Émilie de Châtelet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Émilie de Châtelet
Inconnu, portrait de madame Du Châtelet à sa table de travail, détail (château de Breteuil) -002.jpg
Portrett ved Maurice Quentin de La Tour.
Nasjonalitet Fransk
Fødd 17. desember 1706
Død 10. september 1749 (42 år)
Yrke Matematikar, fysikar
Påverka av Isaac Newton

Gabrielle Émilie Le Tonnelier de Breteuil, markise du Châtelet, kjend som Émilie de Châtelet (fødd 17. desember 1706 i Paris, død 10. september 1749) var ein fransk matematikar, fysikar og forfattar i opplysningstida. Dei beste verka hennar var omsetjing av det monumentale verket til Isaac Newton Philosophiæ naturalis principia mathematica, utgjeve etter ho døydde og som enno er standard omsetjing av boka på fransk. Voltaire, ein av elskarane hennar, erklærde i eit brev til venen sin kong Fredrik II av Preussen at du Châtelet var «ein stor mann viss einaste feil var å vere kvinne».[1]

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Faren hennar var Louis Nicolas le Tonnelier de Breteuil, førstesekretær og han som introduserte ambassadørar til kong Ludvig XIV av Frankrike, ein posisjon som plasserte han i sentrum for all sosial aktivitet ved det franske hoffet og såleis gav familien høg status. Blant kjennskapane deira var Fontenelle, perpetuell sekretær av Det franske vitskapsakademiet, Académie des Sciences. Émilies far Louis-Nicolas anerkjende tidleg den uvanlege intelligensen til dottera og sørgde for at Fontenelle kunne kome og samtale om astronomi med henne då ho var berre ti år gammal. [2] Émilies mor, Gabrielle-Anne de Froulay, hadde vakse opp i eit kloster, på denne tida den mest vanlege utdanningsinstitusjon tilgjengeleg for unge jenter og kvinner. Medan ein del kjelder hevdar at mora hennar mislikte intelligensen til dottera, eller at ektefellen hennar oppmuntra dottera si intellektuelle nysgjerrighet, er det òg andre indikasjonar på at mora hennar ikkje berre godkjende du Chatelets tidlege utdanninga, men faktisk oppmuntra henne til energisk å stille spørsmålsteikn ved vedtekne sanningar.[3]

Uansett tilfelle vart eit slik arrangement sett på som svært uvanleg for foreldre på denne tida og av denne statusen. Då ho var liten sørgde faren hennar for hennar fysiske fostring i form av riding og fekting, og etterkvart som ho vart større skaffa han heimelærarar til henne. Som eit resultat snakka ho flytande latin, italiensk, gresk og tysk i ein alder av tolv år; ho publiserte seinare omsetjingar til fransk frå greske og latinske skodespel og filosofi. Ho fekk utdanning i matematikk, litteratur og vitskap. Mora hennar Gabrielle-Anne var forferda over framgangen hennar og kjempa mot Louis-Nicolas kvart skritt på vegen. Ein gong freista ho å få sendt Émilie i kloster.

Émilie likte òg å danse, var spelte truleg cembalo, song opera, og dreiv amatørskkodespel. Som tenåring då ho mangla pengar for å kjøpe bøker nytta ho seg av sin matematiske kunnskapar for å drive suksessfull gambling.

Langt seinare i livet tapte ho ein gong rundt 84 000 francs (tilsvarande rundt ein million amerikanske dollar i 2009), ein del av det var lånt, i løpet av ein kveld ved bordet i Fontainebleau slott til ein kortsvindlar.[4] For raskt å skaffe seg pengane tilbake for å betale den store gjelda si nytta ho seg av eit oppfinnsamt finansarrangement tilsvarande moderne derivat, der ho betalte skatteoppkrevjarane ein rimeleg låg sum for retten til dei framtidige inntektene deira (dei hadde lov til å halde ein del av den skatten dei samla inn for kongen) og lovde å betale hoffgamblarane delar av desse framtidige inntektene.

Ekteskap og samarbeid[endre | endre wikiteksten]

Emilie dei Châtelet

Den 12. juni 1725 gifta ho seg med marki Florent-Claude du Chastellet-Lomont,[5] og vart såleis sjølv markise du Chastellet (å stave namnet Châtelet vart introdusert av Voltaire, som augesynleg likte slike ordendringar, og har sidan vorte fast). [6] Som med mange ekteskap innanfor adelen var ekteskapa deira arrangert og paret hadde lite til felles. Etter å ha fødd tre born meinte Émilie at ho hadde oppfylt sine ekteskapelege plikter, kom til ei semje med ektemannen om at dei levde åtskilte liv men at dei enno heldt ei hushaldning. Markien var militær og guvernør av Semur-ein-Auxois i Burgund. I dei øvste franske klassane var det dessutan til ei viss grad akseptabelt at både ektemannen og hustrua kunne halde seg med elskar.

