Éric Cantona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Éric Cantona
Eric Cantona Cannes 2009.jpg
Personleg informasjon
Namn Éric Daniel Pierre Cantona
Fødselsdato 24. mai 1966 (47 år)
Fødestad Marseille i Frankrike
Høgd 1,88 m
Posisjon Angrepsspelar
Ungdomsklubb
1981–83 AJ Auxerre
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1983–88
1985–96
1988–91
1989
1989–90
1991
1992
1982–97
AJ Auxerre
FC Martigues
Olympique Marseille
Girondins Bordeaux
Montpellier HSC
Nîmes Olympique
Leeds United
Manchester United
82 (23)
15 (4)
40 (13)
11 (6)
33 (10)
17 (2)
28 (9)
143 (64)
Landslag
1987–95 Frankrike 45 (20)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga .

Éric Daniel Pierre Cantona (fødd 24. mai 1966) i Marseille er ein fransk, tidlegare fotballspelar som vann meisterskapstitlar med dei fransk klubbane Olympique Marseille, Montpellier og engelske Leeds United og Manchester United. Han er mest kjend for si tid i Manchester United, der han var med på å vinne fire ligatitlar og to cupmeisterskap i løpet av fem år. Cantona vart rekna som ein svært sentral spelar då Manchester United på 1990-talet voks til eit storlag. Han var elles kjend for sitt hissige temperament.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Cantona debuterte for AJ Auxerre hausten 1983. Etter militærtenesta spela han ei tid for andredivisjonsklubben Martigues, før han gjekk tilbake til Auxerre. Vinteren 1988 var han suspendert i to månader etter ei farleg takling av Nantes-spelaren Michel Der Zarkarian.

Frå sommaren 1988 var Cantona knytt til Olympique Marseille. Under ein vennskapskamp mot Torpedo Moskva i januar 1989 reiv han av seg skjorta og kasta ho frå seg etter å ha vorte bytta ut. Klubben suspenderte han då i ein månad. Få månader tidlegare hadde han tala nedsettande om landslagstrenaren på fjernsyn. Våren 1989 spela Cantona for Girondins Bordeaux og 1989/90-sesongen gjorde han teneste for Montpellier HSC. Han spela ei viktig rolle då Montpellier vann den franske cupen

Cantona kom tilbake til Marseille, men vart ganske snart overført til Nîmes. I ein kamp i desember 1991 kasta han ballen på dommaren i protest, og det franske fotballforbundet dømde han til ein månads karantene. Cantona kalla kvar enkelt domsmedlem for idiot, og karantenen vart utvida til to månader. Cantona la då opp som fotballspelar.

Cantona vart overtala til å gjere comeback, og rådd til å flytte til England. Frå februar 1992 spela han i Leeds United, og hjelpte klubben til å vinne ligagull i sesongen 1991/92. Den 26. november 1992 vart Cantona overført til Manchester United for £1 200 000. I sin fyrste sesong for Manchester-klubben var han med å vinne ligameisterskapen, den fyrste for United sidan 1967. Også i 1994 sikra Manchester United seg seriemeistertittelen, og Cantona vart vald til årets spelar i engelsk Premier League. Laget spela seg fram til finalen i både Ligacupen og FA-cupen. Etter tap i Ligacupen, vart det 4-0 over Chelsea FC i FA-cupen, der Cantona skåra på to straffespark.

25. januar 1995, i ein bortekamp mot Crystal Palace F.C., sparka Cantona mot ein Palace-tilhengar, etter at Cantona var utvist frå bana. Under pressekonferansen etter kampen kom Cantona inn i rommet, sette seg ned og sa, sakte og gjennomtenkt: "Når måsane fylgjer etter fiskebåten er det fordi dei trur at det vil verte kasta sardinar i havet". Deretter reiste han seg og gjekk. Han vart dømd til 120 timars samfunnsteneste for sparket, og åtte månaders karantene av FA.

I 1996 vann Cantona sitt tredje ligameisterskap med Manchester United. Han vart matchvinnar i FA-cup-finalen mot Liverpool FC då han skåra kampens einaste mål etter 85 minutt. Cantona var kaptein sidan Steve Bruce var skadd, og vart den fyrste ikkje-brite som tok mot ein FA-pokal på vegen av klubben. Også i 1997 vann Manchester United ligatrofeet, leia på bana av kaptein Cantona. Etter sesongen 1996/97 la Cantona opp som profesjonell fotballspelar.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Cantona debuterte for Frankrike i 1987 og spela 45 landskampar og skåra 20 mål i tida fram til 1995. Han oppnådde ingen store suksessar med Frankrike sitt A-landslag, derimot var han viktig for ungdomslandslaget som i 1988 gjekk heilt til topps i europameisterskapen for U-21-laga.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Europameister 1988 for U-21-landslag med Frankrike
  • Fransk seriemeister 1989 og 1991 med Olympique Marseille
  • Fransk cupmeister 1990 med HSC Montpellier
  • Engelsk seriemeister 1992 med Leeds United
  • Engelsk seriemeister 1993, 1994, 1996 og 1997 med Manchester United
  • Engelsk cupmeister 1994 og 1996 med Manchester United

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]