Åsne Seierstad
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Åsne Seierstad (fødd 10. februar 1970) er ein norsk journalist og forfattar. Ho er utdanna cand.mag. frå Universitetet i Oslo med faga russisk, spansk og idéhistorie. Ho har vore utanrikskorrespondent i Russland og Kina, krigskorrespondent i Kosovo i 1999 og seinare i Afghanistan. Ho vart kjend for si rolle som krigsreportar i Irak under britisk- amerikanske invasjonen i 2003.
Seierstad har gjeve ut bøkene Med ryggen mot verden (2000), Bokhandleren i Kabul (2002), Hundre og en dag (2003) og De krenkede (2007). Bokhandleren i Kabul er skrive etter metoden «deltakande observerande intervju». Metoden gjev djup innsikt i intervjuobjektet.
Utmerkingar[endre]
- Seierstad vart i 2001 tildelt Fritt Ords honnør for uredde og sjølvstendige reportasjar frå krigsområde.
- I 2002 fekk ho Bokhandlarprisen for Bokhandleren i Kabul
- I 2003 fekk ho Den Store Journalistprisen.
- I 2003 vart ho tildelt Peer Gynt-prisen.