Introduksjon til Newton sine idear[endre | endre wikiteksten]

Då Émilie du Châtelet var 24 år gammal hadde ho ein affære med hertugen av Richelieu som varte eit og halvt år. Hertugen var interessert i litteratur og filosofi, og Châtelet var ein av dei få kvinnene som konverserte med han på hans eige nivå. Ho las kvar bok som følgje av dette, følgde teateret jamleg, og naut intellektuell debatt. Châtelet uttrykte interesse i verka til Isaac Newton, og Richelieu oppmuntra henne i å ta undervising i høgare matematikk for betre å forstå teoriane hans. Pierre Louis Maupertuis, eit medlem av det franske vitskapsakademiet vart læraren hennar i geometri. Han var matematikar, astronom og fysikar, og støtta teoriane til Newton som var heftig omdiskutert på akademiet.

Émilie og Voltaire, den fjerde elskaren ho hadde etter ekteskapet, møttest etter at han kom tilbake frå eksilet sitt i England. Châtelet inviterte han til å leve i hennar landelege hus ved Cirey-sur-Blaise i Haute-Marne, i det nordaustlege Frankrike, og han vart hennar livslange partnar (under auga til hennar tolerante ektemann). Der studerte ho fysisk og matematikk, og utgav vitskaplege artiklar og omsetjingar. Ved å bedømme breva Voltaire sendte til vener og kommentarane deira til kvarandre sitt arbeid, synast det som om dei levde saman under gjensidig oppmuntring og respekt.

Fødsel og død[endre | endre wikiteksten]

Den siste kjærleiksaffæren til Châtelet viste å bli fatal. Tidleg i 40-åra hadde ho ein affære med poeten Jean François de Saint-Lambert og vart gravid. I eit brev til ein ven skreiv ho at ho frykta ho kanskje ikkje ville overleve graviditeten på grunn av alderen sin. Ho fødde barnet, men døydde seks dagar seinare frå emboli (blodpropp) i ein alder av 42 år gammal.[7]

Som Voltaire skildra det: «Denne vesle jenta kom til medan mora hennar var ved skrivebordet sitt, skribla ned nokre newtonske teoriar, og det nyfødde barnet vart mellombels plassert på eit bind om geometri medan mora hennar samla saman papira sine og vart lagt til sengs.» I fleire dagar var Émilie lukkeleg og nøgd, men den 10. september døydde ho brått, og det nyfødde barnet døydde kort tid etter. Voltaire som var saman med henne til det siste var oppløyst i tårer. Han snubla ut av rommet og fall saman utanfor døra.[8]

Vitskapleg forsking og publikasjonar[endre | endre wikiteksten]

På tittelbiletet på omsetjinga deira av Newton er du Châtelet avbilda som musen og inspirasjonen til Voltaire, og som reflekterte Newton si guddommeleg innsikt ned til Voltaire.

I 1737 publiserte Châtelet ein artikkel kalla Dissertation sur la nature et la propagation du feu, basert på forskinga hennar i vitskapen om eld som føresåg det som i dag er kjent som infraraud stråling og vesenet til ljoset. Boka hennar Institutions de Physique (Lærdom i fysikk) kom i 1740 og vart presentert som ein gjennomgang av nye tankar i vitskapen og filosofien som kunne studerast av den 13 år gamle sonen hennar, men ho var eit forsøk på semje komplekse idear frå dei leiande tenkjarane i samtida. I boka kombinerte ho teoriane til Gottfried Leibniz og dei praktiske observasjonane til Willem's Gravesande for å vise at energien til ein lekam som rører seg ikkje er proporsjonal til farten til lekamen, slik Newton, Voltaire og andre hadde trudd, men til kvadratet av farten. (I klassisk fysikk er den korrekte formelen Ek = 1⁄2 mv², hvor Ek er den kinetiske energien til ein lekam, m er masse og v er farten.)

Det året ho døydde fullførde ho det arbeidde som er sett på som den største prestasjone hennar: omsetjinga hennar til fransk, med kommentarane hennar[9]av Newton sin Principia Mathematica, inkludert utleiinga hennar frå mekanismane sine prinsipp til førehandstrua om konservering av energi. I dag er omsetjinga til du Châtelet av Principia Mathematica framleis standardomsetjinga av verket til fransk.

