis og Miracle-medlemmet Marv Tarplin til å dele gitarjobben.[2]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Songen vart gjeven ut på Tamla den 9. november 1962 som B-sida til «Happy Landing». «Happy Landing» gjorde det bra i regionen, men DJ-ar over heile landet snudde plata fordi dei likte «Hold On Me» betre.[3] Med «You've Really Got a Hold on Me» som A-side nådde singelen Topp 10 på Billboard Hot 100 Pop-lista, med ein åttandeplass som beste plassering, og gjekk heilt til topps på Billboard si R&B-liste vinteren 1962-63.[4] The Miracles si originalutgåve vart i 1998 innlemma i Grammy Hall of Fame. Det var den andre singelen til gruppa som selde over ein million eksemplar, etter «Shop Around».[5] Songen kom ut på albumet The Fabulous Miracles over tre månader etter singelen kom ut.

Filmar[endre | endre wikiteksten]

The Miracles si utåve er nytta i fleire filmar gjennom åra:

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Miracles

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1962-1963) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 8
U.S. Billboard Hot R&B Sides 1

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

The Beatles[endre | endre wikiteksten]

You Really Got a Hold on Me
Song av The Beatles
frå albumet With the Beatles
Utgjeve 22. november 1963
Innspelt 18. juli 1963,
EMI Studios, London
Sjanger Rhythm and blues
Lengd 3:01
Selskap Parlophone
Låtskrivar(ar) Smokey Robinson
Produsent George Martin

«You Really Got a Hold on Me» var den første songen som vart spelt inn for det andre albumet til The Beatles i Storbritannia, With the Beatles, med John Lennon og George Harrison på solovokal med Paul McCartney på harmonivokal.[6] The Beatles fekk tak i eit importert eksemplar av The Miracles og inkluderte han i repertoaret sitt tidleg i 1963.Mal:Citation needed I eit intervju i 1968 sa Smokey Robinson at han likte versjonen deira.[1]

The Beatles spelte inn songen den 18. juli 1963. Denne innspelinga fann stad medan Please Please Me framleis låg på toppen av albumlista, fire månader etter det kom ut, og midt i ein hektisk turné. Innspelinga tok sju forsøk, der fire av dei var komplette. Gruppa spelte så fire utdrag til av songen. Den endelege versjonen var ei blanding av opptak 7, 10 og 11.[7]

The Beatles spelte «You Really Got a Hold on Me» ved fire høve for BBC radio i 1963. Eit av desse opptaka, frå 30. juli 1963, kom ut på Live at the BBC. Eit konsertopptak frå Stockholm i oktober 1963, kom ut i 1995 på Anthology 1. Songen vrt igjen framført i 1969 under innspeinga av Let It Be og var med i dokumentarfilmen Let It Be frå 1970.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

«You've Really Got a Hold on Me» har blitt spelt av mange andre artistar sidan han kom ut: The Supremes gjorde ein versjon produsert av Berry Gordy med Hal Davis og Marc Gordon bak miksespakane, og kom ut i 1964 på albumet deira A Bit of Liverpool.[8] Gruppemedlemmet Mary Wilson song i tett harmoni med solovokalen til Diana Ross. The Temptations sin versjon, produsert av Smokey Robinson, kom ut i 1965 på albumet deira The Temptations Sing Smokey. Eddie Kendricks song solovokal med Paul Williams song harmonivokal på vers 1 og 2, medan David Ruffin song tett harmoni på sisteverset. The Zombies spelte inn songen i 1965 på debutalbumet Begin Here.[9] Barbara McNair spelte inn ein versjon i 1968 og i 1969 spelte Jackson 5, med Michael Jackson på vokal, inn songen, som var meint for, men ikkje kom med på albumet Diana Ross Presents The Jackson 5. Laura Nyro spelte inn songen i 1971 på albumet hennar Gonna Take a Miracle.

Small Faces spelte inn songen for albumet deira From the Beginning i 1967.

Eddie Money spelte songen i 1977 på debutalbumet sitt.

Countryartisten Mickey Gilley spelte inn songen i 1984. Denne versjonen nådde andreplassen på Billboard Hot Country Singles i USA og gjekk heilt til topps på RPM Country Tracks-lista i Canada.

Mike and the Mechanics spelte inn songen for albumet deira Beggar on a Beach of Gold i 1995.

Cyndi Lauper spelte inn songen for albumet At Last i 2003.

She & Him spelte inn songen på debutalbumet deira Volume One i 2008.

Rod Stewart spelte songen på albumet Soulbook i 2009.

Phil Collins spelte inn songen for albumet sitt Going Back in 2010.

Jinkx Monsoon spelte inn songen på albumet deira The Ginger Snapped i 2018.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Smokey Robinson intervjua på Pop Chronicles (1969)
  2. 2,0 2,1 Bill Dahl (28 Feb 2011). Motown: The Golden Years. Krause Publications. s. 130. Henta 10. mars 2018. 
  3. The Miracles–Depend On Me: The Early Albums liner notes, p. 12.
  4. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 404. 
  5. Coryton, Demitri; Joseph Murrells. Hits Of The Sixties: The Million Sellers. 
  6. 6,0 6,1 6,2 «With The Beatles». Albumlinernotes.com. Henta 26. september 2016. 
  7. «The Beatles Bible: You Really Got A Hold On Me». Henta 10. mars 2018. 
  8. Mark Ribowsky (27 Apr 2010). The Supremes: A Saga of Motown Dreams, Success, and Betrayal. Da Capo Press. s. 176. Henta 24. september 2012. 
  9. Mark Deming. «Begin Here - The Zombies | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 26. september 2016.