Øystein av ynglingeætta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Øystein av Ynglingeætta var konge over Romerike og Vestfold700-talet. Han var son av Halvdan Kvitbein, og gift med Hild, dotter hans Eirik Agnarsson i Vestfold. Han arva Vestfold av verfaren. Snorre fortel at Eirik var soneson av ein konge i Vendsyssel. Øystein er i røynda den andre kongen med dette namnet i ættelina. Den første er Øystein Adilsson.

Øystein fall i kamp med ein kong Skjold frå Varna, i dag Rygge. Snorre fortel at Skjold var trollkunnig. Øystein herja i Austfold, og kong Skjold hemna seg med å gjere hardt ver på Folden. Stormen bles Øystein over bord, og han drukna. Han er gravlagd i Borre.

Den eldste Noregshistoria frå 1170 fortel at Øystein hadde tilnamnet fjert. Her vert det óg fortalt at han vart slegen over bord, men dette hende i eit trongt sund, og Øystein vart slegen av spristaken på eit anna skip, og kom bort i bølgjene.

Ynglingatal fortel:

Men for seglbommen
stupte Øystein
og til brordotter hans Byleist fór.
På kanten av Rae
kviler han
den storgjæve kongen
under steinen gøymd.
Uvêrs-kald,
der kongen ligg,
Vadle-straumen
ut i viki renn.

Øystein var far til Halvdan den milde.

Halvdan Koht skriv:

Eystein Fjert: Tilnamnet finst elles berre hjå Are Frode. Tjodolv fortel at han vart gravlagd på rad-enden eller radkanten, attmed osen av Vadla-straumen; det har Alexander Bugge tenkt kunde vera meint um Vedelen, landtunga mellom Jeløya og Moss, der som Mosse-radet endar; men her finst ingen gravhaug, og det er vel rimelegast å tenkje på radet i Vestfold. Merkeleg er det elles at Tjodolv kallar Eystein «den gautske kongen». Norrøne Bokverk, fjerde band, note.

.