Moderne vurdering[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om den klassiske mekanikken til du Châtelet ikkje blir studert med den same metodologien som Einstein sitt konsept om masse og fart,[10] fortset biografar og historikarar å sjå ein elegant samklang mellom den berømte likninga hans for samanhengen mellom energi og stoff E = mc² (der c representerer farten til ljoset) og prinsippet E ∝ mv² som først vart gjenkjent av du Châtelet over 150 år tidlegare.[11] Det bør likevel framhevast at frå ein fysisk synsvinkel er prinsippet til du Châtelet ein korrekt tanke om kinetisk energi i klassisk mekanikk, og er det første leddet i ei utvikling av Einstein sin ekvivalens for masse–energi.

Eit krater på planeten Venus har fått namn etter henne, og ho er emne for skodespelet Legacy of Light av Karen Zacarías. Operaen Émilie av Kaija Saariaho handlar om dei siste augneblunkane i livet til Emilie de Châtelet.[12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Emilie de Châtelet» frå Wikipedia på bokmål, den 9. november 2011.
  • Bodanis, David (2006): Passionate Minds: The Great Love Affair of the Enlightenment. New York: Crown. ISBN 0-307-23720-6.
  • Ehman, Esther (1986): Madame du Chatelet. Leamington Spa: Berg. ISBN 0907582850.
  • Hamel, Frank (1910): An Eighteenth Century Marquise: A Study of Émilie Du Châtelet and Her Times. London: Stanley Paul and Company. OCLC 37220247.
  • Mitford, Nancy (1999): Voltaire in Love. New York: Carroll and Graff. ISBN 0786706414.
  • O'Connor, John J.; Robertson, Edmund F.: «Gabrielle Émilie Le Tonnelier de Breteuil Marquise du Châtelet», MacTutor History of Mathematics archive, University of St Andrews.
  • Zinsser, Judith (2006): Dame d'Esprit: A Biography of the Marquise du Chatelet. New York: Viking. ISBN 0670038008 online review.
  • Zinsser, Judith & Hayes, Julie, (red.) (2006): Emelie du Chatelet: Rewriting Enlightenment Philosophy and Science. Oxford: Voltaire Foundation. ISBN 0729408728.
  1. Hamel, Frank (1910): An Eighteenth Century Marquise: A Study of Émilie Du Châtelet and Her Timest. London: Stanley Paul and Company. OCLC 37220247. Side 370. sjå òg Bodanis, David (2006): Passionate Minds: The Great Lóve Affair of the Enlightenment. New York; Det er mogleg at Voltaire henviste til at viss ho hadde vore ein mann ville den fatale graviditeten hennar ikkje ha fråteke verda ein stor intellektuell kapasitet.
  2. Bodanis, David (2006): Passionate Minds: The Great Lóve Affair of the Enlightenment. New York
  3. Zinsser (2006: 26–29)
  4. Hamel (1910: 286)
  5. Hamel (1910: 5)
  6. Andrew, Edward (2006): «Voltaire and hi sine female protectors». Patrons of enlightenment. University of Toronto Press. s. 101. ISBN 9780802090645.
  7. Zinsser (2006: 278)
  8. Mandic, Sasha: Emilie du Châtelet, Agnes Scott College
  9. Kommentarene som vart gjeven ut saman med markise du Châtelet si omsetjing av av Newton sin 'Principia', skjønt tilskriven i artikkelteksten her til du Châtelet, vart utvetydig tilskriven til Alexis-Claude Clairaut av J.-B. Delambre, astronomihistorikar, som skreiv:
    «Chastelet (marquise du). Hennar omsetjing av boka til Newton om Prinsipp, gjeven ut ti år etter hennar død, vart revidert av Clairaut som la til ein kommentar.» sjå
    J.-B. Delambre (1827): Histoire de l'astronomie au dix-huitième siècle: Paris (Bachelier) 1827 (posthum utgjeving redigert av Claude-Louis Mathieu).
    På side xx: «Chastelet (marquise du). Sa traduction du Livre des Principes de Newton, publiée dix ans après sa mort, a été revue par Clairaut qui y joignit un Commentaire.»
    På side 3: «En 1759 on vit paraître la traduction française de la marquise Du Châtelet, avec un Commentaire de Clairaut.»
  10. McLellan, James E; Dorn, Harold (2006): Science and Technology in World History: An Introduction. Baltimore, MD: Johns Hopkins University Press. s. 368. ISBN 0801883598.
  11. Zinsser (2006: 177)Ancestors of E=mc² Essay på Internett frå Public Broadcast Service, Arlington, VA
  12. Librettoen til Émilie (PDF)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Émilie de Châtelet