Świna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Świna
Swina og Austersjøen
Swina og Austersjøen
Utspring Stettiner Haff
Munning Austersjøen
Land i nedslagsfelt Flag of Poland.svg Polen
Lengd 16 km

Świna (tysk Swine; pommersk Swina) er ei elv i Polen som renn frå Stettiner Haff til Austersjøen mellom øyane Usedom og Wolin. Ho er ein del av elvemunningen til Oder, og fører om lag 75 % av vassmengda hennar (resten går gjennom Peenestrom (15 %) og Dziwna (10 %)). Ho har ei lengd på om lag 16 km. Świnoujście er ein by langs elva.

Det tyske keisarriket demma opp og gjorde elva djupare frå 1874 til 1880 for å lage Kaiserfahrt (Piastkanalen). Han er forbunde med den nordlege delen av Świna og går til Stettiner Haff og den pommerske hamna Szczecin. Elva var derfor ein viktig vassveg til denne industribyen. Området rundt elva vart overført frå Tyskland til Polen etter den andre verdskrigen.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.