2001: En romodyssé

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

2001: En romodyssé (engelsk: 2001: A Space Odyssey) er ein science-fiction-film frå 1968 med regi av Stanley Kubrick. Historia er delvis basert på ulike noveller av medforfattaren Arthur C. Clarke, særleg «The Sentinel» frå 1951. Clarke skreiv ein romanversjon som kom ut same året som filmen. Denne romanen voks etter kvart til den såkalla Space Odyssey-bokserien.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Filmen ber preg av å vera ein kunstfilm, noko som kan forklara at han har lite handling og dialog i store delar av filmen. Filmen tek til millionar av år i fortida med ei apestamme ute i ørkenen i Afrika. Her blir sjåaren vitne til at ein diger monolitt dukkar opp frå ingenting framfor dei forskrekka apane. Monolitten er sendt frå det ytre verdsrommet og gjev apane eigen intelligens og fantasi. I neste scene ser vi at apane har teke i bruk beinrestar som våpen medan dei slåst mot ei anna apestamme.

Deretter gjer filmen eit hopp fram i tid – til år 1999. Her møter vi astronauten Heywood R. Floyd (William Sylvester), som er på reise mot Månen. Ei astronautgruppe har nemleg funne ein monolitt på månen som sender mystiske signal opp mot Jupiter.

Den tredje og lengste delen i filmen utspelar seg i år 2001 i romskipet Discovery. Discovery har kurs mot Jupiter, der dei skal finna årsaka til signala. Kanskje er dei i ferd med å oppdaga liv utanfor Jorda? Leiaren av ekspedisjonen er den snakkande datamaskinen HAL 9000. Hal har kontroll over heile skipet, inkludert tre astronautar som ligg i dvale. Berre to av mannskapet ombord er i vaken tilstand; det er Dave (Keir Dullea) og Frank (Gary Lockwood). Dei oppdagar snart at ikkje alt er som det skulle vera – det er ein feil ved skipet, og dei blir sett i livsfare.

Lydspor og mottaking[endre | endre wikiteksten]

2001: En romodyssé er også kjend for lydsporet sitt, som understrekar den underliggjande bodskapen i filmen. I løpet av filmen høyrer ein Also sprach Zarathustra av Richard Strauss, An der schönen blauen Donau av Johann Strauss d.y., adagio frå balletten Gajané av Aram Khatsjaturjan og samtidsmusikk av György Ligeti. Filmen fekk ei heller lunka mottaking då han kom ut i 1968, men har seinare fått status som eit meisterverk. Særleg imponerande er det at filmen kom ut før månelandinga i 1969. Riktignok vann filmen ein Oscar for beste visuelle effektar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]