Nyland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nylands landskap
Uudenmaan maakunta
Nyland våpen Nylands kart
våpen kart
Len Södra Finlands län
Historiske len Raseborgs län
Nylands län
Administrativt senter Helsingfors
Leiar Aimo Lempinen
Flatemål
- Til saman
Nr. {{{flatemålrang}}}
6 366 km²
Folketal
- Til saman
- Folketettleik
Plassering –
1 329 004
– innb/km²
Landskapets dyr Piggsvin
Landskapets fugl Svarttrost
Landskapets fisk Gjørs
Landskapets plante Kvitveis
Landskapets stein Hornblende

Nyland (finsk Uusimaa) er eit landskap i Finland som høyrer til Södra Finlands län og ligg ved kysten langs Finskebukta. Det historiske Nyland frå tida då Finland var ein del av Sverige omfatgta eit større område som i dag er delt mellom Nyland, Östra Nyland og Kymmenedalen (Kymenlaakso).

Nyland, særleg kysten, har tradisjonelt vore svenskspråkleg område, men etter at Helsingfors vart hovudstad i Finland har finsk vorte majoritetsspråk i Helsingfors og byane rundt.

Flatemål er 6 366 kvadratkilometer og folketalet 1 329 004. Nyland er det landskapet i Finland med høgast folketal, og det flyttar ca. 100 000 - 200 000 menneske dit frå andre delar av Finland i året. Omtrent kvar fjerde finne bur i Nyland.

Bruttonasjonalprodukt i Nyland var i 2003 til saman 43 747 millionar euro. Næringslivet er dominert av tenesteytande næringar. Industrien er konsentrert langs Ring III, ein av ringvegane rund Helsingfors, og langs jarnvegen nordover, og langs kysten vestover er områda med mest industri. Nyland har også mykje jordbruk:

Kommunar[endre | endre wikiteksten]

Nyland er delt inn i 24 kommunar, halvparten av dei har bystatus. 11 kommunar er tospråklege. Byane er markert med halvfeite typar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]