Halvdan den milde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Halvdan den Milde og Mat-ille var ein konge av Ynglingeætta, far til Gudrød Veidekonge og farfar til Halvdan Svarte. Han var son av kong Øystein av ynglingeætta.

Han sat som konge i Holtar, no Holtan i Borre, og er gravlagd der. Han var gift med Liv, dotter til kong Dag på Vestmar, i dag eigna kring Langesund. Namnet og gravstaden hans tyder på ei lekk til Danmark (Borrestil).

Halvdan skal ha vore konge tidleg på 800-talet, og den fremste kjelda på han skriv seg frå skalden Tjodolv frå Kvine, diktaren av Ynglingatal. Halvdan er óg nemnd i den eldste Noregshistoria, skriven kring 1170. I si omsetjing av denne, noterar Halvdan Koht:

Halvdan den milde... budde etter Tjodolv på garden Holtar og vart gravlagt på Borre, der det endå finst ei heil samling med store gravhaugar... No høyrer vi i frankiske krøniker, at i året 813 var det upprør på Vestfold imot dei danske kongane, og kanskje var det denne kong Halvdan som no gjorde Vestfold sjølvstendigt; Det kann vi ha eit minne um i at Tjodolv kallar mennene hans for "dei som vann siger" (Norrøne Bokverk,) fjerde bandet).

Etter dei frankiske årbøkene var det ættestrid i Danmark nett på denne tida, sidan kong Hemming nett var avliden, og sønene etter Godfred, kongen før, ikkje var komne til moden alder. I denne arvestriden, der far til Harald Klakk var innblanda, kan kongane i Vestfold ha nytta høvet til å gjera opprør mot Hedeby.