Ímvros
| Ímvros Lokalt namn: Gökçeada |
|
|---|---|
| Geografi | |
| Stad | Egearhavet |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Øygruppe | Dei nordegeiske øyane |
| Areal | 279 km² |
| Administrasjon | |
| Land | Tyrkia |
| Provins | Çanakkale |
| Største busetnad | Gökçeada by (7 254 innb.) |
| Demografi | |
| Folketal | 8 875 (2000) |
| Folketettleik | 32 /km² |
Ímvros (gresk Ίμβρος, eldre tyrkisk İmroz), offisielt tyrkisk Gökçeada, er den største øya i Tyrkia og høyrer til Dei nordegeiske øyane i Egearhavet. Øya høyrer til provinsen Çanakkale og ligg ved inngangen til Sarosbukta nord i Egearhavet, og er òg det vestlegaste punktet i Tyrkia. Med eit areal på 279 km² har Ímvros nokre skogområde. [1]
Etter ei folketeljing i 2000 hadde Ímvros totalt 8 875 innbyggjarar.[2] I same folketeljing vart det rapportert at 7 254 av innbyggjarane bur i Gökçeada byr og 1 621 i dei andre landsbyane.[2] Hovudnæringa på Ímvros er fiske og turisme. Folkesetnaden er hovudsakleg tyrkisk, men det er framleis om lag 250 grekarar på øya. Eit stort tal grekarar har emigrert.
Øya er kjend for vingardane her og vinen dei produserer.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
[endre] I mytologien
I følgje gresk mytologi låg palasset til Thetis, mor til Akilles, kongen av Fthia, mellom Ímvros og Samothráki. Stallen til den vengja hesten til Poseidon skal ha ligge mellom Ímvros og Ténedos.
[endre] I antikken
I antikken var Ímvros i lag med Límnos i ein atensk klerukh, ein koloni med nybyggjarar frå Aten, men sidan innbyggjarar frå øya stod på listene over folk som betalte skatt til Aten, må det óg ha vore innfødde her. Dei opphavlege innbyggjarane på Ímvros var pelasgianarar. Miltiades erobra øya frå Persia etter slaget ved Salamis og ein koloni vart oppretta rundt 450 fvt., under det første atenske riket, og vart halde av Aten (med korte unntak) dei neste seks hundre åra. Ho kan ha vore sjølvstendig under Septimius Severus.[3]
[endre] Nyare tid
Før og kort tid etter den første verdskrigen var 97,5 % av folkesetnaden på Ímvros etniske grekarar. På grunn av den strategiske plasseringa nær Dardanellane ønska dei vestlege landa, og særleg Storbritannia, mot slutten av balkankrigane i 1913 at øya framleis skulle haldast av Det osmanske riket og at resten av dei egeiske øyane skulle verte avstått til Hellas.
I 1920 gjorde Sèvrestraktaten at øya vart gjeve til Hellas. Den osmanske regjeringa signerte, men ratifiserte ikkje avtalen, og vart styrta av den nye tyrkiske nasjonalistregjeringa til Mustafa Kemal Atatürk, med base i Ankara. Etter at den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922 enda med gresk tap gjekk dei vestlege nasjonane med på Lausannetraktaten med den nye tyrkiske republikken i 1923. Denne avtalen gjorde øya til ein del av Tyrkia, men ho fekk ein spesiell sjølvstyrt administrativ status på grunn av alle grekarane som budde her, og folkeutvekslinga mellom Hellas og Tyrkia på denne tida fann ikkje stad på øya.
Etter ei ny lov frå 1926 vart rettane til minoritetar i Tyrkia kalla tilbake, noko som var eit brot på Lausannetraktaten. Grekarane var fråtatt retten til sin ortodokse religion, i tillegg til at dei mista språklege og økonomiske rettar. Dei greske leiarane i Tyrkia skal «frivellig ha godtatt» dei nye lovene, men signaturane deira skal berre ha kome etter ordre frå politiet, og dei som ikkje ville signere vart sett i fengsel. Den greske regjeringa vende seg til rådet i Folkeforbundet, der dei fekk støtte, men Tyrkia vart ikkje kalla inn på teppet. I 1923 avsette Tyrkia det folkevalde styret på øya og i 1927 vart dei greske skulane lagt ned. I 1943 vart dei ortodokse metropolitanane på Ímvros og Ténedos arrestert, og landområda til dei ortodokse klostera vart konfiskert. Dette, og andre hendingar, førte til at grekarane emigrerte frå øya.
[endre] Population
[endre] Endring i foleksetnad på Ímvros
██ Turkish people ██ Greek people
| Town & Villages | 1927 | 1970 | 1975 | 1980 | 1985 | 1990 | 1997 | 2000 | ||||||||
| Çınarlı (Panaghia Balomeni) | - | - | 3578 | 615 | 3806 | 342 | 4251 | 216 | 767 | 70 | 721 | 40 | 553 | 26 | 503 | 29 |
| Bademli (Gliky) | - | - | 66 | 144 | 1 | 57 | 40 | 1 | 13 | 34 | 29 | 22 | 15 | 15 | 15 | 13 |
| Dereköy (Shinudy) | - | - | 73 | 672 | 391 | 378 | 319 | 214 | 380 | 106 | 99 | 68 | 82 | 40 | 68 | 42 |
| Eşelek | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | 152 | - |
| Fatih | - | - | - | - | - | - | - | - | 3962 | 45 | 4284 | 32 | 4135 | 21 | 4180 | 25 |
| Kaleköy (Kastro) | - | - | 38 | 36 | 24 | - | - | 128 | 94 | - | 105 | - | 90 | - | 89 | - |
| Şahinkaya | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | 168 | - | 107 | - | 86 | - |
| Şirinköy | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | - | 189 | - |
| Tepeköy (Agridia) | - | - | 3 | 504 | 4 | 273 | 2 | 193 | 1 | 110 | 75 | 2 | 2 | 39 | 2 | 42 |
| Uğurlu | - | - | - | - | - | - | - | - | 460 | - | 490 | - | 466 | - | 401 | - |
| Yenibademli | - | - | - | - | - | - | - | - | 416 | - | 660 | - | 628 | - | 581 | - |
| Yenimahalle (Evlampio) | - | - | 182 | 143 | 162 | 121 | 231 | 81 | 359 | 59 | 970 | 27 | 2240 | 25 | 2362 | 27 |
| Zeytinli (Aghios Theodoros) | - | - | 30 | 507 | 15 | 369 | 36 | 235 | 72 | 162 | 25 | 130 | 12 | 82 | 12 | 76 |
| TOTAL | 157 | 6555 | 3970 | 2621 | 4403 | 1540 | 4879 | 1068 | 6524 | 586 | 7626 | 321 | 8330 | 248 | 8640 | 254 |
Ref: Gökçeada Municipality official page
Ref: Changes in the demographic characteristics of Gökçeada
[endre] Fotnotar
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Imbros frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
- Oxford Classical Dictionary s. "Imbros"
- Loeb Classical Library Athenaeus.
- The struggle for justice : 1923-1993 : 70 years of Turkish provocation and violations of the Treaty of Lausanne : a chronicle of human rights violations; Citizen’s Association of Constantinople-Imvros-Tenedos-Eastern Thrace of Thrace. Komotini (1993)
- Tendensiøs nettside om tyrkarane si handsaming av grekarane på øya.
- Lausannetraktaten.
- Homer - Illiaden - Bok XIII