Nîmes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nîmes
Horisonten til Nîmes
Byvåpenet til Nîmes
Byvåpenet til Nîmes
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Languedoc-Roussillon
Gard
Geografi
Flatevidd
 - By

161,85 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

144 600
  893/km²
Koordinatar 43°49′59″N 4°21′00″EKoordinatar: 43°49′59″N 4°21′00″E
Høgd over havet 39 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: www.nimes.fr
Plassering
Plassering av  Nîmes

Nîmes (oksitansk: Nimes) er ein by i Sør-Frankrike, og prefecture (hovudstad) i departementet Gard i regionen Languedoc-Roussillon. Byen har om lag 140 000 innbyggjarar. Nîmes har ein rik historie som går tilbake til Romarriket, og er eit populært turistmål.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen har fått namnet sitt frå Nemausus, «frå kjelda». Våpenskjoldet til Nîmes viser ein krokodille festa til ei palme med inskripsjonen 'COLNEM', som er ei forkorting for «Colonia Nemausus». Det er ein referanse til koloniane til dei romerske legionveteranane i Cæsar sine felttog ved Nilen. Etter 15 år som soldat, fekk veteranane eit lite stykke land dei kunne dyrke på slettene ved Nîmes. Nîmes vart ein romersk koloni om lag 50 fvt.

Nîmes låg langs Via Domitia, ein romersk veg konstruert i 118 fvt, og som knytte Italia til Spania. Keisar Augustus gjorde Nîmes til hovudstad i provinsen Narbonne. Augustus bygde 6 km lange festningsvollar rundt byen, forsterka med 14 tårn og portar, der to framleis står i dag. Byen hadde eit estimert folketal på 60 000. Det vart bygd både forum, basilika, eit gymnas og kanskje òg eit sirkus. Amfiteateret er frå 100-talet. Nîmes var ein svært rik by, og då Romarriket stod for fall mot slutten av 200-talet, vart byen stadig plyndra av vestgotarar, burgundarar og austgotarar.

Etter desse invasjonane, på 700-talet, vart byen okkupert av maurarar frå Spania, men i 754 gjorde Pipin den yngre slutt på okkupasjon. Nîmes var no berre ein skugge av den flotte byen han hadde vore i romartida. Byen kom så under karolingisk styre, som førte med seg fred. Føydaltida på 1100-talet var derimot meir uroleg, og byen vart styrt av innbyggjarane i byen, biskopen og fire konsular som sat i Maison Carrée. Louis IX av Frankrike klarte etter kvart å opprette eit styre i regionen som vart Languedoc, som då vart ein del av Frankrike.

Nîmes opplevde ei oppgangstid på 1700-talet, og folketalet auka frå 21 000 til 50 000, medan slummen vart bytta ut med nyare hus.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

I Nîmes finst fleire svært godt bevarte romerske leivningar:

Maison carrée i Nîmes
Nyare attraksjonar er
  • domkyrkja Saint Castor, som ifølgje tradisjonen ligg der templet for Augustus låg. Ho er delvis bygd i romansk samt gotisk stil.

I moderne tid har fleire vidkjende arkitektar fått oppført bygningar i Nîmes, m.a.

  • Norman Foster sin Carré d'art frå 1986, som er eit kunstmuseum og mediatek, bygd ovanfor det antikke Maison Carrée.
  • Jean Nouvel sin Nemausus, som er eit postmoderne bustadkompleks.
  • Kisho Kurokawa som har teikna ein bygning i same ellipseform som amfiteatret.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nîmes