Årdal i Ryfylke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Årdal
Geografi
Kommune Hjelmeland
Fylke Rogaland
Annan informasjon
Ferdselsårer Stamvei 13.svg 
Postnummer 4137 ÅRDAL I RYFYLKE
Innbyggjarnamn årdalsbu / årdalsbuar
Preposisjon i Årdal
Kart
Årdal i Ryfylke is located in Rogaland
59°8′47″N 6°10′3″EKoordinatar: 59°8′47″N 6°10′3″E

Årdal er ein tettstad og tidlegare kommune i Rogaland fylke. Årdal var frå 1837 del av Hjelmeland formannskapsdistrikt, men vart skild ut som eigen kommune i 1859.

Ein del av Årdal med 40 innbyggjarar vart overført til Hjelmeland og Fister kommunar ved kongeleg resolusjon av 6. mars 1869.

1. januar 1965 vart det meste av Årdal og Fister kommunar, Hjelmeland kommune og Buergardane i Jelsa (8 innb) slegne saman til den nye Hjelmeland kommune. Den delen av Årdal som gjekk inn i Hjelmeland hadde 743 innbyggjarar. Sunngardane krins i Årdal med 121 innbyggjarar vart på same tid slegen saman med Strand kommune.

I Årdal ligg Årdal gamle kyrkje frå 1600-talet. Nye Årdal kyrkje frå 1919 blir i dag brukt som annekskyrkje, medan gamlekyrkja berre blir brukt sporadisk, til dømes i samband med bryllaup, konsertar eller andre arrangement.

Handlinga i romanen Krinsereglane (Samlaget 2005) av Edmund Austigard går føre seg i Ryfylke med Årdal som dreiepunkt. Romanen tar utgangspunkt i dei omveltingane som skjer i området når det tradisjonelle samfunnet møter det industrialiserte samfunnet.

Namnet Årdal kjem av Åirdal - der åir betyr fleire åar (elvar).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • Årdal - om namnet Årdal og andre stadar som heiter Årdal