Aram Khatsjaturjan
| Aram Khatsjaturjan | |
![]() Aram Khatsjaturjan |
|
| Verkeleg namn | Aram Iljitsj Khatsjaturjan |
| Fødd | 6. juni 1903, Tbilisi i Georgia |
| Død | 1. mai 1978, Moskva i Russland |
| Instrument | Horn, Cello og piano |
| Periode | 1900-talet, Sovjetunionen |
| Sjanger | Folkemusikk frå Kaukasus og Armenia |
| Aktive år | 1925-1978 |
| Yrke | Komponist |
Aram Iljitsj Khatsjaturjan (6. juni 1903–1. mai 1978) var ein sovjetisk komponist av armensk ætt.
Innhaldsliste |
[endre] Biografi
[endre] Oppvekst
Aram Khatsjaturjan vart fødd i Tiflis (dagens Tbilisi i det noverande Georgia) i Sovjetunionen. Den armenske familien hans var fattig, og hadde flytt dit på jakt etter arbeid. Aram Khatsjaturjan fekk inga musikalsk utdanning i barndommen, men var tidleg oppteken av musikk og trente på å spela piano heime. Han lærte seg å lesa notar på internatskule, og spelte horn i studentkorpset på handelsskulen. Då Armenia vart erklært som sovjetisk republikk i 1920, blei han også med i eit propagandatog som bestod av armenske og georgiske musikarar som reiste rundt i Armenia.
[endre] Studie
Som foreldra ynskte, søkte han seg inn på Universitetet i Moskva som biologistudent i 1921. Storebroren var ein profilert mann innan teatermiljøet i byen, og tok Aram med på teaterprøvar og -førestillingar. Dette gjorde så sterkt inntrykk på han at han forlét biologistudia og søkte om opptak ved Gnesin musikkskule i 1922. Han kom ikkje inn på fyrstevalet, klavér, men i celloklassen, noko som var oppsiktsvekkjande i og med at Khatsjaturjan ikkje hadde noka formell musikalsk utdanning. Han vart med tida ein dyktig cellist.
Etter kvart fekk Khatsjaturjan stadig aukande interesse for komposisjon, og han fekk i 1925 lov til å flytta over til komposisjonsklassen. Komposisjonslæraren ved skulen, Mikhail Gnesin, forstod kva slags talent som låg i den unge Khatsjaturjan, og kalla han ein «uslipen diamant». Gnesin oppmuntra han til å halda fram med å nytta den kulturelle bakgrunnen sin i komposisjonen, og tøyla han samtidig til å meistra satsteknikkar. Framgangen var strålande. På tilråing frå Gnesin søkte Khatsjaturjan og kom inn på komposisjonsstudiet ved Konservatoriet i Moskva i 1929. Han studerte orkestrering under Sergej Vasilenko, og etter eitt år kom han inn i komposisjonsklassa til Nikolaj Mjaskovskij. Desse studia resulterte i hans fyrste symfoni, det fyrste verket som nokonsinne har kombinert symfoniske prinsipp med transkaukasisk folkemusikk. Symfonien vart ein suksess ved uroppføringa, og Khatsjaturjan mottok sitt diplom med heidersframsyning.
[endre] Komponist
Aram Khatsjaturjan vart uteksaminert frå konservatoriet i 1934. Han gifte seg med komponisten Nina Makarova, ei dame av Mari-folket som også hadde studert komposisjon under Mjaskovskij. I dei komande åra produserte Khatsjaturjan fleire større verk som oppnådde internasjonal merksemd, fyrst og fremst klaverkonserten hans (1936), fiolinkonserten (1940), balletten Gajané (1942/43), symfoni nr. 2 (1943/44) og cellokonserten (1946). Samtlege av verka vidarefører den folkloristiske linja frå fyrste symfonien.
Khatsjaturjan vart nestformann i Moskvaavdelinga i det sovjetiske komponistsambandet i 1937, og i 1939 vart han nestformann i Organisasjonskomitéen av sovjetiske komponistar. Organisasjonsarbeidet førte også til mindre tid til å arbeida med musikk. Senere kom han til å tilbringa stadig meir tid på reisefot rundt i verda for å dirigera sine eigne verk. Men i denne tida oppnådde han også ein av sine største suksessar ved oppføringa av balletten Spartakus (1954).
I 1948 vedtok dei sovjetiske styresmaktene den såkalla Zhdanov-doktrinen, som la ei hard hand på sovjetisk kulturliv. Ein av konsekvensane av doktrinen var at dei tre komponistane Dmitri Sjostakovitsj, Sergej Prokofjev og Aram Khatsjaturjan vart stempla som «formalistiske» i musikken sin og «anti-populære», og vart tvungne til å be om offentleg orsaking. Khatsjaturjan sjølv meinte seg urettmessig handsama av styresmaktene. Seinare mildna likevel tonen frå styresmaktene mot Khatsjaturjan, som mottok mangfaldige prisar og utmerkingar m.a. tittelen Sosialistisk arbeidshelt i 1973.
[endre] Død og ettermæle
Khatsjaturjan døydde i Moskva den 1. mai 1978, nær 75 år gamal. Han vart gravlagd i Jerevan i Armenia, der han i dag er ein heidra komponist. Det står eit monument over han i byen, og Nasjonalfilharmonien i Armenia er oppkalla etter han. I 1998 vart han også avbilda på armenske pengar.
[endre] Musikk
Aram Khatsjaturjan komponerte 3 symfoniar (1934–35, 1942, 1947), 2 klaverkonsertar (1936, 1968), éin fiolinkonsert (1940), éin cellokonsert (1946), ballettane Gajané (1942) og Spartakus (1954), korverk, filmmusikk, klavermusikk, kammermusikk og songar. Khatsjaturjan hadde ei oppriktig tru på sosialrealismen, og veik aldri langt frå prinsippet om at musikk skal vera forankra i det nasjonale og folkelege. I dei seinaste verka hans ligg det likevel tendensar til eit dristigare tonespråk. Han komponerte med originale harmoniar, eksotiske rytmar og fargerik orkestrering.
[endre] To kjende verk
Dei to mest kjende musikkstykka hans i dag er den viltre sverddansen frå balletten Gajané og Adagio for Frygia og Spartakus frå balletten Spartakus. Adagio-stykket vart kjend for å vera kjenningsmelodien til BBC-serien Onedinlinjen, som vart sendt på britisk fjernsyn i 1970-åra. Serien gjekk også på NRK i 1974 - 1975, noko som vidare spreidde Khatsjaturjan sin musikk. Musikkstykket har også vore brukt i filmen 2001: En romodyssé, filmen Caligula og Istid 2.
Khatsjaturjan komponerte også nasjonalsongen til den armenske sosialistiske sovjetrepublikken.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen byggjer på Aram Khatsjaturjan frå Wikipedia på bokmål den 23. august 2011.
- Denne artikkelen byggjer på Aram Khachaturian frå Wikipedia på engelsk den 23. august 2011.
- Store Norske Leksikon om Aram Khatsjaturjan.
